– Status hos oss er at vi framleis har altfor mange feil i systemet som gjer at vi jobbar sakte. Og det er eigentleg krise, for vi får ikkje gjort jobben vår ordentleg.
Det seier Morten Troøyen, klinikksjef ved biletdiagnostikk ved St. Olavs hospital.
– I tillegg til det slit vi ut tilsette som i stor grad har jobba masse overtid for å prøve å få unna forsvarleg behandling.
Måndag er beskjeden at det er kontroll på meldingar som kjem inn frå legar. Men avdelinga aner ikkje om røntgensvar og bilete klinikken har teke, kjem ut.
Klinikksjef Morten Troøyen ved klinikk for biletdiagnostikk.
Foto: Jøte Toftaker / NRK– Kor vanskeleg har innføringa vore for dykk?
– Det har dessverre vore veldig mykje meir utfordrande enn vi såg for oss. Vi hadde førebudd oss godt, men alle feila som dukka opp hadde vi ikkje forventa. Det gjer at jobben vi gjer no er krevjande.
25 millionar i veka
Klinikkleiaren fortel at dei tilsette er fortvila fordi dei ser at dei hamnar bakpå, og ikkje får behandla pasientane så raskt som dei ønskjer.
– Kva er problemet?
– Først og fremst at det er feil i systemet som gjer at tilsette bruker mykje meir tid. I tillegg, for å kompensere i alle fall i ei viss grad, må vi bruke mykje ekstra bemanning. Spesielt på vakt og når det gjeld akutthjelp – så det ikkje blir medisinsk uforsvarleg.
Han legg til at dei fleste pasientane på sjukehuset bruker dei tenestene klinikken tilbyr. Problema forseinkar derfor drifta til resten av sjukehuset.
– Vi gjer 240.000 undersøkingar i løpet av eitt år. Når vi no er oppe i ein aktivitet på i beste fall 80 prosent, så seier det seg sjølv at det er mykje som ikkje blir gjort, seier Troøyen, som påpeikar at klinikken var pressa også før innføringa.
3,8 milliardar kroner er brukte på Helseplattformen så langt.
Sjukehusdirektør Grethe Aasved er klar i talen. Ved St. Olav er det ikkje normal drift.
Foto: Grete Thobroe / NRKFøresetnaden før innføringa av Helseplattformen var at sjukehuset skulle vere tilbake til normal drift etter fire veker.
– Det er vi ikkje. Faktisk er det ingen klinikkar som har normal drift med normal bemanning i dag, seier sjukehusdirektør Grethe Aasved måndag.
– Vi ser at vi mistar 25 millionar kvar veke – sånn som vi driv sjukehuset no. Det er ein kombinasjon av reduserte inntekter og ekstra kostnader.
Skilt ved St. Olavs hospital.
Foto: Jøte Toftaker / NRKUvissa spreier seg
Etter planen skal Levanger og Namsos blir kopla på i februar.
– Det er ikkje noko tvil om at vi treng eit nytt journalsystem, og eg trur Helseplattformen kan bli bra om det kan tilpassast norske forhold. Men på noverande tidspunkt er det ikkje eit oppegåande journalsystem. Det er altfor mange kritiske feil.
Det seier Mathis Heibert, som er lege ved sjukehuset i Namsos.
– Med tanke på vidare utrulling av Helseplattforma, meiner eg at systemet ikkje kan takast i bruk i Helse Nord-Trøndelag før desse kritiske feila er retta.
Lege Mathis Heibert er redd for at sjukehusa knelar om Helse Nord-Trøndelag tek i bruk journalsystemet før feila er retta.
Foto: Espen Sandmo / NRK– Bør innføringa utsetjast?
– Det er eigentleg kjedeleg, men svaret er ja. Folk har innstilt seg på at vi skal ta det i bruk i februar. Skal vi utsetje må vi kanskje gå ein ny runde med opplæring for det byrjar å bli fleire månader sidan dei vart opplærte.
– St. Olav får det så vidt til å gå rundt med all den ekstra støtta dei får. Om vi tek det i bruk no så er eg redd for at sjukehusa knelar fullstendig.
Sykehuset Namsos skal etter planen koplast på i februar.
Foto: Espen Sandmo / NRK– Heilt katastrofe
– Kor lenge kan sjukehuset halde det gåande på denne måten?
– Vi kan ikkje halde fram med å drive sjukehuset som vi gjer no, seier sjukehusdirektør Aasved.
– Økonomisk er det heilt katastrofe. Men særleg også fordi tilsette byrjar å bli slitne av å jobbe så mykje ekstra, og vi utset behandling som ikkje hastar.