Hopp til innhold

Mikhail avviser at han er spion – ler av påstandar om russiske trålarar

Russiske fiskebåtreiarar har begynt å merke dei vestlege sanksjonane for alvor. Det er vanskeleg å få tak i reservedelar. Vedlikehald og reparasjonar tar lengre tid enn før.

Skipper Nord Tral1

IKKJE SPION: Skipper Mikhail Anisimov på "Nord Tral" utelukkar at han spionerer på Noreg.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

– Ver så god! – seier skipper Mikhail Anisimov og peiker mot noko av det elektroniske utstyret om bord i trålaren «Nord Tral».

– Ekkoloddet er frå Simrad. Eit norsk selskap. Kartmaskinen er frå Olex, også eit norsk firma.

Skipperen på den russiske trålaren har fått med seg dei mange påstandane om at russiske fiskefartøy kartlegg havbotnen og viktig infrastruktur medan dei anløper norske hamner.

Moderne fiskefartøy har mykje elektronisk utstyr om bord, mellom anna ekkolodd, sonar, kartmaskinar og avansert navigasjonsutstyr.

– Trur du vi bruker dette utstyret til å skade Noreg? Eg ler høgt av det.

De røde AIS-sporene viser hvor mange ganger den russiske fisketråleren skal ha krysset Svalbardfiberen, som ligger vest for Svalbard.

Én russisk fisketråler har krysset Svalbardfiberen mer enn 140 ganger

Bygd i Polen, utrusta i Noreg

«Nord Tral» heitte «Nordøytrål» då fartøyet var nytt i 2001. Opp gjennom åra har fleire norske selskap eigd båten. I dag står det russiske selskapet Belomorskij Rybak som eigar.

Skroget til «Nord Tral» blei bygd i Gdansk i Polen, og trålaren blei utrusta ved Fiskerstrand verft i Ålesund.

Mesteparten av utstyret om bord, mellom anna fiskereiskap, elektronikk, sløyelinje, elektronikk og maskineri, er anten norskprodusert eller montert i Noreg.

Skipper Nord Tral2

ALLE TAPER: Skipper Mikhail Anisimov meiner både russiske reiarlag og norske verft taper på at det er slutt på vedlikehald av russiske fiskefartøy i Noreg.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Ein fiskebåt er ikkje lenger ein fiskebåt

Leiaren for Politiets tryggingsteneste (PST) i Finnmark, Johan Roaldsnes, seier det er mogleg å bruke ekkolodd og anna akustisk utstyr til å kartlegge havbotnen og infrastruktur, men at det er vanskeleg å bedømme om det skjer, og kor omfattande det er.

Han er klar over at fiskarane må vere lojale overfor den russiske presidenten.

– I lys av invasjonen i Ukraina, støtter det under at ein fiskebåt ikkje lenger berre er ein fiskebåt.

Derfor samarbeider PST med tollvesenet og andre etatar om å kontrollere fiskefartøy.

– Kor ofte er PST om bord på desse båtane?

– Det vil eg ikkje svare på, men vi har veldig godt samarbeid med alle kontrollinstansane, seier Roaldsnes.

– Kom nye reglar i fjor

Seniorforskar Anne-Kristin Jørgensen ved Fridtjof Nansens Institutt følger nøye med på russisk fiskerinæring.

Russland er i ferd med å bygge nye fiskefartøy. Moderniseringa går tregt. Mange reiarlag står i fordi det manglar reservedelar og ekspertise.

– Drygt to tredjedelar av den russiske fiskeflåten som opererer no, er fartøy som er bygd eller modernisert i vest.

– Skipper Anisimov hevdar at dei ikkje kartlegg kyst- og fjordområde i Noreg. Kor sannsynleg er det?

– Det går ikkje an å seie noko om det i kvart enkelt tilfelle, men vi veit at det kom nye reglar i fjor. Der sa man eksplisitt at blant anna fiskeflåten – altså sivile fartøy – har plikt til å hjelpe det russiske forsvaret på deira oppmoding. Om det har vore sånn før, og om det berre blir presisert no, det kan man tenke litt på. Men vi veit at dette er ein type verksemd som går føre seg, iallfall med forskingsskip, seier Jørgensen.

En politibil står parkert utenfor den russiske ambassaden i Oslo.

