Hopp til innhold

Svineinfluensa på 4H-leir

Ei 15 år gammal jente som deltek på den nordiske 4H-leiren på Breim i Gloppen er smitta av svineinfluensa.

4H leir i Breim

1700 ungdommar frå 15 nasjonar er samla til nordisk 4H-leir på Breim. Dette biletet er frå onsdag kveld.

Foto: Steinar Lote / NRK

Jenta er frå Sørlandet. Torsdag melde ho frå om at ho hadde fått feber. 15-åringen vart umiddelbart undersøkt av lege, prøvar vart tekne og ho vart isolert frå leiren. Prøveresultatet vart ferdig fredag, og syner at jenta er smitte av svineinfluensa.

Les: - Jenta har det bra

Les: Smitta jente: - Eg er ikkje redd

Jenta skal ha vore på ferie på Kypros nyleg, men det er uvisst om ho har hatt smitten med seg derifrå. Fleire av dei som no er isolerte er fram same fylke som jenta.

20 isloerte

1700 ungdommar frå 15 nasjonar er samla på leiren som vert avslutta over helga. Leiren føregår på Norsk Fjordhestgard på Breim, men fredag besøkte deltakarane fleire kommunar i Sogn og Fjordane.

Same dag som jenta melde frå om influensa-liknande symptom, fekk fleire andre deltakarar feber og vart isolerte. 4H skriv i ei pressemelding at dette gjeld 20 personar klokka 22 fredag kveld. Personane som er i alderen 14-20 år er no innlosjerte på ein skule i nærleiken og får oppfølging av helsepersonell.

- Vi har teke prøvar av desse også. Vi ventar svar på prøvene på laurdag, seier informasjonsansvarleg i 4H, Beate Patay, til NRK.

Høg feber og oppkast

Ho fortel at deltakarane har meldt om høg feber, muskelsmerter, hovudverk og oppkast.

Men tilstanden til verken 15-åringen eller dei andre isolerte er kritisk.

- Det er ikkje dramatisk. Ingen er kritisk sjuke og alle har god allmenntilstand. Ingen har heller ikkje hatt behov for sjukehusbehandling, seier Patay til NRK.

- Ingen har utvikla sjukdom og fleire er allereie feberfrie. Situasjonen vert følgt nøye opp av smittevernlegen i Gloppen som har løpande kontakt med Folkehelseinstituttet, heiter det i ei pressemelding frå 4H.

- Reknar de med at fleire vil verte smitta?

- Vi følgjer utviklinga spent vidare. Vi har jo vore ute på tur til kommunane og site tett saman på bussar. Men vi håpar at vi ikkje skal få fleire påviste tilfelle av svineinfluensa.

Ikkje overraska

Fylkeslege Petter Øgar seier at det ikkje er uventa at influensaen blomstrar opp på leirar som dette.

- Det er ikkje veldig overraskande at ein ungdomsleir som dette er ein stad der smitte vert spreidd, spesielt med tanke på at viruset no finst på så mange stader i Europa og verda generelt, seier han til NRK.

Han ber foreldra ikkje vere urolege for borna sine.

- Dei som har blitt sjuke influensaliknande symptom, har ikkje blitt alvorleg sjuke. Mange av dei som hadde feber i går, er alt feberfrie, seier Øgar.

Reknar med fleire smitta

Sjølv om svara på prøvene av dei andre ungdommane ikkje var klare fredag kveld, reknar fylkeslegen det som sannsynleg at dei har svineinfluensa.

- Når unge, friske menneske får slike symptom om sommaren, er det snakk om svineinfluensa, seier Øgar til NTB.

- Set dempar på stemninga

Alle deltakarane på leiren er orienterte om situasjonen. Deltakarane vert bedne om å unngå nærkontakt med kvarandre, samstundes som dei vert minna om at god handhygine er viktig. Alle som får influensaliknande symptom vert og bedne om å melde frå.

Patay seier at melding om svineinfluensa set sitt preg på leiren.

- Det er tristt at dette skjer. Leiren er ei hending som deltakarane har gleda seg til og den legg sjølvsagt ein dempar på stemninga. Utbrotet fører også til at vi må gjere endringar i programmet som gjer at leiropplevinga ikkje vert den same.

Avlyser ikkje leiren

Ifølgje Patay og fylkeslegen er det ikkje aktuelt å avlyse leiren så lenge ein greier å handtere sjukdomstilfella. Ifølgje Øgar har ein kapasitet til å isoloere opptil 50 personar.

- Vi følgjer råda frå helsestyresmaktene, seier Patay.

4H gjer no nødvendige endringar i leirprogrammet for å avgrense smittespreiinga mest mogleg. Mellom anna blir Open dag på søndag avlyst. Andre endringar blir fortløpande vurdert.

- Vi kan ikkje ta imot gjestar i leiren slik situasjonen er no, seier Patay.

Det er oppretta ein beredskapstelefon som pårørande kan ringe. Tlf.nr. hit er 57 86 83 15.