Finnmark 1919 - 2019

Statsminister Erna Solberg og kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Foto: Anniken Pedersen & Eskil Wie Furunes / NRK

Kvil i fred, Finnmark

Dei har blitt kalla gerilja i ein koloni – og ei belastning for staten Norge. Likevel vil finnmarkingane vere i fred frå andre. Men no er det straks over for det ærverdige fylket.

Takk for alt, Finnmark. Takk for alle minna. Takk for den beinharde innsatsen.

Det har ikkje vore ei lett reise. Ingen har lide meir enn finnmarkingane. Ingen har kjempa hardare. Ingen har banna høgare. Ingen har funne seg i meir urett. Og ei heller har nokon glimta til med meir humor og sjølvironi enn finnmarkingane.

Hammerfest etter brenningen i 1945

Slik såg Hammerfest ut etter at tyskarane brende ned byen i 1945.

Foto: Hammerfest historielag

Men no er det altså over. Etter 100 år.

Eg kunne ha nemnt så mykje, Finnmark. Mykje urett er gjort.

Tyskarane som brende ned fylket i 1944 og 1945. Myndigheitene som ville at de skulle vente med å flytte heim etter krigen. Samane og kvenane som ikkje fekk snakke sitt eige språk. Alta-Kautokeino-aksjonen, då de ville at elva skulle leve. Og mykje anna.

Men no nærmar det seg altså slutten. Etter 100 år.

Heldigvis gav du deg på topp, Finnmark. Du hadde god gli. Respekten for dei forskjellige kulturane i nord er så mykje større no. Og ja, no er også innbyggjartalet på veg opp. Optimisten var på veg tilbake, blir det hevda.

Men så skal det altså setjast strek. Etter 100 år.

Sultestreik utenfor Stortinget

Samar frå Masi sveltestreika utanfor Stortinget i 1979 i protest mot utbyggingsplana i høve den såkalla Alta-Kautokeino-saka.

Foto: Thorberg, Erik / SCANPIX

Vi skal no ta deg med på ei siste reise for å finne ut kvifor finnmarkingane framleis kjempar mot Stortinget, regjeringa, Troms og resten av Norge. Det trass i at Stortinget to gonger har vedteke at Finnmark skal slå seg saman med Troms.

Annleisfylket

Men først: Korleis hamna vi her, eigentleg?

Høgre og Framstegspartiet vil ikkje ein gong ha det regionale nivået i Norge. Dei vil kort og godt fjerne fylka i Norge. Dei raudgrøne partia vil ikkje ha ei regionreform, i alle fall ikkje ei så omfattande som denne. Men då reforma vart vedteke hadde Høgre og Framstegspartiet eit samarbeid med KrF og Venstre. Dei vil ikkje fjerne fylka, men kunne gå med på å fjerne nokre. Derfor skal 19 fylke i 2017 skal bli til 11 i 2020.

Finnmark, landets desidert største fylke i areal, får derimot ikkje vri seg unna denne gongen. Denne skjebnen deler dei med dei fleste fylka i Norge. Unntaka er Rogaland, Nordland, Møre og Romsdal og Oslo.

Litt krangling har det vore andre stader i Norge også. Men ikkje noko kan måle seg med motstanden i Finnmark. Ingen andre stader arrangerer dei folkerøystingar etter dei to stortingsvedtaka. Ingen andre stader foreslår ein avisredaktør å skilje ut fylket som eigen stat. Ingen andre stader blir fylkesrådsleiaren i nabofylket karikert som Hitler.

Something is rotten in the state of Finnmark, for å formulere om Shakespeare.

Randi Karlstrøm

Berre eit steinkast frå grensa til Troms driftar Randi Karlstrøm kafeen "Porten til Finnmark". Ifølgje Karlstrøm var dette den første kaffibaren i Finnmark. Smaken på gjennomført kaffi fekk ho som stortingspolitikar i 1998. Året etter starta ho kafeen som først og fremst berre er open om sommaren. Elles i året må du sjekke facebooksida deira for å sjekke om det er moglegheiter for "steama" mjølk blanda med espresso i Langfjordbotn.

Foto: Gyda K. Hesla

– Det starta etter stortingsvalet i fjor haust. Då seig det innover meg at no blir det samanslåing, sukkar Randi Karlstrøm, leiar i organisasjonen For Finnmark.

Ho sat på Stortinget for KrF frå 1997 til 2001 og er framleis medlem av partiet som – dersom dei ville det – kunne ha vippa fleirtalet i Stortinget til å reversere samanslåinga mellom Troms og Finnmark.

