Hopp til innhold

Bia er på størrelse med ei humle – oppdaga i Noreg for aller første gong

NTNU-forskar beskriver insektet som ein liten interiørarkitekt.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Den nye arten som er oppdaga i Noreg, blir kalla snikkarbia (Xylocopa violacea). Ho er blant Europas aller største bieartar, om ein ser bort frå humlene.

Insektet er svart med mørke venger. Det har ein blåaktig, metallisk fiolettglans, forklarer førsteamanuensis ved NTNU Vitskapsmuseet, Frode Ødegaard.

– Det er eit veldig spektakulært insekt, seier han.

Snekkerbie i Hellas.

Dette eksemplaret er fotografert i Hellas. Her ser ein tydeleg den blålilla fargen på vengene.

Foto: Stanislav Krejčík / Wikimedia commons

På størrelse med ei humle

Arten kan bli meir enn 2,5 centimeter lang, og er på størrelse med ei humle. Snikkarbie-slekta er normalt utbreidd i middelhavsområdet, der det finst åtte artar totalt. Men ein av desse driv stadig og flyttar seg lenger nord.

Ho skal allereie vere godt etablert i Tyskland, Polen, Belgia og England.

– Og no driv ho og pushar på endå lenger nord, seier Ødegaard.

Han synest det er overraskande at ein har oppdaga arten i Noreg.

– Ja, eg blei overraska. For eg hadde ikkje trudd at ho skulle komme hit så fort. Sidan dei lever i død ved, kan han ha blitt frakta langt via menneske. Men dei kan også fly langt for eiga maskin, seier han.

Ei av årsakene til at arten stadig bevegar seg lenger nord, kjem sannsynlegvis av endring i klimaet. Men det kan også vere ein kombinasjon av fleire faktorar.

Les også Unikt funn av gullveps i Norge

Gullveps: Chrysis parabrevitarsis, sporegullveps.

Sat i vindaugskarmen

I Danmark er snikkarbia funnen ti gonger, og i Sverige tre gonger. No i sommar vart ho for aller første gong oppdaga i Noreg – i Holmestrand.

Og han som gjorde oppdaginga var Michael A. Gerhardsen.

– Det var i førebuing av at vi skulle få gjestar at han vart oppdaga. Det skulle støvsugast, og då sat ho i vindaugskarmen.

Gerhardsen ropte på sambuaren for å få ei vurdering på kva dette kunne vere.

– Ikkje noko vi hadde sett før, så eg sette eit glas over han. Den levde under glaset til dagen etter, og deretter tok eg kontakt med ein ekspert på insekt.

Etter kvart vart bia send til Trondheim og til Frode Ødegaard.

Snekkerbie funnet i Holmestrand.

Her er snikkarbia i vindaugskarmen i Holmestrand. Den skal ha vore på størrelse med dei største humlene i Noreg.

Foto: Michael Gerhardsen

Les også Gro Marie var ute og trimmet da hun så den svært sjeldne arten i fjæra

Månefisk i Lysøysund, Bjugn

– Som ein liten interiørarkitekt

NTNU-forskaren seier dei er usikre på om snikkarbia vil komme til å klare seg i Norden, då ho er tilpassa eit heilt anna klima.

– I starten forventar vi at det er eksemplar som prøver seg nordover, men at spreiingsfronten i Europa flyttar seg sakte, men sikkert mot nord.

Namnet snikkarbie har arten fått på grunn av at ho lever i dødt treverk, ròten ved eller hole tre. Og ho grev ut eit kammer til larvane sine.

– Dette kammeret ordnar bia veldig fint for larvane sine, som ein liten interiørarkitekt. Dei er nesten som fuglar, for dei matar og fostrar opp ungane sine, forklarer Ødegaard.

Men er det ein bra ting at desse svære biene etablerer seg her til lands?

Frode Ødegaard

Frode Ødegaard er førsteamanuensis ved NTNU, Vitskapsmuseet der han som forskar jobbar med ei rekkje problemstillingar innan artsmangfald og bevaringsbiologi hos insekt både i Noreg og internasjonalt.

Foto: Liv Ødegaard

Positivt eller negativt?

– Dette er jo pollinatorar som vil hjelpe til med pollinering i ei verd der vi ser at dette går tilbake. Sånn sett er det positivt. Samtidig er dette ein ny art som vi ikkje veit korleis tilpassar seg den faunaen vi har frå før.

– Men det er ikkje noko som tyder på at dette er negativt, seier insektforskaren.

Og kanskje det aller viktigaste spørsmålet – i alle fall for oss som fryktar stikk frå veps og bier: Er det vondt eller farleg å bli stukke?

– Dei har stikkbrodd som dei fleste bier. Og dei kan stikke. Men dei er ikkje aggressive i det heile. Dei vil sky menneske. Eg har aldri høyrt om nokon som har vorte stukke av ei snikkarbie, seier Frode Ødegaard.

Les også Kun én eneste grad kan endre en hel art

Fjellfiol