Hopp til innhold

Leiar i Trondheim Ap må gå: – Partiet riv seg sjølv i fillebitar

Gunn Elin Høgli må gå av som leiar av Trondheim Arbeidarparti etter mistillitsforslag. Ho og fleire i partiet legg skulda på Trond Giske.

Leder Gunn Elin Høgli i Trondheim Ap fikk mistillitsforslag mot seg. Hun tapte kampen og måtte gå av som leder. En partikollega holder hånden over skulderen til Høgli og støtter henne ut av møteområdet.

MÅ GÅ: Gunn Elin Høgli går av som leiar for Trondheim Arbeidarparti med ei trøystande hand over skuldra frå partikollega.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Det er eit shitshow. Det er heilt vilt det som har skjedd her inne. Partiet riv seg sjølv i fillebitar.

Slik beskriv politisk redaktør i Adresseavisen, Siv Sandvik, situasjonen i Trondheim Arbeidarparti.

Gunn Elin Høgli måtte fredag gå av som leiar i Trondheim Arbeidarparti. Det skjer etter at Østbyen arbeidarlag​ fremma mistillitsforslag.

På årsmøtet fredag stemte 83 for, medan 60 stemte mot.

Etter nederlaget gjekk Høgli på talarstolen​​​​​​.

22. mai fekk eg ein telefon frå leiar i Nidaros, Trond Giske, med beskjed om at eg var tilhengar av AUF og at eg var illojal til partiet, seier Høgli, som la til at Giske skal ha sagt at ho skulle kastas på et ekstraordinært årsmøte.

Gunn Elin Høgli på årsmøtet til Trondheim Arbeiderparti. Trond Giske i bakgrunnen.

Gunn Elin Høgli seier Trond Giske ringde ho i mai for å seie at ho var illojal mot partiet. Det nektar Giske for.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Giske: Høgli snakkar ikkje sant

– Eg synest sånne prosessar alltid er vond og vanskeleg, men nokon gonger må du ha eit nytt team, seier Trond Giske etter at Høgli har gått av.

Han seier Høgli si framstilling ikkje stemmer.

Vi har nok hatt våre usemjer og vi har jobba tett saman på lag. Men her var det medlemmene i Trondheim arbeidarparti som sa at vi trengde ei ny leiing, ny giv og ny retning.

I haust mista Arbeidarpartiet makta i Trondheim etter tjue år.

– Er det Høgli som skal stå ansvarleg for det dårlege valet i Trondheim?

– Nei, det er eit kollektivt ansvar, men vi må jo tenke framover, seier Giske.

Giskes lokallag Nidaros demokratiske forum støtta Høgli da ho blei vald for eit år sidan. No har dei snudd. Giske forklarar dette med resultata det siste året.

– Det er sjølvsagt alltid vondt når ein skal gjere personval.

Ny leiar blir vald på laurdag, men Giske avviser at han ynskjer å bli leiar. Fleire i partiet påstår derimot at Giske har ein finger med i spelet når det gjelde mistillitsforslaget. På spørsmål om detta svarar han at Nidaros er eit stort lokallag.

– Det var ikkje vi som foreslo detta forslaget mot den sitjande leiaren, men vi tar jo også stilling til det som kjem opp på eit årsmøte.

Gunn Elin Høgli på årsmøtet til Trondheim Ap.

Høgli på veg ut av lokalet med tårer i auga etter at ho måtte gå av som leiar for Trondheim Ap.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Sjølv meiner Høgli at ho får skulda for å vere urokråka i partiet.

– Eg trur eigentleg det dreier seg om at partiet ønsker å få ro og ser at me har slite i mange år. Ein ser kanskje at det er eg som er den urokråka, men eg trur det hadde kome til å skje uansett, seier ho på veg ut av årsmøtet.

Skuldar på Giske

Det er ikkje berre Høgli som trekker fram at Trond Giske står bak mistillitsforslaget.

Fleire i partiet har gjeve uttrykk for at nettopp Giske har noko med leiarstriden i partiet å gjere.

Ei av dei som har uttalt seg kritisk til Giske er Trude Basso i Trondheim Ap.

– No var det nok for oss. Nok er nok. Ein kan seie ting sjølv eller ein kan jobbe strategisk og langsiktig for å få det som ein vil. Det er ikkje greitt, seier Basso.

Ho beskreiv situasjonen til Adresseavisen som om partiet lever i nåde fordi Giske har ambisjonar for seg sjølv.

Eg er ganske lei av den politiske kjeklinga.

Det seier Giske rett før årsmøtet i Trondheim Arbeidarparti startar fredag.

Fleire synest heile prosessen har vore kaotisk og uryddig fordi det har blitt diskutert i det offentlege.

– Det som er uryddig er at ein tar debattane i media og ikkje her i salen, seier Giske.

Lokallaget Giske er leiar for, Nidaros sosialdemokratisk forum, stiller seg bak forslaget om at årsmøtet skal velje ny leiar for 2024.