– Då fylkestinget i Finnmark sjølv sa nei til samanslåing tenkte eg at dette var gjort. Eg tenkte aldri at det kom til å bli nytta tvang, seier Karlstrøm.

Finnmark er så annleis enn resten av landet, meiner For Finnmark-leiaren. Men kunnskapen om fylket er så låg.

– Det har vi lært oss å leve med. Vi har i alle fall fått vore i fred. Men at dei verkeleg er så frekke at dei tek frå oss fylket vårt, nei der går grensa. Folk må gjerne gjere narr av oss og kalle oss sutrete. Vits gjerne om oss på Nytt på nytt. Men kom ikkje og ta fylket vårt, er beskjeden frå Randi Karlstrøm.

Ho meiner at finnmarkingar er annleis enn andre. Det gjeld både klimaet, ressursane og kulturen. Mange har finske, samiske eller russiske anar – i tillegg til norske.

Karlstrøm seier at ho er veldig skuffa over KrF.

Arbeidarpartiet mot Arbeidarpartiet

Men å vere ueinig internt i eit parti er ikkje noko nytt i denne saka.

Arbeidarpartiet styrer både Troms og Finnmark. Utpå nyåret 2018 stod samanslåingsprosessen mellom fylka heilt fast. Tidlegare justisminister for Ap, Knut Storberget, fekk i oppgåve å mekle mellom partane. 15. februar vart den såkalla Gardermoen-avtalen underteikna. Fylkesordførar Ragnhild Vassvik, ho som slo hjul då ho vart valt i mars 2017, leia Finnmark sin delegasjon. Men avtalen var så vidt signert før kritikken kom, mellom andre frå finnmarking og tidlegare Ap-nestleiar Helga Pedersen.

Willy Ørnebakk og Ragnhild Vassvik

Fylkestinga i både Troms og Finnmark er leia av Arbeidarpartiet. Fylkesrådsleiar i Troms, Willy Ørnebakk, har jobba for å halde oppe tempoet i samanslåingsprosessen. Det same kan ikkje alltid seiast om fylkesordførar Ragnhild Vassvik i Finnmark. I mars vedtok fylkestinget å stoppe samanslåingsprosessen til etter folkerøystinga 14. mai.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

– Med dette forhandlingsresultatet har Finnmark i realiteten gitt vekk det meste av makta til Tromsø. Det er ingenting meir å gi vekk, sa Pedersen.

Det var i etterkant av denne avtalen det verkeleg tok fyr. Til dels knallharde skuldingar, som vi straks kjem innom, hagla i alle retningar.

Vassvik, som sjølv leia forhandlingane, angra på at dei gjekk med på avtalen.

Eit soleklart fleirtal på Finnmark Ap sitt årsmøte i Kirkenes første helga i mars skrota avtalen. Og når Ap i Finnmark har bestemt noko, så blir det som regel slik. Ap manglar nemleg berre éin representant på å ha fleirtal i fylkestinget.

– Vi godtek ikkje denne tvangssamanslåinga. Vi forventar større grad av respekt for Finnmarks befolkning, kultur og historie, torna Kjetil Hanssen, leiar i Porsanger Ap.

Det var forresten på årsmøtet i Kirkenes Ragnhild Vassvik kalla Troms sin forhandlingsdelegasjon for usolidarisk og arrogant.

På nest bakarste rad i Kirkenes sat ein gjest frå Troms Ap, Cecilie Myrseth, og såg meir enn normalt brydd ut.

– Eg aksepterer ikkje slike uttrykk. For dei stemmer ikkje, sa Myrseth.

Kjendisopprøret

Vinteren 2018 var ei høgtid for harde utspel. Og det gjaldt ikkje berre Sagat-redaktøren Geir Wulff, som sa at Finnmark burde skiljast ut som ein eigen stat. Ei rekkje finnmarkskjendisar, som Mari Boine, Bjørn Sundquist, Gørild Mauseth og Martin Schanche, skreiv under på oppropet.

– No blir det endå meir overkøyring av finnmarkingane enn det har vore før, er eg redd, sa Sundquist.

Bjørn Sundquist

Bjørn Sundquist var ein av fleire finnmarkskjendisar som i februar signerte på oppropet mot samanslåinga med Troms.

Foto: Marit Elin Kemi / NRK

Nokon ymta fram på at Finnmark vel så godt kan styrast frå Tromsø.

– Pølsevev. Sludder og vrøvl, var svaret frå forfattaren Alf R. Jacobsen, som også skreiv under på oppropet.

