Hopp til innhold

Slik rammar nye koronatiltak studentane

Fleire universitet har i dag hatt krisemøte for å diskutere korleis studentane skal gjennomføre eksamen.

Eksamen ved NTNU sitt anlegg på Sluppen i Trondheim.

EKSAMENSPERIODE: Studentar i Trondheim har eksamen ved NTNU sitt anlegg på Sluppen.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Eg merkar at det er færre folk på skulen etter at dei nye innstrammingane kom i går, seier Daniel Roth (23).

Vi møter han på Dragvoll i Trondheim saman med Torstein Snekvik (21). Dei to studentane er glade for at dei berre har heimeeksamenar igjen i år.

– Det er greitt å sleppe å møte opp i eit fullstappa eksamenslokale rett før eg skal reise heim til jul, seier Snekvik.

Studentar ved Dragvoll. Daniel Roth ( til h. 23) studeterer samfunn og idrettsvitskap ved NTNU og Torstein Snekkvik (21 til v.).

Torstein Snekvik (21) og Daniel Roth (23) studerer samfunn og idrettsvitskap ved NTNU.

Foto: Johannes Børstad

Bekymra for at inngripande tiltak vil vare lenge

Tiltaka regjeringa innførte i går skal vare i fire veker.

Omikron er eit stort slag i trynet på allereie sårbare grupper som studentar. Viss tiltaka blir langvarige, er det uforsvarleg å få ein reprise av vinteren 2021, seier leiar i Studenttinget ved NTNU, Andreas Knudsen Sund.

Sund vil at det skal vere høg terskel for å innføre digital undervisning, og «ekstremt høg terskel» for å stengje campus heilt.

Studentane må ha ein stad å arbeide, og dei må ha sosiale møteplassar. Viss ikkje vil dei negative effektane pandemien har hatt på utdanninga til studentane og deira psykiske helse blir forverra.

Han fortel at fleire no føler seg utrygge og at dette har endra seg dei siste dagane

Det har vore ein betydeleg auke i talet på av studentar som er svært bekymra. Då dreier det seg aller mest om frykt for å smitte sårbar familie, men også om å måtte feire jul i karantene.

Andreas Knudsen Sund, leder av Studenttinget NTNU. Bosatt i Trondheim.

Studentleiaren ved NTNU, Andreas Knudsen Sund.

Foto: STUDENTTINGET NTNU

Slik blir eksamen ved NTNU

– Leiinga hos oss vil trenge dagen for å avklare kva dei vil bety reint praktisk både for studentar og tilsette, seier Jan Erik Kaarø, kommunikasjonsrådgivar ved NTNU.

Når det gjeld gjennomføring av fysisk eksamen så har universitetet allereie innført fleire smitteverntiltak.

For eksempel står alle pultar med minst ein meter avstand.

Onsdag kveld varsla NTNU at alle eksamenar går som planlagt denne veka.

Universitetet vil komme tilbake med informasjon om smitteverntiltak og resten av eksamensperioden så snart som mogleg.

Slik blir eksamen ved Oslo Met

– Oslo Met vil gjennomføre eksamen digitalt der det er fagleg forsvarleg og praktisk gjennomførbart, seier fungerande prorektor ved Oslo Met, Silje Bringsrud Fekjær.

Dei bruker dagen i dag til å finne ut korleis dette skal løysast praktisk.

I dei emna der det er fagleg forsvarleg og praktisk mogleg legg Oslo Met om til heimeeksamen.

I morgon har for eksempel over halvparten at kandidatane våre fått omgjort sin fysiske skuleeksamen til heimeeksamen, seier Fekjær.

Resterande eksamenar med fysisk oppmøte blir gjennomført med strenge smitteverntiltak.

– Vi har sørgt for tidlegare innslepp, slik at studentane ikkje treng å stå i kø på veg inn i eksamenslokalet.

For enkelte av eksamenane deira vil det vere utfordrande å få til ei digital løysing.

– Dersom desse ikkje kan gjennomførast fysisk vil dei måtte utsetjast, noko som kan skape utfordringar for studieprogresjonen, seier Fekjær.

Fungerende prorektor ved Oslo met, Silje Bringsrud Fekjær.

Fungerande prorektor ved Oslo Met, Silje Bringsrud Fekjær.

Foto: Oslomet

Slik blir eksamen ved UIT

UIT planlegg å gjennomføre alle planlagde eksamenar, også dei som krev fysisk oppmøte, fortel rektor Dag Rune Olsen til NRK.

– Dei er i stor grad allereie planlagt som heimeeksamenar og vil derfor kunne avviklast som planlagt, seier han.

Nokon eksamenar er derimot fysiske, slik som nasjonal sjukepleiareksamen.

– Dei skal vi greie å halde på ein god og forsvarleg måte. Det skal studentane kunne føle seg trygge på, seier rektoren ved UIT.

Ved studentparlamentet i Tromsø er leiar Victor Zimmer bekymra.

– Vi bekymrar oss veldig for effekten av slike tiltak, spesielt dersom dei blir langvarige, seier han.

Det gjer også rektoren ved universitetet.

– Dersom smitten aukar og/eller det nye viruset ikkje viser seg å vere forbunde med lågare sjukdomsrisiko, ventar vi meir inngripande tiltak og som då klart kan ha negative konsekvensar for undervisninga og studentane våre, seier Olsen.

Ny rektor

Rektor ved UIT, Dag Rune Olsen.

Foto: Eivind Senneset, Universitetet i Bergen

Slik blir eksamen ved UIB

– Vi følgjer til ein kvar tid dei råd som kjem frå myndigheitene, både lokalt og nasjonalt. Det er ingenting der som tilseier at vi skal gjere noko med eksamen, seier Pinar Heggernes, prorektor ved UiB.

Dei to siste vekene av eksamenssesongen, mellom 7. og 21. desember, er totalt 6099 kandidatar meldt opp til fysiske eksamenar ved universitetet.

Heggernes kallar eksamenane som dei har flytta frå sal til digitale heimeeksamenar under pandemien ei naudløysing.

Den største salen som UiB brukar til å gjennomføra eksamen, tek i underkant av 140 kandidatar. For å sikra trygg gjennomføring, har universitetet mellom anna tilrettelagt med puljevis innslepp, god avstand og god lufting.

– Og sjølvsagt skal ein ikkje møte opp om ein har luftvegssymptom, seier Pinar Heggernes.

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo

Foto: Dina Johnsen / NRK

Slik blir eksamen ved UiO

UiO har no innført eigenmelding til fysisk eksamen, og studentane kan derfor få utsett eksamen ved sjukdom. Studentane blir oppfordra til å halde seg heime og teste seg ved symptom, også dersom man er fullvaksinert, fortel rektor ved UiO, Svein Stølen.

Universitetet held lesesalane og biblioteka opne, men kapasiteten på lesesalane blir halverte for å vareta avstandskrav.

Ein stor del av våre eksamenar er digitale, men nokon vil finne stad fysisk, då det ikkje er mogleg å omgjere alle eksamenar til forsvarlege digitale eksamenar raskt, seier Stølen til NRK.

Rektoren meiner situasjonen no kanskje er mest krevjande for tilreisande studentar.

Eg oppfordrar alle til å passe litt ekstra på seg sjølv og sine nærmaste i tida som kjem, seier han.