Hopp til innhold

Reineigar kjenner seg makteslaus mot Staten: – Vi blir ikkje tatt på alvor

Over 100 reineigarar blir ramma når Staten startar bygging av kraftlinja som skal gi straum til å elektrifisere gassanlegget på Melkøya.

Nils Mathis M. Sara, nestleder i reinbeitedistrikt 22 Fiettar.

Nils Mathis Sara, reineigar i reinbeitedistrikt 22 fryktar for framtida.

Foto: STIAN STROM

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det påverkar kvardagen og psyken. Ein misser humøret og arbeidslysta, seier Nils Mathis M. Sara.

Bit for bit har reineigar og nestleiar i distrikt 22, Fiettar, gitt frå seg beiteland.

Til hyttebygging, gruvedrift og linjebygging. No stålset han seg for den store kraftlinja mellom Skaidi og Hammerfest.

Sist fredag vart klagen som fleire reinbeitedistrikt hadde sendt på bygginga av den nye kraftlinja, avvist hos Kongen i statsråd. Det vil seie hos regjeringa.

– Vi blei veldig skuffa, seier Sara.

Nils Mathis Sara, reineier i Fiettar, reinbeitedistrikt 22

– Veldig skuffande, seier reineigar i distrikt 22, Fiettar, Nils Mathis Sara.

Foto: Hanne Larsen / NRK

Equinor med milliardkontrakt

Ein årelang kamp mot linja har ikkje ført fram. No får Statnett starta bygginga som skal gi straum til elektrifisering av gassanlegget på Melkøya. Denne veka delte Equinor ut den første milliardkontrakten på jobben.

Vedtaket om linja vart påklaga av fire reinbeitedistrikt (20 Fála, 21 Gearretnjárga, 22 Fiettar og Skum siidadel i distrikt 22).

Det er snakk om 100–150 reineigarar i reinbeitedistrikt 22 som blir ramma av linja.

Les også Advarer om ny Fosen-sak i Finnmark

Reinflytting Nussir

Reineigar Nils Mathis M. Sara kjenner seg makteslaus. Han er trøytt av å kjempe mot alle inngrepa som har kome i sommarbeitelandet hans dei siste tiåra.

Tid han skulle brukt i arbeidet med reinflokken på fjellet, går no med til å kjempe mot styresmaktene.

– Verst er det for dei unge, som har vakse opp i reindrifta og som ønskjer å leve av dette. For dei blir det veldig mørke dagar framover. Blir dette gjeldande, så må nokre av oss ut, seier Sara.

Bukken og havresekken

Advokat Jon-Andreas Lange har assistert dei ramma distrikta i fleire år. Han er skuffa, men ikkje overraska, over at klagen på 420-linja blei avvist hos kongen i statsråd sist fredag.

Melkøya-vedtaka er fronta av statsministeren og to andre statsrådar. Når regjeringa så er klageinstans, blir det ganske sjanselaust, kommenterer han til NRK.

Jon-Andreas Lange

Jon-Andreas Lange i Dalan Advokatfirma i Oslo, meiner det er bukken som passar havresekken i denne saka.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Han seier at det no er opp til utbyggar Statnett å be om skjønn i saka.

– I skjønnssaka vil distrikta sine argument for at vedtaket ikkje er gyldig bli prøvd. Distrikta ventar på nå skjønnsoppmodinga, seier han.

Samanliknar med Fosen

Fleire av reineigarane tel no på knappane om dei skal gå til sak mot staten.

Høgsterettsdommen i Fosen-saka gir håp om at dei kan vinne. Men risikoen er stor – ikkje berre økonomisk.

– Som oftast tar dei til å bygge før rettssaka er avgjort, og då er mykje alt øydelagt. Slik som vi ser på Fosen. Det er slik opplegget deira er, seier Sara.

– Mange vil seie at reindrifta klagar uansett, men at næringa lever fint vidare etter inngrepa likevel?

– Poenget er at vi ikkje har andre stader å gjere av oss her. Vi har alt blitt pressa lenger ned mot haust- og vinterbeita. Dette går utover disse beita og fører til mindre mat og magrare dyr, seier reineigaren.

Les også Sp sier nei til elektrifisering, men byggingen av kraftlinjen er allerede ute på anbud

Repparfjorden i Finnmark. Her kan en ny kraftlinje til gassanlegget på Melkøya bli bygd, men Senterpartiet vil nå sette ned foten.

Fryktar menneskerettsbrot

Maja Kristine Jåmå er sametingsråd og representerer Norske Samers Riksforbund. Sametinget meiner regjeringa er på veg inn i ein ny Fosen-sak.

– Dette er eit nytt døme på at ein er omsynslaus når det gjeld store naturøydeleggingar, og at ein ikkje har lært av tidlegare feil, seier ho.

Maja Kristine Jåma

– Eg hadde større forventningar om at energidepartementet tok det på alvor, seier Maja Kristine Jåmå er sametingsråd frå NSR

Foto: Marie Louise Somby/Árvu / Árvu/NSR

Ho seier Sametinget har påpeika at ein skal ha gode prosessar og reelle konsultasjonar før tiltaket blir planlagt og gjennomført.

– I denne saka ser vi at det ikkje er gjort. Vi meiner konsultasjonsplikta ikkje er følgt, og det er skremmande dersom vi har styresmakter som ikkje vil følgje det.

Ho meiner det er fare for menneskerettsbrot i dette området.

– Eg hadde større forventningar om at Energidepartementet tok det på alvor, seier ho.

– Folkeretten er grundig vurdert

Statssekretær i energidepartementet, Elisabeth Sæther, seier Sametinget og dei ramma reinbeitedistrikta har vore konsulterte.

– Forholdet til reindrifta og folkeretten er grundig vurdert, og inngrepa vil ikkje vere til vesentleg ulempe for reindrifta, seier Sæther.

Ho påpeikar at kraftlinja i størst mogleg grad skal leggjast parallelt med eksisterande kablar, slik at inngrepa blir samla.

Statssekretær i Olje- og energidepartementet, Elisabeth Sæther.

Statssekretær i Olje- og energidepartementet, Elisabeth Sæther.

Foto: Lena Marja Myrskog / NRK

Reineigar Sara er lei av orda til styresmakta. Den såkalla dialogen som dei snakkar om, blæs han av.

– Det tar ein kaffikopp med oss for å vise at dei har hatt ein dialog med oss. Men vi blir ikkje høyrt. Vi blir ikkje tatt på alvor.

Les også Møtte ministeren med vrengt kofte: – Alt er bare svart nå

Terje Aasland og Elin Magga

Les også Har langt fleire kraftprosjekt enn det er plass til i straumnettet

Den nye 420 kv-linjen fra Balsfjord til Skaidi nærmer seg ferdig. Her kan man se linjen på Sennalandet.