Når vi er inne på kranglar internt i partia: Då fylkestinget var samla i Vadsø midt i mars, kritiserte Frp-arane kvarandre frå talarstolen. Grunnen? Kor vidt folket i fylket skal kunne få røyste over om dei vil slå seg saman med Troms eller ei. Men folkerøysting blir det altså, sjølv om ho truleg vil få lita betydning.

Eller?

– Etter folkerøystinga blir ballen kasta tilbake til Stortinget. Det er ikkje så mange mandat som trengst for å snu, seier Randi Karlstrøm.

Utøya-overlevande grovt hetsa

Fylkesordførar Ragnhild Vassvik måtte tole mengder med kritikk etter Gardermoen-avtalen. Verst var det derimot for den unge fylkesvaraordføraren Tarjei Jensen Bech, som nesten vart drepen på Utøya.

– Du er ein forrædar og ein elendig forhandlar. Trur det hadde vore best for oss om du hadde blitt på øya og ikkje overlevd. Synd Breivik ikkje trefte betre, stod det i ein mail Bech fekk.

Og det trass i at han ikkje deltok i forhandlingane.

Tarjei Jensen Bech

Tarjei Jensen Bech vart valt til fylkesvaraordførar hausten 2017, sjølv om han berre var 25 år. Den framandstormande politikaren overlevde Utøya-massakren i 2011. Han har vore open om sine psykiske vanskar. Derfor gjorde det svært vondt då Bech fekk grove truslar etter at Gardermoen-avtalen vart signert i februar. Ein anonym avsendar skreiv at det hadde vore best om hammerfestingen ikkje overlevde Utøya.

Foto: Philip A. Johannesborg

Men kvar kjem dette hatet frå?

– Eg skal ikkje skjere alle over ein kam. Det er bra mange er engasjerte. Men mykje er langt over streken, også når folk skriv på Facebook at dei skal kaste rotne tomatar på Monica Mæland, seier Tarjei Jensen Bech.

Og viser til ho som vart utnemnt som kommunal- og moderniseringsminister 17. januar, og ikkje hadde hatt vervet mange dagane frå ho vart ein syndebukk blant tasteglade finnmarkingar.

Bech likar heller ikkje at mange dreg parallellar til brenninga i 1944 og 1945 når dei uttalar seg om fylkessamanslåinga.

Men som så mange andre i fylket er han motstandar av samanslåinga med Troms, mykje grunna dei store avstandane som vil bli endå større i den nye storregionen.

– Hugs at ingen eigentleg vil ha denne reforma. Dette er eit slags kompromiss mellom dei borgarlege partia. Eit uheldig kompromiss, meiner Bech.

Rapporten frå kolonien

Randi Karlstrøm seier at Finnmark ikkje finn seg i å vere ein koloni. Eller som ho sjølv formulerer det: Det er greitt å vere koloni så lenge koloniherren held seg heime. Det gjer han ikkje lenger.

Apropos koloni: Det vart bråk då politisk redaktør i Tromsø-avisa Nordlys, Skjalg Fjellheim, i januar skreiv kommentaren «Rapport frå kolonien» om eit folkemøte i Vadsø.

Seinare følgde Fjellheim opp med ein kommentar der han kalla nestleiar Torill Olsen i organisasjonen For Finnmark for ein geriljaleiar.

– Det er inga stor folkeleg protestrørsle i Finnmark mot at fylkeskommunen organiserast på ein annan måte enn i dag, skreiv Fjellheim.

Tre månader seinare innser Fjellheim at han tok feil.

– Vi i Nordlys undervurderte den krafta som ligg i den folkelege motstanden i Finnmark. Den gongen kunne det sjå ut som at dette handla om Vadsø og eit miljø i Aust-Finnmark. I praksis handlar det om heile fylket. Det tok vi ikkje innover oss, seier Fjellheim.

Men er snar med å legge til at den sterke motstanden i Finnmark ikkje berre skuldast samanslåingssaka.

– Det vi ser no er på mange måtar ein protest mot all statleg politikk i Finnmark, gjennom mange, mange tiår. Men det er eit paradoks at samtidig som staten har investert mykje politisk kapital og pengar i Finnmark, så har mistrua til staten vakse seg stadig sterkare i dette fylket. Det har med avstand å gjere. Ikkje berre er Oslo ein fiende. Tromsø er det også.

Konsekvensen av den høglydte protesten frå Finnmark kan bli at statlege oppgåver som kunne ha hamna i Finnmark, hamnar andre stader, trur Fjellheim.

