Hopp til innhold

Drapstiltalte om mora: – Ho var heilt svart i blikket. Eg vart livredd

Då mora kom på uventa besøk i huset til tiltalte, var han sikker på at ho skulle drepe han. Sonen (34) hadde frykta mora lenge, fortalde han i retten måndag.

Kvinne funnet død i Trondheim 09.09.20

BORE UT: Natt til 10. september 2020 vart den døde kvinna bore ut av huset.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Ifølgje drapstiltalen hoppa og trakka tiltalte på overkroppen til den 60 år gamle mora si mens ho låg på golvet. Tiltalte nektar straffskuld for drap, og meiner han handla i naudverje.

Basketak ved trappa

9. september kom mor på besøk til huset der sonen hadde flytta inn til morfaren få dagar før. Tiltalte ønska ikkje at ho skulle kome. Ei tid før drapet barrikaderte han hovudinngangsdøra frå innsida for å hindre at mora kom seg inn. Ho brukte derfor inngangen via vaskerommet.

Retten fekk måndag sjå bilete av trappa som går i 180 grader vinkel frå første til andre etasje. Halvvegs er det ein avsats. Her vart mora liggande med hovudet ned etter det første basketaket med sonen. Det var også her ho vart funnen død, opplyste aktor i retten.

Mora døydde som følgje av store skader på hjartet, og fleire ribbein var brotne, viser obduksjonsrapporten.

Den 80 år gamle faren til avdøde, og morfar til tiltalte, var på hytta då drapet skjedde.

Dødsfall Byåsen i Trondheim. Forsegla dør.

TO INNGANGAR: Tiltalte hadde tidlegare blokkert hovudinngangsdøra frå innsida fordi han sa han ville ikkje at mor skulle besøke han. Biletet er av den andre inngangen, plombert av politiet etter drapet.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Mobbing og utestenging på skulen

Tiltalte tok plass i vitneboksen klokka 11 måndag. Aktor spør først om tiltalte kan fortelje om forholdet til faren sin.

34-åringen startar å gråte og greier ikkje å seie noko. Mor og far til tiltalte skilde seg då han var liten. Etter eit par minutt foreslår domaren at ein droppar spørsmål om far.

Forholdet til besteforeldra var veldig bra, dei følgde han tett heilt frå barndomen, fortel tiltalte. Han fortel om mobbing og utestenging på skulen, om få vener og liten sosial kontakt dei siste åra. Forholdet til mora var nært i mange år. Samstundes var ho «urimeleg» og dreiv fysisk og psykisk mishandling frå han var i 5-årsalderen, meiner han.

På spørsmål frå aktor om han fortalde om dette til nokon, svarer tiltalte:

– Nei, men eg har sett på TV at dess meir ein forelder slår ungen sin, dess meir glad er ho eller han i barnet sitt, svarer tiltalte.

Han fortalde det til faren sin og ein kjærast for eit par år sidan.

Dei rettspsykiatrisk sakkunnige meiner tiltalte ikkje er trygg på seg sjølv og har vanskeleg for å løyse utfordringar i dagleglivet. Han er veldig opptatt av seg sjølv og viser lita forståing for lidingane til mora gjennom samtalane han har hatt med dei sakkunnige. Dei meiner tiltalte kan ha ei uspesifisert gjennomgripande utviklingsforstyrring, opplyste aktor i innleiinga si.

– Ho ropte og skreik mens ho låg på golvet

Då mora kom opp i stova, byrja ho å gå fort fram og tilbake på golvet. Ho gjekk mot han og klorte han i andletet.

– Ho var heilt svart i blikket. Eg vart livredd. Eg hadde vore redd for at ho skulle kome.

Tiltalte fortalde at han var svært sliten etter mykje konfliktar med mora. I forkant hadde han lagt svarte plastposar framfor vindaugo i kjellarhusværet i huset til mora der han hadde budd inntil nyleg.

– Eg gjorde det for å ha ein fristad, slik at mor ikkje skulle vete om eg var der eller ikkje.

Han hadde berre overnatta i det andre huset i to dagar då mora kom på besøk.