Årsmøte Trondheim Ap, Trond Giske sitter på et bord og snakker med en kvinne med ryggen til.

Ei konflikt mellom Trond Giske og leiar av Trondheim Arbeidarparti, Gunn Elin Høgli, skal vere årsaka til at det nå er reist mistillitsforslag mot sistnemnde.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Ganske alvorleg

Partisekretær i Arbeidarpartiet Kjersti Stenseng, var lite imponert over lokallaget fredag kveld.

Det er ganske alvorleg for Trondheim Ap når persondiskusjonar og konfliktar openberr blir oppladinga til eit veldig viktig årsmøte.

Ho seier det er trist å lese om konfliktane i media, og ber alle respektere usemje både i politikk og personar.

Også håpar eg at det som har skjedd no blir ein vekker for dei, og at vi kan bruke denne helga til å kome oss styrka vidare.

Intern konflikt tatt i det offentlege

På årsmøtet kritiserer fleire medlemar i partiet korleis intern uro og konflikt har blitt tatt i det offentlege. Ein av dei er Emil Raaen.

Eg ønsker meg ein organisasjonskultur som drøfter vanskelege saker internt, og at me opptrer så ryddig i prosessane våre at det ikkje er noko å skrive om, seier han frå talarstolen.

Emil Raaen på årsmøtet i Trondheim Arbeiderparti

– Eg meiner i utgangspunktet at gode debattar om både folk og politikk skal me så langt det er mogeleg ta internt, seier Emil Raaen.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Etter at mistillitsforlaget til Høgli blei kjent i media blei også eit internt notat Raaen sende til fleire i partiet publisert.

«Eg har for egen del ingen opplevelser med Gunn Elin som er av en slik art at ho fortjener årsmøtets mistillit. Jeg har tvert imot opplevd god støtte gjennom hele valgkampen»

– Det eg prøver å seie er at eg synest det er viktig og verdifullt å ha ordentlege prosessar når ein skal byte leiar. Det handlar både om dei leiarane som skal gå av og dei leiarane som skal gå på, forklarar Raaen til NRK.

Sjølv synest Høgli det er rart at det kjem mistillitsforslag mot henne når ho ikkje er på val.

Mistillitsforslag

Det starta med at leiaren i Trondheim Arbeidarparti, Gunn Elin Høgli, fekk ein telefon frå leiar i valkomiteen om å vurdere å trekke seg.

Men Høgli hadde ikkje tenkt til å trekke seg.

– Her står eg og her står eg støtt, sa ho før møtet.

Så kom mistillitsforslaget.

Gunn Elin Høgli, leder i Trondheim Arbeiderparti på årsmøtet 2024.

Det er varsla at det skal bli stilt mistillitsforslag til leiar Gunn Elin Høgli på årsmøtet i Trondheim Arbeidarparti.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

«Østbyen arbeidarlag ønsker en demokratisk avklaring og vårt verkemiddel i situasjonen er å fremme et mistillitsforslag.» står det i forslaget.

Dei ville velje ein ny leiar under årsmøtet i helga.

– Eg har registrert det som skjer, eg kjem hit og er ikkje på val. Eg blei vald for to år. Det er mitt utgangspunkt, og noko anna det veit eg ikkje.

Det seier Gunn Elin Høgli til NRK i forkant av årsmøtet.

Ho blei vald som leiar av Trondheim Arbeidarparti i fjor med lokallaget til Giske i ryggen.

Men no meiner fleire at Giske trekker i trådane og jobbar i kulissane for å få ho vekk.

Les også Gunn Elin Høgli er ny leder i Trondheim Arbeidarparti

Gunn Elin Høgli Ap Trondheim

– Me treng vaksne i partiet

Styremedlem Sara Shafighi fortel til NRK at mistillit ikkje har vore eit tema i dei aller fleste lokallaga i Trondheim Ap.

Sara Shafighi.

– Det har til tider vore krevjande i styret. Eg har også til tider vore ueinig, men det har eg tatt internt. Slik beskriv Sara Shafighi året i styret i Trondheim Ap med Høgli som leiar.

Foto: Oscar Sandø

– Dei fleste laga har tillit til styret i partiet, seier Shafighi.

Ho meiner ein skal ha respekt for vedtaket frå årsmøtet i fjor om Høgli som leiar og la ho stå ut perioden sin på to år.

– Det er graverande ting som kjem opp dagar før årsmøtet.

Trondheimspolitikaren legg til at ikkje alt er perfekt i partiet, men at det skal dei klare å rydde opp internt.

– Då treng me nok vaksne i partiet som er med på å skape ein god partikultur, med tryggleik og som er føreseieleg, legg ho til.

Les også Mener det er krise i Ap – slik vil Giske få velgerne tilbake

En engasjert Trond Giske sitter på en stol og snakker,. Han holder den ene hånda inn til kroppen, mens han beveger ivrig den andre