Skjalg Fjellheim

Skjalg Fjellheim, politisk redaktør i Nordlys, er redd det dårlege samarbeidsklimaet mellom Finnmark og Troms kan skape varige sår. Før eller seinare må ein legge kranglinga bak seg, men akkurat no ser det mørkt ut. – Det er så sterke kjensler i sving, seier Fjellheim.

Foto: Philip A. Johannesborg

Sjansespelet

Ein som kanskje kan ha løysinga på kvifor fylket er viktigare for folk i Finnmark enn andre stader i landet, er Nils Aarsæther, professor emeritus ved Universitet i Tromsø. Han har forska mykje på lokalt demokrati.

– Den offentlege sektoren betyr så utruleg mykje meir i Finnmark samanlikna med Østfold og Vestfold. I Nord-Norge er den private sektoren langt svakare. Eg skal vedde på at folk i Akershus ikkje ein gong veit kva ein fylkeskommune er, seier Aarsæther.

Han viser til at fylkeskommunane i Sør-Norge har veldig små budsjett utover vidaregåande skule. I Finnmark har dei relativt store budsjett og store verkemiddel til å drive samfunnsutvikling.

– Og dette veit folk i Finnmark, seier Aarsæther.

Han legg vekt på at folket i Finnmark treng eit eige talerøyr.

– Dei bør ha eit eige forum og ein arena for debatt. Det er mitt viktigaste ankepunkt mot samanslåinga.

Ein av frontfigurane i motstanden mot samanslåing, Tana-ordførar Frank Ingilæ, bekreftar at kjøtvekta er eit sentralt argument.

– Dette handlar om at vi vil bestemme utviklinga innanfor vårt eige område. I praksis kan viktige avgjersler bli tatt frå Troms, seier Ap-ordføraren.

I framtida vil det også vere usikkert kor mange stortingsrepresentantar som vil kome frå dagens Finnmark fylke. I dag har dei fem, klart fleire enn folketalet skulle tilseie. Når Finnmark og Troms blir eige valdistrikt kan i teorien alle representantane vere frå Troms – eller for den del omvendt.

– Men om to av tre veljarar held til i Troms og ein tredel held til i Finnmark, så skal eg sjå det partiet som set ein finnmarking på topp. Dette er eit sjansespel, seier Nils Aarsæther.

– Like relevant som tekst-TV

Professoren meiner det er eit smart trekk å arrangere ei folkerøysting, sjølv om det politisk ser ut til å bli eit slag i lufta.

Berre fire representantar på fylkestinget i Finnmark røysta imot folkerøystinga. Det betyr at også dei fleste representantane til dei borgarlege partia meiner folket i Finnmark bør få seie si meining om ei sak som er avgjort to gonger i Stortinget.

Kanskje tenkjer nokre som Kautokeino-ordførar Johan Vasara (Ap), som meiner det kan vere lurt for ettertida å vite kva finnmarkingane meiner om denne saka.

Andre igjen kallar folkerøystinga «søkt».

– Dette er både udemokratisk og feil. Dette kjem det ingenting godt ut av, meiner politisk redaktør i iTromsø, Martin Lægland.

Ifølgje Lægland er fylkeskommunen i det heile noko tøv som burde ha vore lagt ned for lenge sidan. Like relevant som tekst-TV, skildrar Lægland.

Han likar altså verken fylkeskommunen, regionreforma eller motstanden i Finnmark.

– Ingen, sett vekk frå dei som jobbar der, har eit tett forhold til fylkeskommunen i dag. Folk vil ikkje merke forskjell om fylkeshuset ligg i Vadsø eller Tromsø, ifølgje Martin Lægland.

Han ristar på hovudet når han tenkjer på utspelet til Helga Pedersen om at det er snakk om ei rein overtaking av Finnmark frå Troms.

Martin Lægland

Politisk redaktør i iTromsø, Martin Lægland, er ein sterk kritikar til fylkeskommunen. – Har du eit sterkt forhold til fylkeskommunen, må du gå i deg sjølv. Folk skal ikkje ha eit sterkt forhold til fylkeskommunen, seier Lægland, som vil legge ned dette forvaltningsnivået.

Foto: Philip A. Johannesborg

Det kjappe comebacket

Det var etter valet i fjor haust Pedersen pakka sakene sine og reiste frå Oslo. Trass i at ho berre er 45 år rakk tanaværingen å vere nestleiar i Ap, parlamentarisk leiar og fiskeri- og kystminister. No skulle Pedersen bli lærar og bonde.

Helga Pedersen på Fylkesårsmøte i Finnmark Ap 2018.

