Hopp til innhold

Ny dom kan opne for at narkolepsi-ramma Simon (14) får erstatning

Minst 72 personar fekk påvist søvnsjukdommen narkolepsi etter å ha teke vaksine mot svineinfluensa i 2009. No kan ein ny dom gjere at fleire av dei som vart sjuke kan få erstatning.

Jon og Simon Sundby

HÅPAR PÅ ERSTATNING: Simon Sundby (14) fekk narkolepsi-diagnosen for fire år sidan. No vil far Jon Sundby prøve å få erstatning frå NPE for yngstesonen.

Foto: Jan Gulliksen / NRK Vestfold

Over 2,2 millionar nordmenn blei vaksinerte under det store utbrotet av svineinfluensa som herja i slutten av 2009 og byrjinga av 2010.

Fleire av dei som tok vaksinen, vart ramma av søvnsjukdommen narkolepsi. I 2017 stadfesta Folkehelseinstituttet at vaksinen gav ein auka risiko for å utvikle sjukdommen.

Dei siste ti åra har Norsk Pasientskadeerstatning (NPE) betalt ut millionar av kroner til personar som blei sjuke av vaksinen.

Men i dei over 200 sakene som gjaldt narkolepsi, fekk 86 personar avslag på søknaden om erstatning. I mange av tilfella er årsaka at sjukdommen braut ut meir enn to år etter at vaksinen blei gitt.

I ein ny dom frå Aust-Agder tingrett har retten lagt vekt på at Pasientskadenemnda ikkje har klart å påvise nokon annan sannsynleg årsak til at kvinna i 60-åra utvikla narkolepsi.

Retten meiner derfor at kvinna hadde rett på erstatning, sjølv om symptoma kom gradvis fleire år etter at ho tok vaksinen.

Nyleg slo også Oslo tingrett fast i ein annan dom at ei kvinne som vart ramma av ein liknande sjukdom kalla hypersomni, hadde rett på erstatning.

Øynar nytt håp

Familiefar Jon Sundby frå Tønsberg er blant dei som i lys av dommen vil forsøke å få erstatning på vegner av sin yngste son.

Familien har tre barn som alle fekk ein alvorleg sjukdom etter å teke vaksinen mot svineinfluensa.

Begge sønene fekk påvist narkolepsi, men berre den eldste av dei har fått erstatning frå NPE.

Familien valde å ikkje søke om erstatning til yngstesonen Simon, ettersom han fekk diagnosen meir enn to år etter at han tok vaksinen. Dei rekna derfor med å få avslag på søknaden grunna toårsregelen til NPE.

No har dommen frå Agder sett alt i eit nytt lys.

– Den opnar for at ein kan få erstatning, sjølv om det har gått meir enn to år frå ein fekk vaksinen. Det gir moglegheiter for vår son, som fekk diagnosen seinare, seier Sundby.

NRK har vore i kontakt med fleire andre personar som no vurderer å gjere eit nytt forsøk på å få erstatning etter å ha blitt sjuke av massevaksineringen for ti år sidan.

Millionar i erstatning

Sidan dei første sakene dukka opp i 2009, har Norsk Pasientskadeerstatning (NPE) utbetalt i alt 359 millionar kroner til nordmenn som har blitt sjuke etter å ha teke vaksinen.

37 millionar kroner har gått til personar i Vestland fylke, kor det er meldt inn 88 saker totalt. Av desse har 17 fått medhald og 67 fekk avslag.

Arild Sørensen

AVVENTANDE: Arild Sørensen i Søvnforeningen Bergen og Hordaland håpar dommen vil få ringvirkningar for dei som ikkje har fått erstatning etter å ha blitt sjuke av svineinfluensavaksinen.

Foto: Paul André Sommerfeldt / NRK

Lokallagsleiar Arild Sørensen i Søvnforeningen Bergen og Hordaland håpar dommen skal gjere at fleire av ofra no får ei oppreising.

– Vi lever i håpet, men trur ingenting før vi står med eit vedtak i den enkelte sak. I mange tilfelle krev det både tid og ressursar å få orden på dette.

Pregar kvardagen

Å leve med søvnsjukdommen er ikkje berre enkelt for ein aktiv 14-åring, fortel Jon Sundby.

– Han må ta ein stor neve med ganske sterke medisinar kvar dag. I tillegg må han sove tre gonger om dagen. Det er ikkje særleg bra for eit ungt menneske.

Ifølge Helsenorge er det ikkje mogleg å bli frisk frå sjukdommen, men mange kan greie seg bra med tilpassing og riktig behandling.

NPE meinte heilt fram til i fjor at det ikkje var grunnlag for erstatning viss ikkje symptoma brøyt ut innan åtte månadar etter at ein hadde fått vaksinen.

Ny forsking har ført til at dei no har endra praksisen og at tidsvindauget for når symptoma kan vise seg er utvida.

Jon og Simon Sundby
Foto: Jan Gulliksen / NRK Vestfold

NPE: – Vi har vurdert riktig

Men sjølv om fleire no er optimistiske, meiner NPE at dommen frå Agder ikkje er prinsipiell og dermed ikkje påverkar saker som allereie er avslutta.

– Vi meiner at dei avgjerda vi har gjort i desse sakene, er riktige, seier avdelingsdirektør Anne-Mette Gulaker.

Ho legg til at NPE alltid må vurdere om ny forsking eller nye dommar gjer at dei må sjå på saker som allereie er avslått på nytt.

– Men inntil slike dommar kjem, meiner vi det er snakk om konkrete vurderingar i den enkelte sak. Vi er derfor trygge på dei vurderingane vi har gjort.

Pasientskadenemnda stadfestar overfor NRK at dei ikkje valde å anke dommen, ettersom dei ikkje trur den vil skape presedens for andre saker.

Anne-Mette Gulaker

TRYGG PÅ VURDERINGANE: Avdelingsdirektør Anne-Mette Gulaker meiner ikkje dommen frå Agder gjer det naudsynt å gå gjennom avslutta saker på nytt.

Foto: NPE

Stor betydning

Jon Sundby trur yngstesonen vil kunne få eit langt betre liv dersom han får erstatning, slik broren hans fekk.

Familien vil som eit første steg fylle ut søknadsskjema og sende til NPE.

– Eldstesonen har fått ordna seg ein plass å bu og kan vere trygg på at dei bitane er på plass. Men for han yngste, som ikkje har fått erstatning, stiller det seg heilt annleis. For han er føresetnadane langt dårlegare, seier Sundby.