Den frivillige organisasjonen Norsk Pomorakademi har invitert representantar for russisk fiskerinæring til ein konferanse i Vardø fredag formiddag.
Leiaren for Kystfiskarlaget i Murmansk, Anatolij Jevenko, reagerer negativt på avslaget.
– Det rammar samarbeidet vi har med partnarane våre i Noreg, seier han.
Drøfter lokalt viktige saker
Leiar Remi Strand i Norsk Pomorakademi meiner det er viktig å drøfte fiskerisamarbeidet på tvers av den norsk-russiske grensa.
– Det har vi gjort i mange år, seier han.
– Vi er opptatt av å få fram den vanlege mannen, naboen vår og våre eigne synspunkt om kor viktig det er å behalde det norsk-russiske fiskerisamarbeidet, seier leiaren for Norsk Pomorakademi, Remi Strand.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpixDei ønsker å halde fram med møta for å diskutere spørsmål som betyr mykje for lokalsamfunna dei bur i.
Difor meiner Strand at vennskapskontaktane må haldast ved like.
Vardø-ordførar Tor Erik Labahå (Sp) seier at eit einstemmig bystyre meiner at det norsk-russiske fiskerisamarbeidet bør handterast på nasjonalt nivå.
Foto: Gunnar Sætra / NRKMøter lokale reaksjonar
I lokalsamfunnet har invitasjonen til dei russiske deltakarane skapt reaksjonar.
Regjeringa har bestemt at fiskerisamarbeidet med Russland skal fortsette.
Vardø-ordførar Tor Erik Labahå seier eit einstemmig bystyre meiner det bør føregå på nasjonalt nivå.
– Det skjedde samstundes som vi sa opp vennskapsavtalen med Arkhangelsk by, seier han.
Remi Strand seier fiskerikonferansen ikkje har noko med den oppsagde kommunale vennskapsavtalen mellom Vardø og Arkhangelsk å gjere.
– Dette er et nettverkssamarbeid som har gått føre seg i meir enn 30 år.
Ga avslag
Statssekretær Eivind Vad Peterson i Utanriksdepartementet seier søknadane er avslått fordi det er krig i Europa.
– Russlands angrepskrig mot Ukraina er langt inne i sitt tredje år. Det er berre eit par veker sidan eit barnesjukehus i Kyiv blei bomba. Det har konsekvensar – også for korleis vi utferdar visum til russiske statsborgarar.
Statssekretær Eivind Vad Petersson (Ap) seier den russiske krigføringa i Ukraina har konsekvensar for korleis Noreg utferdar visum til russiske statsborgarar.
Regjeringa er opptatt av å reagere på Russlands ulovlege angrepskrig mot Ukraina, og står saman med resten av Europa. Samstundes er Russland eit naboland Noreg må forhalde seg til.
– Vi ligg der vi ligg, og vi treng å vareta ein viss grad av fiskerisamarbeid, seier Vad Petersson.
Og det skjer mellom norske og russiske fiskeristyresmakter.
– Dei har gjennomført sine årlege møte og forhandlingar via videokonferanse dei siste åra.
Han legg til at det ikkje er naturleg å halde fram med mykje av kontakten med Russland som styresmaktene har lagt til rette for tidlegare.
– Ikkje slik som verda og Europa ser ut for tida, slår Vad Petersson fast.
Haustar av felles hav
Remi Strand understrekar at fiskerikonferansen er ei vidareføring av folk-til-folk-samarbeidet over den norsk-russiske grensa.
– Vi er opptatt av å få fram den vanlege mannen, naboen vår og våre eigne synspunkt om kor viktig det er å behalde det norsk-russiske fiskerisamarbeidet. Det er fisken vi lever av i samfunn som Vardø og mange stader på russisk side, seier han.
– Vi haustar av eit felles hav, både nordmenn og russarar. Da må vi få mest mogleg ut av ressursane som naturen gir oss, seier leiaren for Kystfiskarlaget i Murmansk, Anatolij Jevenko.
Foto: Privat / Norges KystfiskarlagKystfiskarleiar Anatolij Jevenko i Murmansk meiner fiskerisamarbeidet må haldast unna storpolitikken, fordi fiskeria er eit viktig økonomisk fundament for mange lokalsamfunn, både i Nord-Noreg og i Nordvest-Russland.
– Vi haustar av eit felles hav, både nordmenn og russarar. Da må vi få mest mogleg ut av ressursane som naturen gir oss, avsluttar han.