PST: Klare tegn på at Russland bygger seg opp igjen i Norge

Lojale mot presidenten

Anisimov seier dei aller fleste fiskefartøya i Russland er eigd av private reiarlag. Han nektar for å vere styrt frå Kreml, men ...

- ... om vi alle er russiske statsborgarar, og dersom flagget i hekken ikkje berre er på fartøyet, men på også på passet? Kva då? – spør han.

Og svarer sjølv:

– Vi er russiske statsborgarar. Dersom presidenten befaler oss, følger vi naturlegvis ordrane hans.

Han ser på meg:

– Eg trur du ville gjort det same dersom den norske kongen kommanderte deg til å gjere noko. Også du er vel lovlydig statsborgar?

Slutt på vedlikehald ved norske verft

Sidan tidleg på 1990-talet har mange russiske fiskebåtreiarar anten modernisert fartøya sine her til lands, kjøpt brukte fartøy i Noreg eller fått utrusta nybygg ved norske verft. Det same har vore tilfelle i andre vestlege land, for eksempel på Færøyane og Island.

EU har gradvis innført strengare og strengare sanksjonar mot Russland etter at president Vladimir Putin beordra fullskala invasjonen i Ukraina den 24. februar i fjor.

Noreg har i stor grad følgd desse sanksjonane, men det er gjort unntak for russiske fiskefartøy. Dei kan anløpe tre hamner i Noreg; Tromsø, Båtsfjord og Kirkenes.

Fram til i vår arbeidde fleire norske verft med russiske fiskefartøy, men det blei bråstopp då regjeringa presiserte sanksjonsreglane den 12. mai. Då kom meldinga om at det ikkje er lov å drive alminneleg vedlikehald av russiske (fiske) fartøy.

Les også Får ikke ferdigstille russiske fiskefartøy: – Dette handler ikke bare om oss

Tråleren «Saami» foran skroghallen til Kimek i Kirkenes.

Slit med å få reservedelar – sanksjonane verkar

Nyleg var «Nord Tral» i Kirkenes for å bytte reiskap. Rekefisket er avslutta for i år, og no skal resten av torskekvoten sikrast. Reiskapsbytte er ein av dei få gjeremåla dei kan utføre i norsk hamn etter 12. mai.

Skipper Mikhail Anisimov meiner alle taper på forbodet mot å halde ved like russiske fartøy i Noreg.

– Arbeidarane som kjente båten og kunne løyse problema i løpet av ein time, står – grovt sagt – utan arbeid. Dermed får dei ikkje praktisert ferdigheitene sine.

Han medgir at det er vanskeleg for russiske fiskebåtreiarar å få tak i reservedelar, og at sanksjonane verkar på meir enn ein måte.

Les også Redere frykter stans i fisket, ikke at Russland skroter fiskeriavtalen

Tråleren «Saami» foran skroghallen til Kimek i Kirkenes.

Trur på russiske verft, men vil ha garanti

På sikt trur skipperen det blir mogleg å halde ved like fartøyet ved russiske verft, men.
det krev både kunnskap og teknologi. Og det blir framleis like vanskeleg å få tak i reservedelar.

Anisimov seier verfta må kunne garantere for jobben.

– Det er viktig. Ingen reiar ønsker å kaste bort pengar fordi dei må returnere til hamn etter to-tre veker.

Nord Tral

REISKAPSBYTTE: "Nord Tral" var nyleg i Kirkenes for å ruste om frå rekefiske til torskefiske.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Bildekombinasjon av en sovjetisk radio, russiske fartøys ais-sporing, og fiskefartøyet "Taurus".

NRK avdekker russisk etterretning fra fartøy - her fant politiet militærradioer

Via andre land

Seniorforskar Anne-Kristin Jørgensen seier det har vore vanskeleg for russiske fiskebåtreiarar å skaffe reservedelar sidan sanksjonane blei sett i verk for vel eitt år sidan.

Jørgensen opplysar at det går ein del reservedelar via andre land, altså land som ikkje er sanksjonert av EU og andre – og som framleis handlar med Russland.

Difor klarer ikkje reiarlaga å halde ved like fartøya så raskt som dei ønsker.

– Det er mykje debatt om dette i Russland. Vi veit også at tilgang til vestleg utstyr og ekspertise er ein flaskehals.

Russisk tråler Petsjora, Pechora, legger til kai i Kirkenes. Tollere fra Tolletaten går om bord på kontroll.

Russisk trussel mot Norge om det kommer flere sanksjoner