Hopp til innhold

Drapssikta blir sittande i varetekt

Ein 18 år gamal mann, som er sikta for å ha drepe 15 år gamle Oda Moe i Skaun, blir sittande i varetekt til rettssaka.

Oda Moe

15 år gamle Oda Moe blei funnen drepen ved travbana i Børsa i Skaun.

Foto: Gøril Klemetsen

Sør-Trøndelag tingrett bestemte i ettermiddag at 18-åringen skal sitte i varetekt fram til rettssaka startar 7. januar 2010

– Etterforskinga av drapet i Skaun blir ferdig denne veka, men motivet for ugjerninga er framleis uklart, seier etterforskingsleiar og lensmann i Skaun, Arve Nortvedt til NRK.

Ein månad sidan

Det er i dag ein månad sidan 15 år gamle Oda Moe blei funnen kvelt ved travbana i Børsa i Skaun.

15-åringen kom dit i bil saman med 18-åringen som no er sikta for forsetteleg drap. Han tilstod same natta, etter at han blei arrestert på Oppdal.

Rundt 20 vener, bekjente og andre som kunne ha nyttige opplysingar i saka, er avhøyde i løpet av månaden som er gått.

Uklart motiv

Motivet for drapet er framleis uklart for politiet. Ifølgje obduksjonsrapporten blei 15-åringen ikkje utsett for seksuelle overgrep.

Det næraste ein har kome fram til i dei to avhøyra av den sikta mannen, er at han skal ha hatt eit ønske om å drepe nokon.

Mykje tyder på at jenta difor blei eit tilfeldig offer. Om 18-åringen i staden kan bli tiltalt for overlagt drap, er framleis uvisst.

Undersøkt av rettspsykiatar

Den 18 år gamle mannen har blitt undersøkt av rettspsykiatrar for å finne ut om han var tiltrekneleg.

Sikta har delvis sitte i varetekt i fullstendig isolasjon, etter krav frå politiet. No er det ikkje lenger fare for at bevis kan gå tapt.