Hopp til innhold

Drapssikta blir sjekka av rettspsykiatarar

To rettspsykiatarar skal vurdere den psykiske helsetilstanden til mannen som er sikta for å ha drepe Oda Moe i Skaun.

Skaun

Drapet skjedde her ved travbana i Børsa i Skaun.

Foto: NRK

Den sikta 18 år gamle mannen har tilgang på helsebistand i fengselet.

I tillegg er det oppnemnt to rettspsykiatarar som skal gjennomføre ein judisiell observasjon av han og vurdere den psykiske helsetilstanden hans.

– Dei jobbar med samtalar og testar av sikta. I tillegg har det sjølvsagt tilgang til dokumenta i saka. Vi ventar ein rapport frå dei først i desember, seier konstituert lensmann i Skaun, Arve Nordtvedt, til NRK.

Hadde lyst å drepe

Politiet veit framleis ikkje kva som var motivet for drapet på 15 år gamle Oda Moe i Skaun 1. november.

Ifølgje fleire aviser er det mykje som tyder på at 15-åringen blei eit tilfeldig offer for eit planlagt drap.

Fredag i førre veke blei 18-åringen avhøyrd på nytt. Dette var det andre avhøyret av han sidan drapskvelden. Ifølgje politiet har dei ikkje konkrete planar om nye avhøyr.

– Vi vil vurdere ettekvart om det er grunnlag for å avhøyre han fleire gonger, seier Nordtvedt.

På mandag uttalte politiet at dei ikkje ville be om vidare isolasjon av 18-åringen. Det var ikkje lenger fare for at bevis skulle gå tapt.

Utvider ikkje siktinga

Politiet har denne veka gjennomført åtte-ni nye vitneavhøyr, utan at det har komme fram opplysingar som har kasta nytt lys over saka.

Ifølgje konstituert lensmann er det ikkje akutelt å endre siktinga frå forsetteleg drap til overlagt drap.

– Om rettspsykiatarane finn ut at han ikkje var tilrekneleg i gjerningsaugneblinken, så vil det ha verdi for ein eventuell tiltale, seier Nordtvedt.

Det er statsadvokaten som tek ut ei tiltaleavgjerd til slutt.

– Kva statsadvokaten vil gjere med tanke på ei tiltaleavgjerd veit ikkje vi. Han vil byggje tiltalen på dei opplysingane som har komme fram i løpet av saka, seier Nordtvedt.