Hopp til innhold

Gamalt DNA kan gi nye svar om dei mystiske Dødehavsrullane

Nokre av tekstane kan ha ein heilt annan opphavsstad enn kva ein tidlegare har trudd.

Fragmenter fra Dødehavsrullene inne i et laboratorium i Israel.

GENETISK TESTING: Ved å teste gamalt DNA på gamle bitar av tekst frå Dødehavsrullane, kan forskarane no enklare sjå kva bitar som høyrer saman og ikkje.

Foto: MENAHEM KAHANA / AFP

Inne i ei fjellhole ved Dødehavet gjorde ein gjetar og to av fetrane hans ei heilt spesiell oppdaging i 1947.

I den mørke hola fann dei ei stor leirkrukke med til saman sju unike skriftrullar – tekstar om vår felles fortid. Dei som seinare har fått namnet Dødehavsrullane.

Funnet skapte interesse blant arkeologar og forskarar. Dei neste ti åra vart små og store bitar av rullane funne i Qumran-området, på Vestbreidda nordvest for Dødehavet.

Mange har vore opptekne av å finne ut kva hemmelegheiter rullane skjuler.

No viser ein ny studie at fleire av tekstane kan vere skrive i eit anna område enn ein først trudde.

Ved å bruke avansert, genetisk testing av gamalt DNA, har forskarar frå Sverige, Israel og Amerika no fått nye svar.

– Dette er ein flott studie som viser korleis tekstforskarar kan samarbeide med genetikarar. Resultata er meir spesifikke enn vi tidlegare har sett, seier professor emeritus Torleif Elgvin til NRK. Han har sjølv studert tekstrullane i snart 30 år.

Fragmenter av Dødehavsrullene.

DEI AKTUELLE TEKSTBITANE: Konservator Tatyana Bitler viser fragment av Dødehavsrullane på laboratoriet i Jerusalem.

Foto: MENAHEM KAHANA / AFP

Historiske forteljingar

Den store samlinga, av til saman 100.000 bitar av tekst, er skrive om lag 300 år før tidsrekninga vår starta og fram til år 68.

Dei inneheld delar av Det gamle testamentet og dessutan ei rekke andre jødiske, religiøse skrifter.

I tillegg er det funne både kulturelle historier og juridiske dokument bland skriftrullane.

Fleire rullar dreier seg òg om jødiske grupper som levde i Judea på denne tida. Dei fleste forskarar antek at ei puritansk gruppe, kalla esseerne, hadde eit senter i Qumran. Mange av skriftene hadde opphav i denne gruppa.

– Dette er det viktigaste arkeologiske tekstfunnet på 1900-talet. Det har gitt oss ny informasjon om utviklinga av Det gamle testamentet og om bakgrunnen for Det nye testamentet, seier Elgvin.

En av hulene hvor dødehavsrullene ble funnet

QUMRAN: Bildet viser landskapet ved hòlene i Qumran. Her er dei aller fleste skriftene i tekstrullane funne.

Foto: Effi Schweizer

Kuskinn og saueskinn

Den nye studien har gått gjennom 26 fragment av tekstrullar. 24 av dei er laga av saueskinn, medan to er laga av huda til kyr. Det dreier seg om to bokrullar av Jeremia-boka.

Dette vekkjer oppsikt.

Tidlegare har ein trudd at dei fleste tekstane i samlinga var skrive på geiteskinn. Dei nye funna stadfester at bokrullar vart førde til Qumran frå andre stader, seier forskar på prosjektet, Pnina Shor.

Forskarar har meint at ein stor del av tekstane, kanskje fjerdeparten, er skrive av esseergruppa som heldt til ved Qumran-området.

Men sidan dei brukte kuskinn som pergament må dei som laga desse to bokrullane hatt tilgang på kyr. Men Judeaørken har aldri vore eigna for kvegdrift.

Dette gir grunn til å tru at tekstane har ulikt opphav.

Det har teke forskarane sju år å gjennomgå dei 26 fragmenta, men det er framleis ikkje mogleg å seie kvar bitane av kuskinn opphavleg kjem frå.

Gøymt og gløymt

For å forstå kvifor Dødehavsrullane hamna i bortgøymte fjellhuler, må ein gå tilbake i tid.

I år 70 inntok romarane Judea for å knuse jødiske opprørarar.

Den romerske hæren omleira mellom anna Jerusalem, og slakta mange tusen menneske innanfor murane i byen. Då soldatane herja i Judea vart svært mange religiøse skrifter gøymt, eller gløymt, djupt inne i ørkenen ved Dødehavet.

Framleis er dette eit puslespel som manglar fleire bitar. Forskarar har brukt ekstremt mykje tid på gåta i mange tiår, og dei gjer stadig framsteg.

Dødehavsrullane blei funne i Qumran

Aukar forståinga

Ifølgje Elgvin er det israelske forskarar som har sett i gang studien.

– Dette viser kor godt israelarane tek vare på dei gamle jødiske skriftene. Det må vi vere glade for.

Sjølv om mykje arbeid står att, meiner forskarane at prosjektet har gitt nyttig informasjon. Den genetiske testinga gir nemleg betre innblikk i heilskapen.

Mange av fragmenta veit vi enno ikkje korleis vi skal kople saman. Og dersom vi set feil bit på feil stad, kan det ha dramatiske konsekvensar for forståinga av tekstrullane. Dette bidreg til å finne løysingar, seier Oded Rechavi ved universitetet i Tel Aviv.

Torleif Elgvin

EKSPERT: Torleif Elgvin har studert Dødehavsrullane i mange år.

Foto: Sondre Bjørdal / NRK