Hopp til innhold

Vraka forslag om munnbindpåbod på offentlege arrangement

Kommunedirektøren i Trondheim ville innføre munnbindpåbod på offentlege arrangement, men møtte motstand i formannskapet onsdag ettermiddag.

Tre ungdommer i Trondheim med munnbind, ei jente og to gutter. De sitter i en sofa.

MUNNBIND: Trondheim kommune vidarefører munnbindpåbod på kollektivtransport.

Foto: Philip Næs / NRK

Tysdag kveld kom det nye nasjonale koronatiltak. Den smittsame omikronvarianten har gjort det nødvendig. Vi er no tilbake til einmetersregelen og nasjonal skjenkestopp ved midnatt.

Formannskapet i Trondheim kommune var samla i ettermiddag. Spørsmålet var om kommunen kom til å innføre eigne, lokale tiltak i tillegg til det regjeringa presenterte på gårsdagens pressekonferanse.

Forvirring rundt munnbindpåbod

Formannskapet valde å gå lenger på eit par punkt som ikkje var dekt i den nasjonale forskrifta.

– Eg vart overraska over at regjeringa slo ganske hardt til med tiltak. Sjølv om vi har omikronvarianten gåande, er det store lokale variasjonar. Lokale myndigheiter handterer dette bra, sa kommunalråd Erling Moe (V) under formannskapsmøtet.

I den nasjonale forskrifta skal ein bruke munnbind om ein ikkje kan halde ein meter. I Trondheim si lokale forskrift skal ein uansett bruke munnbind på kollektivtransport og i drosje.

– Vi vil gjere det enklare for publikum å forstå at det er eit påbod. Det har vore litt forvirring knytt til dette, fortel kommunedirektør Morten Wolden.

Kommunen har i tillegg ei lokal anbefaling om å avgrense fritidsaktivitetar dersom ein er i same husstand som ein person med påvist koronasmitte. Dette gjeld i sju dagar frå den smitta fekk symptom eller vart påvist smitta, uavhengig av om ein er vaksinert eller har symptom.

Vedtar formannskapet i Trondheim kraftigere innstramninger?

VEDTOK LOKALE REGLAR: Sjå opptak frå onsdagens formannskapsmøte i Trondheim kommune her.

– Ein glipp i nasjonale smittevernreglar

Ifølge kommunedirektøren vart mange av dei lokale tiltaka dekt opp av dei nasjonale.

– Vi fekk anbefaling frå kommuneoverlegen om å innføre påbod om munnbind på offentlege arrangement. Vi ser det er ein glipp i dei nasjonale smittevernreglane. Det er eigentleg litt pussig, meiner han.

Kommunalråd Marte Løvik (Sp) meiner ein bør halde seg til dei nasjonale reglane på dette feltet.

– Dersom ein klarar å halde ein meter er det OK å ikkje ha munnbind, seier ho.

I førre forskrift frå 24. november skjerpa kommunen munnbindpåbodet til å gjelde på kjøpesenter og i butikkar i tillegg til i kollektivtrafikken.

Trondheim kommune vidarefører no dette munnbindpåbodet. Men forslaget om å ha munnbindpåbod på offentlege arrangement vart vraka.

– Eg er ikkje skuffa. Det er ein smitterisko der, men vi tek til etterretning at politikarane ynskjer det annleis, sa Wolden til NRK etter møtet.

Ny smitterekord nasjonalt

Ifølge fylkeslege Vaage er det berre to kommunar i Trøndelag som ikkje har hatt smitte i løpet av dei siste to vekene: Osen og Tydal.

– Det har vore ganske stabilt i Trondheim dei siste dagane, men vi ser at det er veldig mykje smitte i andre kommunar i fylket, fortel han.

Onsdag vart det igjen sett rekord for nye koronasmitta registrert i Noreg på eitt døgn: Heile 5.143 nye smitta.

– Dei nasjonale tiltaka er veldig kraftige. Mykje kraftigare enn det vi hadde anbefalt. Vi er i ein litt anna situasjon i Trondheim. Smittetala flatar ut, opplyser Wolden.

Uvaksinerte koronapasientar i yngre aldersgrupper

151 personar fekk påvist koronaviruset i Trondheim tysdag. 62 av dei smitta er under 20 år. 24 personar er no innlagde med viruset på St. Olavs hospital. Fire av desse får intensivbehandling.

– Det er ei bekymring. Vi har fleire koronapasientar innlagde på sjukehus i Trøndelag no enn vi har hatt tidlegare i pandemien. Det er eit stort trykk, seier Vaage til NRK.

Han opplyser også om at sjukehusa har ein del koronapasientar i yngre aldersgrupper som er uvaksinerte.

Så langt under pandemien har 21 personar døydd av koronaviruset ved St. Olavs hospital. I Helse Nord-Trøndelag har fire pasientar døydd av viruset.

– Eit tidsspørsmål

Fylkeslegen er uroleg for omikronvarianten av koronaviruset.

– Vi er sjølvsagt alle saman urolege for konsekvensane av omikron og kva det vil føre til, sidan vi veit så lite foreløpig.

Han meiner det berre er eit spørsmål om tid før omikronvarianten spreier seg i Trøndelag.

Tysdag vart det meldt om eitt tilfelle i fylket, men det viste seg å vere vanskeleg å spore.

– Med det potensialet for spreiing som det ser ut til at dette viruset har, så kan vi berre gløyme at det ikkje skal komme til Trøndelag. Vi får håpe tiltaka er tilstrekkelege for å bremse opp litt, seier han.

Jan Vaage

BEKYMRA: Fylkeslege i Trøndelag, Jan Vaage, seier det berre er eit spørsmål om tid før den smittsame omikronvarianten av koronaviruset spreier seg i fylket.

Foto: Stein Roar Leite / NRK