I fjor haust var Helga Pedersen ferdig som stortingspolitikar. Ho flytta heim for å jobbe som lærar og bonde. Men allereie i februar var ho tilbake i politikken, no som leiar i Tana Ap. Pedersen har sidan vore ein av dei kraftigaste motstandarane av fylkessamanslåinga.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Men Pedersen hadde ikkje vore lenge heime i Finnmark før ho vart valt til leiar i Tana Ap 10. februar, tilfeldigvis fem dagar før den upopulære Gardermoen-avtalen.

Og vips, så var Pedersen faneberar for samanslåingsmotstandarane.

– Fylkessamanslåinga ber preg av å vere ei nachspiel-løysing der nokre få menn har teikna eit kart. Finnmark blir avvikla som politisk arena. All makt blir flytta ut av Finnmark. Eg opplever sorg og sinne, sa Pedersen då ho skulle forklare finnmarksopprøret i NRK-programmet Torp 14. mars.

Helga Pedersen legg vekt på at Finnmark er eit fylke der mange ting ikkje har gått slik ein ønskte.

– Men dei siste 10–15 åra har vi lykkast med mykje. Folketalet aukar. Det er retta mykje merksemd mot fylket.

Karikert som Hitler

Mange i Finnmark rettar den negative aggresjonen sin mot Oslo, men nokre vel også å sjå til Troms.

Då Ragnhild Vassvik under Finnmark Ap sitt årsmøte i Kirkenes kalla Troms sin forhandlingsdelegasjon for arrogant og usolidarisk, fekk ho spørsmål om kritikken var retta mot fylkesrådsleiar i Troms, Willy Ørnebakk. Ho svarte: «Eg siktar til heile forhandlingsutvalet i Troms, og Willy Ørnebakk er leiar for det.»

Same kveld la nokon ut ein video på nettet der Ørnebakk spelte rolla som Hitler.

– Regionreforma handlar eigentleg ikkje om at Troms og Finnmark skal slå seg saman. Dette er ein gjennomgang av korleis forvaltningsnivået er skrudd saman i det offentlege Norge. Dette er viktig, og ikkje minst viktigare enn å sitje på vår gamle krakk i fylkestingssalen tiår etter tiår, seier Ørnebakk.

Medan Troms for lengst har plukka ut medlemmer til den såkalla fellesnemnda, gruppa som skal jobbe vidare med samanslåinga, har Finnmark nekta å gjere det same.

Ein kan kanskje forstå at det har vore litt frustrasjon på Troms si side av gjerdet. Dei får lite gjort, medan naboane i nord både skal halde ei folkerøysting og eit nytt fylkestingsmøte i juni før ei fellesnemnd blir plukka ut.

Men når fylkessamanslåinga endeleg blir ein realitet 1. januar 2020, så skal ingen i dagens Finnmark bekymre seg for at dei ikkje blir høyrde.

– Ei førestilling om at vi frå 2020 skal gløyme å jobbe for alle delar av det nye fylket, er heilt fjern for meg, seier Willy Ørnebakk.

– Finnmark blir aldri gløymt

Men er det så farleg då, at Finnmark sluttar å eksistere som eige fylke frå 31. desember 2019 – etter 100 år som eige fylke? Om 100 år er alt gløymt, blir det sagt. Men kanskje ikkje Finnmark?

– Finnmark kjem aldri til å bli gløymt. Det er ingen i Romsdal som let vere å snakke om Romsdal fordi fylket heiter Møre og Romsdal, seier Willy Ørnebakk.

Men framleis klamrar mange seg i håpet. Kanskje kan vi få ein siste tvist?

Om ikkje, reknar fleire med ein ny region som mildt sagt får startproblem.

– Det blir ein vanskeleg region å styre. Det blir mykje intern kriging og avstandsulemper. Kunnskapar om det lokale blir svekka. Folkestyret blir svekka. Dei som bur nærast dei store byane vil bli ført øvst opp på vallistene, spår Randi Karlstrøm.

Ei siste helsing

Kjære, Finnmark. Kanskje synest nokon at du har ropt for høgt denne gongen.

Samtidig: Det hadde ikkje passa deg å avslutte desse 100 åra med eit lite nikk og ei varm takk til Oslo og Tromsø.

Det ville jo ha vore naturstridig om Finnmark vart lagt ned utan protestar.

Så får det heller vere at eitt og anna utspel kanskje gjekk litt over stokk og stein.

For nei, Finnmark. Du blir aldri ein eigen stat. Eller ein del av Finland.

Men 14. mai seier du frå. Du vil ikkje slå deg saman med Troms.

Sjølv om det sannsynlegvis ikkje betyr noko.

Ei ny tid kjem sjølv om fjella står.

Kvil i fred.