Praktiske linjer på vidaregåande skular har problem med å sikre elevane praksisplassar under koronapandemien.
På restaurant- og matfag ved Strinda VGS i Trondheim forsøker dei no å kompensere for tapt praksis ute i arbeidslivet med skuleundervisning for elevane.
Skulen håpar dei kan gje elevane tilstrekkeleg med praktisk erfaring før dei skal søke læreplass.
– Vanskelegare å vise seg fram
Miriam Elgsæther går andre året på restaurant- og matfag, og har valt kokk og servitørfag. Ho skulle gjerne vore ute i praksisperioden, som samla utgjer 30 prosent av skuleåret.
– Det blir vanskelegare å vise seg fram. Det er ein stor del av det å få læreplass; Å kunne vise at du duger i utplasseringsperiodane. Så det kan ha betydning, meiner ho.
Det er vanskeleg for bedriftene å ta imot elevar frå vidaregåande skular på grunn av nedstenging, smittevern og permitteringar.
– Det øydelegg ein del for oss. Det er veldig kjipt no når vi skal førebu oss på læretida, men vi må gjere det beste ut av det, meiner Miriam.
Håp for praksisplassar utover våren
I dei praktiske faga er restaurant- og matfag hardast råka, saman med elevar på helsefag, når det gjeld moglegheita for å få praksisplass.
Geir Rune Larsen er avdelingsleiar ved restaurant- og matfag på Strinda VGS. Han seier at «puslespelet» er meir komplisert enn vanleg.
– På kokk- og servitør får vi nesten alle saman ut. På matfag får ein del reise ut til bedrifter, medan vi må lage eit opplegg på skulen for andre. Det er ikkje nok bedrifter som tek sjansen på å ta imot elevane no, seier han.
Larsen fortel at dei har diskusjon med bedrifter og opplæringskontor no. Dei prøver å få instruktørar inn i skulen, og få til eit samarbeid.
– Dei er kjemperedde for å få smitte inn på bedrifta, og derfor kan ikkje vi få elevane våre ut på desse arbeidsplassane.
Men det er framleis håp. Larsen satsar på at elevane kan få praksisplass til våren dersom restriksjonane mjuknar opp litt.
– Det er ein utfordrande situasjon. Vi må prøve å gje elevane ei tilnærma lik erfaring som dei får ute i bedrifta. Dette er sjølvsagt krevjande.
Alexander Skjefte hos E.C. Dahls Bryggeri Pub og Kjøkken i Trondheim skulle gjerne tatt imot fleire praksiselevar.
– Vi skal ha to praksiselevar hos oss i vår. Vanlegvis har vi fire eller fem. Det er ikkje nok å halde på med. På vekedagane går det veldig treigt, fortel han.
Han forstår godt at elevane fryktar dei ikkje får vise kva kunnskapar dei har før læretida.
– Det er ei naturleg og reell bekymring. Dei fleste lærlingar blir tilsette på bakgrunn av utplassering. Det er då vi blir kjende med dei.
Heimeundervisning i Halden er utfordrande
I Trøndelag er dei vidaregåande skulane på gult nivå. Andre stadar i landet held skulane stengt. Søndag blei det klart at skular og barnehagar i nabokommunane Halden og Sarpsborg held stengt måndag og tysdag etter at det er påvist ein mutert virusvariant der.
– Det er ikkje enkelt å lære seg eit yrkesfag når du er heime store deler av tida. Det er jo ferdigheiter som skal lærast, seier Lasse Sjødahl Eriksen, utdanningsleiar for yrkesfag ved Halden VGS.
Det er utfordrande at kontakten med bedriftene er avgrensa no.
– Vi skal kvalifisere elevane til arbeidslivet sine krav og forventningar. Vi ynskjer at elevane skal lære det meste gjennom praktisk arbeid. Det er ein viktig del av prosessen, som vi mistar no.
- LES OGSÅ: Tom-Patrick (17) er redd for å ikke få læreplass: – Det er jo framtiden min
- LES OGSÅ: Aldri har flere gjort som Maria – nå søker halvparten av ungdommene yrkesfag
– Ikkje like seriøst å servere medelevar
Fylkesdirektør for utdanning i Trøndelag, Vegard Iversen, fortel at dei forsøker å løyse utfordringane. Det handlar om å forskyve tidspunktet på praksisperioden, eller at skulane ordnar praktisk opplæring sjølv.
Det har altså Strinda VGS gjort. Skulen har totalt åtte kjøkken og serveringslokale, spesielt tilrettelagt for restaurant- og matfag. Men matservering til medelevar på skulen blir ikkje like seriøst.
Jonathan Svendsen Brøking såg fram til å få praksisplass hos E.C. Dahls eller Britannia.
– Vi lærer mykje meir av å vere ute i ein restaurant og servere ordentlege gjestar, og ikkje medelevar. Du må ha ein høgare standard når du ikkje kjenner dei, og vere mykje meir profesjonell, seier han.
– Det blir ikkje 100 prosent seriøst på skulen. Det blir berre øving, legg han til.
Også medelev Martine Vaagan Rian er skuffa over manglande praksisplass.
– Det er kjipt. Det er ein del av opplæringa vår å få vite korleis det er i bedriftene.
Ho fryktar at bedrifta veit for lite om henne når ho skal søke læreplass.
– Du får som oftast tilbod om læreplass viss du gjer eit godt inntrykk. Og den sjansen har vi ikkje no.