Hopp til innhold

Drapsdømt med ny psykose: Fare for nye, alvorlege handlingar, meiner aktor

34-åringen vart dømt til fengsel for drap på mora i fjor. No kan det bli tvungent psykisk helsevern i staden.

Bilder fra politiet i Byåsen-drapet

ÅSTADEN: Mora til tiltalte døydde i denne trappa etter at sonen hoppa og trakka på henne fleire gonger.

Foto: POLITIET

Ein krangel mellom mor og son heime hos tiltalte på Byåsen i Trondheim, enda med at mora ramla ned trappa og vart liggande på reposet.

Tiltalte sa han var redd mora skulle skade han, og trakka og hoppa på henne fleire gonger.

I Trøndelag tingrett fortalde tiltalte om eit delvis konfliktfylt forhold til mor si .

Fare for ny, alvorleg vald utan tvungent vern

Frostating lagmannsrett var samd med fleirtalet i tingretten i at mannen skulle dømast til fengsel for drap.

Men på grunn av ein saksbehandlingsfeil oppheva Høgsterett domen.

Måndag starta den nye saka i lagmannsretten i Trondheim.

Her varsla aktor at ho kan kome til å be om at tiltalte blir overført til tvungent psykisk helsevern i staden for fengselsstraff.

Grunnen er ei ny, ubehandla psykose som vart oppdaga hos tiltalte etter den førre rettssaka.

– Vi meiner det er nærliggande fare for ny, alvorleg vald. Etter den nye psykosen er det tvil om tiltalte er tilrekneleg og dermed kan straffast, seier statsadvokat Unni Sandøy til NRK.

Rettspsykiatrane frå tingretten meinte tiltalte har ei utviklingsforstyrring, men at han ikkje var psykotisk eller utilrekneleg. Solveig Klæbo Reitan og Kåre Nonstad har ikkje endra syn. Dei skal forklare seg i ankesaka som dei no følgjer.

Forsvararane fekk oppnemnd to nye sakkunnige etter førre runde i retten.

John Olav Roaldseth og Knut-Petter Sætre Langlo meiner tiltalte er, og også var, psykotisk då mora vart drepen.

Ankesaken etter drapet på Byåsen i Trondheim startet 25. oktober 2021. Her er de sakyndige John Olav Roaldseth (t.v) og Knut-Petter Sætre Langlo.

TILTALTE PSYKOTISK: Dei to nye sakkunnige John Olav Roaldseth (t.v.) og Knut-Petter Sætre Langlo, meiner tiltalte var og er psykotisk.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Tiltalte: «Tigeren tok over»

34-åringen har tidlegare forklart at han vart livredd då mora kom mot han oppe i stova drapsdagen. Han har vedgått å ha trakka eller hoppa på henne fleire gonger mens ho låg i trappa.

I retten måndag ettermiddag byrja han å snakke om at det var ein «tiger» til stades i livet hans, også før drapsdagen.

«Tigeren» skulle ordne opp når tiltalte hadde det vanskeleg, fortalde han.

Frostating lagmannsrett med lagmann Kari Lynne som rettens administrator.

NY RETTSSAK: Den førre domen i lagmannsretten vart oppheva på grunn av saksbehandlingsfeil. I dag starta den nye ankesaka.

Foto: Kari Sørbø / NRK

I forklaringa si veksla tiltalte mellom å omtale seg sjølv ved førenamn og «æ». Drapsdagen var også «tigeren» til stades i huset. Tiltalte sa «vi måtte kome oss unna».

Aktor spurte kvifor tiltalte ikkje har nemnt noko om «tigeren» før no.

– Han N.N (førenamn på tiltalte) var redd for å bli innlagd, svarer tiltalte.

Han fortalde også at han høyrde ei gutestemme frå kjøkenet som sa til han at no kom mora for å drepe han.

På spørsmål frå NRK om kvifor tiltalte aldri har nemnt «tigeren» før i dag, seier forsvarer Ole Magnus Strømmen:

– Dette byrja han å snakke om etter førre saka i lagmannsretten. Då vi fekk oppnemnd nye sakkunnige, gav vi han råd om at dette måtte han snakke med dei om, noko han har gjort.

Forsvarer: – Saka står i eit heilt anna lys

– Saka står i eit heilt anna lys no i og med at to nye sakkunnige har sagt at han er psykotisk og dermed utilrekneleg. Då blir spørsmålet om tiltalte skal dømast til tvungent vern eller ikkje, seier Strømmen.

Han meiner det ikkje er tilstrekkeleg bevist så langt at det er fare for nye valdshandlingar.

Dersom det ikkje kjem fram nye opplysningar i lagmannsretten om tilstanden til tiltalte, kjem forsvararane derfor til å be om at han blir frifunne for drap.

Aktor Sandøy trur ikkje det blir nokon profesjonskamp mellom dei sakkunnige i retten:

– Nei og uansett er det retten som skal vurdere og døme, seier Sandøy til NRK.

Rettssaka i lagmannsretten varer til neste onsdag. Vener av avdøde og av tiltalte må for tredje gong vitne i retten om forholdet mellom mora og sonen hennar.