Hopp til innhold

Her vil kommunen byggje basketballhall – bygda har aldri hatt lag

I 40 år har innbyggjarane kjempa for handballhall. No vil kommune og lokalpolitikarar byggje ein hall bygda ikkje vil ha.

Håndballhall på Bangsund

SKAL BYGGJAST: På denne tomta skal idrettshallen byggjast. Anten det blir ein handballhall eller basketballhall.

Foto: Espen Sandmo / NRK

Oppdatering torsdag 17.11.2022: Torsdag formiddag sa Namsos-politikarane ja til å byggje ein idrettshall med plass til handballbane. Vedtaket var einstemmig.

– Vi har aldri hatt basketballag verken på Bangsund eller i Namdalen elles. Så det er uaktuelt for oss å få ein hall med berre plass til ein basketbane, seier leiar for foreldreutvalet ved Bangsund skole, Tor Erik Bjerkestrand.

Sidan 1980-talet har dei nærare 1000 innbyggjarane ønskt seg ein idrettshall med handballbane.

Handball og fotball er dei viktigaste idrettane i bygda, og idrettslaget såg endeleg fram til at hallen skulle bli bygd.

– Ja, vi har venta lenge på ein idrettshall. Men så oppdaga vi at det ikkje var ein handballbane kommunen ville byggje. Men ein bane tilpassa basketball, seier leiar for idrettslaget, Lene Bjørlykke Olufsen til NRK.

Tor Erik Bjerkestrand og Lene Bjørlykke Olufsen på Bangsund

Tor Erik Bjerkestrand og Lene Bjørlykke Olufsen vil ikkje ha basketballhall på Bangsund.

Foto: Espen Sandmo / NRK

Sju mil til næraste basketballag

Næraste basketballklubb er i Steinkjer, 70 kilometer unna.

– Då får dei heller la vere å byggje ein hall, og heller pusse opp gymsalen på skulen. Der er det jo mogleg å spele basketball og minihandball frå før, seier Bjerkestrand.

Namsos kommune meiner dei har nok av idrettshallar med handballbanar i kommunen.

Av den grunn vil dei ikkje bruke over 70 millionar kroner på ein slik type hall. Ein hall med basketballbane blir over 20 millionar kroner billigare, ifølgje utrekningane til kommunen.

Les også Elevene trosset kommunen – demonstrerte før skjebnemøte

Skoledemonstrasjon i Namsos

Kan ikkje hugse snakk om basketballbane

– Det kan ikkje stemme. Forskjellen i banestorleik er ikkje så stor, meiner Bjerkestrand.

For ordens skuld måler ein standard handballbane 20x40 meter, medan ein basketballbane er 15x28 meter.

– I eitt og eit halvt år har vi jobba med planen for idrettshall på Bangsund saman med kommune, råd og foreiningar. Men eg kan ikkje hugse at vi nokon gong har snakka om ein hall med berre plass til ein basketbane, seier Lene Bjørlykke Olufsen i idrettslaget.

Les også Kolstad har starta reisen mot Mesterligaspill i 2024

Kolstad

Jostein Grimstad, kommunedirektør i Namsos

Kommunedirektør Jostein Grimstad meiner det blir mykje billigare å byggje ein hall for basketball, enn ein handballhall.

Foto: Ole Morten Melgård / Namsos kommune

– Lågare kostnader

Men kommunedirektør Jostein Grimstad forsvarer innstillinga om basketballhall. Han seier den vil bli billigare enn ein handballhall og meir fleksibel i bruk enn dagens gymsal.

Namsos-politikarane skal endeleg avgjere saka førstkommande torsdag.

Både i ulike råd, utval og formannskap har politikarane gått inn for idrettshall med basketballstorleik på grunn av forskjellane i kostnadene.

– Vi meiner talgrunnlag og utrekningar er heilt feil. Derfor lever vi i håpet om at politikarane vil snu, og gi oss ein hall der både unge og vaksne kan spele handball og fotball, avsluttar Tor Erik Bjerkestrand.

Les også Dette bygget tyskerne under krigen – nå skal alt kartlegges

Torpedobatteri i Namsenfjorden i Namsos