Hopp til innhold

Kjærastepar i Trondheim jobbar på kvar sin Michelin-stjernerestaurant

Even (20) ropa så stemma svikta då det blei kjent at Fagn fekk Michelin-stjerne. Like etter kom beskjeden om at Credo også fekk, der kjærasten hans jobbar.

Hanna Wiborg (19) og kjærasten Even Strandbråten Sørum

MICHELIN-PAR: Hanna og kjærasten Even var med på å få Michelin-stjerne denne veka, på to forskjellige restaurantar i Trondheim.

Foto: Helene Solheim / NRK

– Det blir jo litt konkurrering mellom oss. Vi tullar litt viss «den eine slår den andre», men vi heiar på kvarandre.

Hanna (19) og kjærasten Even (20) bur saman i ei leilegheit i Trondheim. Dei møttest då han jobba på gourmetrestauranten Statholdergaarden i Oslo, som også har Michelin-stjerne. Hanna var nemleg utplassert der:

– Vi bestemte oss for å ta ein kaffi saman, også har det utvikla seg til noko fint, seier ho, medan ho ser bort på kjærasten.

To år seinare er begge med på å få Michelin-stjerne, på to forskjellige restaurantar i Trondheim. Det vart både jubel og tårer.

Nordisk Michelin Guide offentliggøres

TO STJERNER: Både Fagn og Credo sørga for at Trondheim denne veka fekk sine aller første Michelin-stjerner. Heidi Bjerkan på Credo er den første norske kvinnelege kjøkkensjefen som blir med i den nordiske guiden.

Foto: Mikkel Berg Pedersen / Ritzau Scanpix / NTB scanpix

Eksplosjon i bordbestillingar

Even har jobba eit år på restauranten Fagn, som opna i 2017.

– Det var jubling og skriking. Eg var veldig nervøs, og kaldsveitta heile dagen, seier han, med ganske hås stemme.

Han er på veg ut døra. Det er ekstra viktig å komme seg på jobb no. Bordbestillingane raste inn etter Michelin-utdelinga måndag.

Hanne Wiborg på Credo

FEIRING: Dei tilsette var samla både på Fagn og Credo under utdelinga. Seinare på kvelden reiste Sørum til Credo for å feire saman med kjærasten.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Hanna er ferdig som lærling hos Credo om eit lite halvår. Begge stortrivst på jobben, og skryt av eit veldig ungt arbeidsmiljø.

– Men vi er litt lei av å lage mat når helga kjem, så det skjer at vi mekka ei Toro-gryte heime.

Mange møtast på jobb eller skule

Andreas Løes Narum, som er psykolog og parterapeut for Parweb, opplev at mange treffast på same måte som kokkeparet. Han seier at dette ofte slår ut positivt:

– Det er veldig fint å når man har same type fagfelt. Då kan ein snakke meir om jobben fordi ein forstår kvarandre betre. Mange som kjem til meg har møttest på jobb eller skule.

Hanna Wiborg (19) og kjærasten Even Strandbråten Sørum (20)

KOKKEPAR: Hanna møtte kjærasten Even på ein restaurant i Oslo. Han jobba som kokk der då ho skulle ha utplassering.

Foto: Helene Solheim / NRK

Forsking viser blant anna at sjansen for å bli saman aukar dess lenger ein studerer saman.

Ifølgje Legeforskningsinstituttet er for eksempel nesten halvparten av legar under 35 år saman med ein lege.

– Men kan det vere negativt?

– Viss ein jobbar i restaurantbransjen kan det bli vanskeleg med tanke på ungar fordi begge jobbar kvar kveld. Det same gjeld for eksempel for helsepersonell som jobbar turnus. Då må ein av dei gje opp karrieren dersom ein byrjar å tenke på barn, seier Narum.

Hanna Wiborg (19) og kjærasten Even Strandbråten Sørum (20)

HEIMELAGA BRUS: Paret fortel at det er kjekt å lage mat saman.

Foto: Helene Solheim / NRK

Fagn og Credo er til inspirasjon

Heldigvis trenger ikkje det unge paret i Trondheim å bekymre seg for ungar og slikt heilt endå.

Planane framover går i reising, men draumen er å opne eigen restaurant ein dag. På spørsmål om dei kjem til å starte opp saman blir dei litt flaue:

– Det er litt tidleg å sei enda. Det er veldig fint å jobbe med same faget fordi vi skjønnar kvarandre så godt.

Paret ler og ser på kvarandre. Begge vil uansett jobbe med å utvikle seg i kokkefaget, og kanskje får dei ei heilt eiga Michelin-stjerne ein dag?

– Det hadde vore vanvittig kult. Sjefane våre på Fagn og Credo er til stor inspirasjon, og dei er absolutt førebilete for oss.

Katten til Hanna Wiborg, fra Fannremgården

CREDO-PUS: Hanna har fått Leo (1) frå Fannremsgården, som er ein av dei lokale produsentane til Credo.

Foto: Helene Solheim / NRK

Denne artikkelen ble endret 25.februar 2021 ved at etternavnet til de intervjuede personene ble fjernet etter eget ønske om anonymisering.