I retten fortalde tiltalte at han freista å få mora inn på kjøkenet då ho kom mot han med hendene framfor seg. Ho skal ha klort han i andletet. Inngangen til kjøkenet er like ved trappa og i staden ramla ho ned trappa, i følgje tiltalte. Mora reiste seg frå avsatsen og byrja å kome opp trappa igjen. Då gjekk han baklengs ned trappa og trakka på henne. Ho reiste seg igjen, mens ho skreik. Tiltalte var framleis redd for at mora skulle kome og drepe han, så han gjekk ned trappa igjen og trakka på henne ein gong til. Ho skreik igjen og då hoppa han på henne.

Aktor spør kvifor han ikkje freista å kome seg unna ved å gå forbi henne mens ho låg i trappa etter at ho hamna der.

– Eg var redd ho skulle angripe meg. Ho ropte og skreik mens ho låg på golvet. Slik ho ofte gjorde då ho kjefta på meg.

– Kan ho ha skrike fordi ho hadde store smerter? spør aktor.

Tiltalte svarer at han tenkte ikkje på den måten.

Etter det tredje og siste åtaket vart mora liggande på avsatsen. Tiltalte kom seg då forbi henne, gjekk ned resten av trappa og ut i gangen. Han trudde mora ville kome etter, men det skjedde ikkje.

– Eg vart overraska over at ho ikkje kom etter meg. Det har ho gjort mange andre gonger når ho har vore aggressiv, seier tiltalte.

-Eg er glad i deg mamma

Ei lita stund etter gjekk han opp trappa igjen og såg at hendene til mora var kvite. Han freista ikkje å gjenopplive mora. Han var i sjokk, seier han.

– Eg er glad i deg mamma, sa eg då eg bøygde meg ned, seier tiltalte og kan ikkje halde gråten tilbake.

Det er fleire vilkår som må vere oppfylte dersom nokon skal frifinnast for drap fordi dei meiner dei handla i naudverje.

Valden må ikkje gå lenger enn det som er naudsynt eller forsvarleg for å verje seg sjølv.

– Kva sjansar tiltalte hadde for å kome seg unna situasjonen som oppstod i stova blir eit sentralt punkt som retten må vurdere, sa aktor under innleiinga si i retten. Ho viste til at det verken er veranda eller terrasseutgang frå andre etasje.

Fleire vener både av den drepne og tiltalte, naboar og far til tiltalte skal også forklare seg i rettssaka.

Det er viktig for både påtalemakta og forsvarer å få eit bilete av korleis forholdet var mellom tiltalte og mora hans før hendinga, seier aktor, statsadvokat Unni Sandøy til NRK.

Konfliktfylt forhold mellom mor og son i mange år

Tiltalte har tidlegare forklart at han var redd for mora etter fleire kranglar om mellom anna pengar. Han kontakta krisesenteret i Trondheim sommaren 2020 og bad om på få kome dit, men utan hell. Ein av dei 25 personane som skal vitne jobbar ved senteret.

Etter drapet ringde tiltalte til kjærasten sin og bad henne kome. Ho gjorde det og sa han måtte varsle 112. Før han gjorde det, ringde han til forsvarer Torfinn Svanem. Han hadde hjelpt tiltalte juridisk då morfaren skreiv huset over på barnebarnet nokre år tidlegare. .

Han er også tiltalt for eit mindre skadeverk på huset til mora.

– Det var eit rop om hjelp, sa tiltalte som erkjente at det var han som knuste ei rute og urinerte ved utgangsdøra. Det skjedde ei vekes tid før drapet.

Far til avdøde krev ikkje erstatning

Morfaren skal også vitne i retten. Han har heile tida ønska at barnebarnet skulle settast fri frå varetekt.

– Han hadde to familiemedlemer, ei dotter og eit barnebarn. No har han mista begge to. Det seier Erik Widerøe som er bistandsadvokat for morfar.

Han veit ikkje kva som har skjedd, men håper at barnebarnet blir frifunne for drap.

– Klienten min synest det er frykteleg trist at dottera hans er død. Han skulle ønske at det har skjedd i naudverje, utan at han veit det, seier Widerøe.

Morfaren krev heller ikkje oppreisningserstatning som fornærma på grunn av forholdet til det tiltalte barnebarnet.

På slutten av rettsdagen spør domar Anne-Marie Selvaag om tiltalte trur han kunne gjort noko annleis for å unngå at mora døydde.

–Eg skulle aldri ha overnatta der. Eg skulle tatt med meg sovepose og telt og overnatta i skogen. Eg var så redd for å vere aleine i huset i tilfelle mora mi kom, avsluttar tiltalte.