Store mengder kvikksølv i kveite: No vil dei utvide forbodssone

Havforskningsinstituttet ber om at forbodssona mot å fiske kveite i eit havområde utanfor Trøndelag og Nordland blir utvida.

Video DRONNINGA I DYPET - TRAILER2

FOR HØGT GIFTNIVÅ: Ei ny undersøking viser at det framleis er for høge nivå av kvikksølv i kveite på Ytra Sklinnadjupet, ute i havet vest for nordlege Trøndelag og sørlege Nordland.

Forbodet mot kveitefiske på Ytre Sklinnadjupet kom i oktober 2017.

– Myndigheitene stengde området for kveitefiske. Dette var fordi vi fann høge nivå av kvikksølv og enkelte organiske miljøgifter i kveite, informerer forskar Bente Nilsen ved Havforskningsinstituttet til NRK.

Ei ny undersøking viser at det framleis er for høge nivå av kvikksølv i kveitene i dette området. Det ligg i havet utanfor Trøndelag og Nordland.

Det er ikkje grunnlag for å opne havområdet for kveitefiske att – snarare tvert i mot. Det kan vere behov for å utvide det.

Kan anbefale stenging

Nokre av kveitene med for høge nivå av miljøgifter er nemleg tekne like utanfor området som er stengt.

– Vi anbefaler at myndigheitene vurderer om grensa for området bør justerast, slik at det dekker heile området der vi fanga kveite med for høge verdiar, seier Nilsen.

Det var like høge nivå i kveitene som blei tekne utanfor grensene.

– Vi har vore i dialog med Mattilsynet som vil utarbeide ei anbefaling til Fiskeridirektoratet. Basert på denne anbefalinga vil vi vurdere utviding av det stengde området, skriv seniorrådgjevar Anne Marie Abotnes i Fiskeridirektoratet i ein e-post til NRK.

Havforskningsinstituttet presiserer at nivåa er betydeleg lågare langs kysten av Trøndelag og Nordland enn ute i sjølve forbodssona.

Video Dronninga i dypet - trailer3

PÅ HAVBOTNEN: Kveita lever på og langs havbotnen. Kveita er den største av flyndrefiskane og den største fiskearten i norsk farvatn.

Foto: Nyhetsspiller

For mykje kvikksølv

I 2019 blei det fanga 93 kveiter frå både det stengde området og fem kontrollområde. Det vart gitt dispensasjon frå Fiskeridirektoratet for å gjere nye undersøkingar.

No er kveitene analysert ved Havforskningsinstituttet.

Det kjem fram at kveitene frå dette området framleis inneheld for mykje kvikksølv og organiske miljøgifter.

– Det er derfor ikkje grunnlag for å oppheve fiskeforbodet, fastslår Nilsen og held fram:

– Særleg nivået av kvikksølv var svært høgt. Heile 53 prosent av kveitene i dette området hadde høgare nivå enn grenseverdien for kveitefilet.

Området på Ytre Sklinnadjupet, ute i havet vest for nordlege Trøndelag og sørlege Nordland

FORBODSSONE: Området som er stengt for kveitefiske er markert med ein svart femkant. Dette er på Ytre Sklinnadjupet, ute i havet vest for nordlege Trøndelag og sørlege Nordland. Heile kartet viser posisjonane der kveitene blei fanga.

Foto: Havforskningsinstituttet

Finn ikkje forureiningskjelda

Kvifor har kveitene frå dette området så høge nivå av miljøgifter? Heilt sidan fiskefeltet blei stengt har både forskarar og miljømyndigheiter jobba med å finne svar.

Så langt har dei ikkje lukkast.

Fleire avisartiklar i Aftenposten sette fart på spekulasjonar om at gifta i kveiten stamma frå dumping frå skip på 1970-talet. Miljødirektoratet meinte at den ikkje gjorde det. Likevel anbefalte dei å undersøke verdiane ytterlegare.

Miljødirektoratet har brukt store ressursar på å finne ut om det er forureining i området.

Også Havforskningsinstituttet har lenge leita etter svar.

– Vi har sett på om forskjellen i miljøgifter kan forklarast med naturlege årsaker som fiskestørrelse, feittinnhald eller fiskens diett. Ingen av desse faktorane kan forklare dei store forskjellane, seier Nilsen.

Bente Nilsen, forskar ved Havforskningsinstituttet

HAVFORSKNINGSINSTITUTTET: Forskar Bente Nilsen og Havforskningsinstituttet ber myndigheitene vurdere å utvide grensene for området som no er stengt fordi kveiten er full av miljøgifter.

Foto: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Havforskningsinstituttet har tidlegare undersøkt prøver frå området, samla inn i perioden 1999-2018. Desse viser for høgt nivå av kvikksølv i delar av Sklinnadjupet aust for det stengde fiskefeltet.

Ei lokal forureiningskjelde kan vere ei mogleg forklaring. Det er likevel uklart om det kan forklare dei høge nivåa av kvikksølv i kveite.

– Vi har foreløpig ingen god forklaring på kvifor nivåa av miljøgifter er så høge i kveiten i dette området, men vi kjem til å følgje opp desse funna vidare, lovar Nilsen.

NRK Trøndelag akkurat nå