– Han har erkjent at han står bak drapet han er sikta for, seier 18-åringens forsvarar, advokat Torfinn Svanem til NRK Trøndelag.
18-åringen har i avhøyr med politiet i natt kome med opplysingar som underbyggjer det han er sikta for, opplyste fungerande lensmann i Skaun, Arve Nordtvedt, då han orienterte om saka på ein pressekonferanse ved Sentrum politistasjon i Trondheim mandag føremiddag.
– 18-åringen er sterkt nedfor og prega av det han har gjort. Han er også svært nedfor på grunn av konsekvensane for hans eigne pårørande og jenta sine pårørande, seier mannens forsvarar, Torfinn Svanem.
Han legg til at guten framstår som heilt vanleg, noko som gjer hendinga svært uforklarleg.
Blei meldt sakna
Jenta blei meldt sakna av foreldra sine søndag kveld og funnen drepen av politiet klokka 2330.
Kort tid etter at jenta blei meldt sakna fekk politiet ei bekymringsmelding knytta til 18-åringen som no er sikta fror drapet. Desse to meldinga hadde ikkje noko med kvarandre å gjere i utgangspunktet.
Av omsyn til etterforskinga vil ikkje politiet seie noko om innhaldet i bekymringsmeldinga.
Artikkelen held fram under bildet.
Den 15 år gamle jenta, som blei drepen i Skaun, blei funnen i området ved travbana i Børsa.
Foto: Tor Aage Hansen / NRKRundt klokka 2200 blei bilen til den sikta sett på Oppdal og klokka 2246 blei 18-åringen tatt av politiet utan dramatikk.
Ifølgje politiet var det undersøkingar i bilen som førte etterforskarane til travbana i den sikta sin heimkommune.
Var kjærastar
Det er grunn til å tru at gjerningsmann og jenta kjente kvarandre, seier politiet.
Ifølgje kjelder NRK Trøndelag har vore i kontakt med, skal dei to ha vore kjærastar.
Politiet trur at jenta er heimehøyrande i Skaun kommune, men ho er ikkje identifisert enno.
– Vi har ikkje sikker identifikasjon på offeret enno, men trur vi veit kven det er. Det er ei 15 år gamal jente frå Skaun, opplyste politiet på pressekonferansen.
Forsetteleg drap
18-åringen meldte ikkje seg sjølv, men politiet fekk ei bekymringsmelding frå nokon, og politiet observerte bilen på Oppdal. Bilen var då etterlyst av politiet.
Politiet trur at drapet skjedde mellom klokka 1800 og 1900 ved travbana i Skaun. Jenta er drepen utandørs og politiet veit ikkje om det var nokon som såg då drapet skjedde.
18-åringen er sikta for forsetteleg drap. Han er tidlegare ustraffa. Han har fått oppnemt advokat Torfinn Svanem som forsvarar.
Politiet vil vidare følgje opp detaljar i forklaring.
Elev ved ungdomsskulen
En 15 år gamle jenta var elev i 10. klasse ved Skaun ungdomsskole.
Der blei det flagga på halv stong då elevane kom til skulen i morgontimane. Politiet var tilstades og orienterte elevane om det som hadde skjedd i løpet av natta.
Verken elevar, lærarar eller rektor ønskjer å kommentere det som har skjedd.
Artikkelen held fram under bildet.
Flagget vaia på halv stong ved Skaun ungdomsskole der jenta var elev.
Foto: Tor Aage Hansen / NRK– Skrekkeleg
Innbyggarane i Skaun vakna til den tragiske nyheita mandag morgon. Ordføraren blei varsla om drapet klokka 0230 i natt.
– Tankane våre går sjølvsagt til dei pårørande. Dette er ein skrekkeleg situasjon. Det er rett og slett ufatteleg, seier ordførar Jon P. Husby til NRK Trøndelag.
Kommunen har oppretta eit kriseteam som er sett saman av mellom anna ein prest og politi på rådhuset.
Politiet vil i tida framover avhøyre fleire vitne, gjere ransakingar og kriminaltekniske undersøkingar. I løpet av morgondagen blir det og eit fengslingsmøte.