– Vi forventar at vi får låg overleving av desse kryssingane. No har vi kryssa pukkellaks med atlantisk laks, regnbogeaure, røye og aure, seier Monica F. Solberg, genetikkforskar ved Havforskingsinstituttet.
Avkommet vil truleg ikkje kunne reprodusere seg i etterkant.
Ho fortel at dei ikkje har observert desse artshybridane i naturen, og dei forventar at risikoen for dette er låg. Det er likevel fornuftig å stadfeste at det ikkje skjer.
Ifølgje Solberg har dei lykkast i å befrukte egg frå pukkellaksen.
– Vi har i hovudsak brukt pukkellaksegg, og så har dei vorte befrukta med mjølke frå både regnbogeaure, røye og aure. Vi ønskjer å gjere tilsvarande kryssingar der vi bruker egg frå lokal laksefisk og befruktar dei med mjølke frå pukkellaks.
Forskarar ønskjer no å krysse villaks (bildet) med den uønskte pukkellaksen.
Foto: Erlend A. Lorentzen / HI– Litteraturen visar at den metoden kan gi noko høgare overleving, sjølv om overlevinga er framleis veldig låg. Det er ingenting som har gitt bevis på at det er avkom som kan reprodusere, og det er heller ikkje observert i naturen, seier ho.
Katastrofe
Øystein Hansen er medlem av Sør-Varanger jeger- og fiskarforeining og prosjektleiar for uttak av pukkellaks i tre elvar i området. Han seier kryssinga er greitt så lenge forskinga er for stadfeste at dei ikkje kan kryssast.
Øystein Hansen i Sør-Varanger jeger- og fiskarforeining vil ikkje ha ein ny uønskt art i elva. Her held han ein pukkellaks.
Foto: Ksenia Novikova / NRK– Det må vere veldig klare reglar på at det er det ein er ute etter, og ikkje prøve å skaffe endå ein uønskt art. Det ville eg synest er ein katastrofe.
Han har ikkje sett teikn til at dei artane har vorte kryssa i naturen.
– Vi har ikkje funne noko, verken hybrid eller andre ting, og vi har halde på i seks til åtte år med denne typen utfisking. Vi håpar for elva og for miljøet sin del at det ikkje kjem opp noko hybridar.
Svar i løpet av hausten
Fiskeforvaltar hos Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Eirik Frøyland, ønskjer all forsking rundt problema med pukkellaks velkomen.
– Ein har klart å krysse pukkellaks og vanleg atlantisk laks i laboratorieforhold. Det gir berre sterile avkom, som forventa. I naturen er det ikkje observert at det skjer kryssing og at det oppstår hybridar. Det er ikkje det vi er mest bekymra for når det gjeld pukkellaksen i elvane våre.
Kryssingane Havforskingsinstituttet har gjort, vart produsert i midten august, då pukkellaksen vanlegvis gyter.
– Vi forventar å få resultat i løpet av hausten. Viser det seg at vi ikkje vil få noko overleving, så vil vi få resultat tidlegare enn viss desse overlever fram mot klekking. Vi forventar å sjå klekking ein gong i oktober eller november, seier Monica F. Solberg.