Hopp til innhold

Fann ukjent tekst i bibel – skriven for 1500 år sidan

No er ekspertar i full gang med å finne ut kva han fortel.

Den nyoppdagede oversettelsen er skrevet på syrisk, og er funnet i Matteus-evangeliet.

GAMMALT SPRÅK: Den nyoppdaga omsetjinga er skriven på eit gammalt syrisk språk, og er ein del av Matteusevangeliet i Det nye testamentet.

Foto: Vatican Library

I Vatikanet i Roma finn vi eit av dei mest historiske biblioteka i verda. Det husar mellom anna Codex Vaticanus, som er eit av dei eldste, kjende og mest komplette bibelmanuskripta vi har.

No har historikar Grigory Kessel gjort ei ny oppdaging i biblioteket. Han har nemleg funne ein skjult tekst i Bibelen, som skal vere meir enn 1500 år gammal.

Dette skal vere ei av dei eldste omsetjingane av evangelia, ifølgje ein ny studie. Og vart funnen ved hjelp av ultrafiolett lys.

Forskarar jobbar no med å forstå innhaldet. Og dei kan allereie røpe nokre detaljar.

Les også 1 av 10 nordmenn trur Jesus fysisk sto opp fra de døde

Kvinne sitter med ryggen mot kamera. Hun ser mot solnedgangen på Grefsenkollen i Oslo på påskeaften.

Skjulte seg under fleire lag med ord

I dag kjenner vi Bibelen som éi fysisk bok. Men eigentleg er han ei samling av ulike verk.

Ingen av dei originale manuskripta finst. Berre fragment av desse skal vere bevarte. Og ved hjelp av avskrifter, som er meir eller mindre korrekte, har ein klart å gje Bibelen si noverande form.

Den heilage boka er stadig gjenstand for gransking og tolking. Og nettopp derfor dukka den ukjende teksten opp.

Grigory Kessel seier han fann dei skjulte orda på ein palimpsest. Dette er eit manuskript som ofte vart brukt då pergament var både dyrt og sjeldan før i tida. På ein palimpsest kunne ein nemleg viske ut tekst for deretter å erstatte han med nye ord.

Likevel kan noko av den originale skrifta sjåast ved hjelp av moderne verktøy.

Og historia skal ha det til at det var ein skriftlærd i Palestina som for 1300 år sidan fjerna den no nyoppdaga teksten for å bruke arket på nytt.

Nonne går forbi Vatikanet i Roma

Den nye teksten vart oppdaga i Vatikanet i Roma.

Foto: Andrew Medichini / AP

Små detaljar

Den ukjende teksten er skriven på syrisk og er ein versjon av kapittel 12 i Matteusevangeliet.

Og hittil i arbeidet med å tolke innhaldet, har forskarane klart å finne ulike detaljar i dei to versjonane.

Til dømes:

I den originale, greske versjonen av Matteus 12:1, som er den som er mest brukt i dag, står det følgjande:

«På den tida gjekk Jesus gjennom kornåkrane på sabbaten, og disiplane hans vart svoltne og byrja å plukke korn og ete.»

Og i den «nye» syriske omsetjinga er formuleringa litt annleis:

«(...) byrja å plukke korn, gni det i hendene og ete det.»

I ei pressemelding heiter det at manuskriptet er ei unik moglegheit for forskarar til å forstå dei tidlegaste fasane av utviklinga av Bibelen. Dette er professor ved Universitetet i Oslo, Reidar Aasgaard, einig i.

Les også Kan ha funnet verdens eldste lesbare setning: Gjett hva som står?

Kam laget av elfenben. Den kan inneholde verdens eldste lesbare setning.

Gjev eit betre bilete av historia vår

– Dette er veldig spennande, men det er ingen sensasjon, seier han til NRK.

Professoren meiner funnet kan dreie seg om detaljar som kan ha forsvunne ut av den originale, greske teksten – eller at det kan vere ei tilføying av tekst i seinare tid.

– Funnet utgjer ikkje ein forskjell i betydninga av kapittelet i evangeliet, men det er likevel viktig. Vi har forskarar over heile verda som gjer ein innsats for å finne slik informasjon, og til saman får ein eit meir heilskapleg bilete av sjølve historia, seier Aasgaard.

Han forklarer vidare at ny teknologi har ført til store framsteg på dette området.

– I dag kan ein meir sikkert datere dei ulike manuskripta som er laga av skinn. Også bruk av ultrafiolett lys sørgjer for at ein oppdagar nye ting. Ein har også teke i bruk datateknologi for å kartleggje alle dei gamle manuskripta til Bibelen. Slik kan ein finne ut av forholda mellom dei.

Les også Gamalt DNA kan gi nye svar om dei mystiske Dødehavsrullane

Fragmenter fra Dødehavsrullene inne i et laboratorium i Israel.

Professoren meiner også funnet er viktig av ei anna årsak: ein har nemleg klart å bevare svært få av dei syriske omsetjingane av Det nye testamentet.

– Det har vore mange i si tid, men relativt lite er bevart. Denne teksten er på sett og vis eit lite eige manuskript, for det er noko anna enn det ein allereie kjenner til.

Sjølv om desse små, nyoppdaga tekstane ikkje utgjer ein forskjell i sjølve innhaldet i Bibelen, så blir dei tekne vare på. Alt blir lagra på nett.

– Det handlar om å få eit betre bilete av kulturhistoria på, avsluttar professoren.

Reidar Aasgaard er professor ved UiO.

Reidar Aasgaard er professor i idéhistorie ved Universitetet i Oslo. Han er utdanna teolog, og har jobba som prest og sokneprest.

Foto: Olaf Christensen