Hopp til innhold

Fekk over 7900 pukkellaksar i eit notkast: – Vi får halde koken oppe

Tysdag vart det teke ut enormt mange pukkellaksar med nót i Syltefjordelva. No har talet på pukkellaks som er fanga i Finnmark passert 90.000.

Studenter med sommerjobb å hente pukkellaks opp av Syltefjordelva i Båtsfjord kommune. Det er fra venstre Marianne Ishaug Liplass, Andrea Ødmann, Sondre Risvik, Vilde Normann og Marthe Fivelstad som jobber i Syltefjordelva i sommer.

Sommarjobben til denne gjengen er å hente pukkellaks opp av Syltefjordelva i Båtsfjord kommune. Frå venstre: Marianne Ishaug Liplass, Andrea Ødmann, Sondre Risvik, Vilde Normann og Marthe Fivelstad.

Foto: Jan Steve Sørensen / Privat

Båtsfjord Jeger- og fiskeforeining forvaltar Syltefjordelva i Aust-Finnmark. Dei har saman med ei rekkje frivillige lagt ned ein enorm innsats i tysdag, for det vart teke ut over 7.900 pukkellaksar under dagens økt.

Ein av dei som var med på tysdagsøkta var pukkellakserøktar Marthe Fivelstad frå Stranda.

– Vi kasta nót i elva og tok ut mykje pukkellaksar. Vi var ein god gjeng og mykje fisk, seier ho.

Båtsfjord bruk sorterer fisken dei hentar opp og tek det som er matfisk. Ein del hundekøyrarar henta det som ikkje Båtsfjord bruk vil ha.

– Det er veldig spennande. Det er morosamt å sjå alle som vil bidra og hjelpe elva.

nærbilde pukkellaks dugnad mot pukkellaks

Pukkellaksen får namnet sitt frå korleis den ser ut, nemleg den karakteristiske pukkelen.

Foto: Hanne Wilhelms/ NRK / Hanne Wilhelms/ NRK

Fivelstad studerer vanlegvis biologi i Tromsø. Ho og nokon andre frå studiet fekk tips av ein lærar om denne sommarjobben, og gjennom kjende fekk læraren fiksa sommarjobb til dei.

– Vi er glad i natur og det er ein sommarjobb som står høgt på lista. Vi var veldig heldige, seier pukkellakserøktaren.

Her kan du følgje laksen minutt for minutt frå Vestre Jakobselv.

Haldar koken oppe

Fivelstad fortel at jobben er fysisk tung.

– Når vi står i elva og dreg nót, så dreg vi for hand. Då må mange folk til for å dra i nóta og nokon må få ut det som er i ho. Då bløggar vi den og legg ho på is i kar.

Til dagleg røktar dei også pukkellaksefella.

– Der slepper vi igjennom atlantisk villaks og håvar ut pukkellaksen.

På torsdag skal Fivelstad og dei andre trekkje endå ei nót.

– Det blir ikkje roleg då heller. Det er framleis mykje fisk i elva som skal takast ut. Vi får halde koken oppe, avsluttar ho.

Båtsfjord Jeger- og Fiskarforeining takkar for det store oppmøtet og all hjelp dei har fått. Det er fleire firma som har gitt folk fri med lønn for å hjelpe til på dugnaden.

Les også Fikk 4000 pukkellaks i én fangst: – Det er ubeskrivelige mengder fisk

Vestre Jakobselv jeger- og fiskerforening fanget 4000 pukkellaks i ett notkast

Viktig jobb

I Repparfjordelva i Hammefest kommune er det teke totalt 3.000 pukkellaksar i helga, men 10.000 totalt.

– Det var veldig artig. Det var ein stor dugnad og mykje folk, seier pukkellakserøktar Stine Næss Holmgren.

Ho fortel at all laksen vart henta av folk i helga.

– Folk hentar laks og tek det som hundemat til dømes. Det er bra for oss. Det er ein god fisk, og det er mange som også røykjer han, seier Holmgren.

Ho trekkjer fram at dei veit ikkje kva pukkellaksen vil gjere med elva.

Stine Holmgren Næss er pukkellaksrøkter denne sommeren
Foto: Stian Strøm / NRK

– Med tanke på mengda fisk det er òg. Det er ein framandart i Noreg og det er ein viktig jobb, seier Holmgren.

Les også Får store mengder pukkellaks i sjøen: – Ein fantastisk matfisk

Mia Karine Johansen har fått flere hundre pukkellaks som bifangst i kilenota under sjølaksefisket den siste uken.

Kan få ny bølgje

Førre veke var det i Vesterelva i Nesseby det hadde gått mest pukkellaks i fella. Der er det teke ut over 17 000 laksar totalt. Det skriv Statsforvaltaren i Troms og Finnmark i ei pressemelding.

Alle dei store elvane tek ut mykje pukkellaksar for tida, men det er også mange elvar der pukkellaksen framleis ikkje går opp i elva og fella.

Det kan vere ulike årsaker til dette i dei ulike elvane, til dømes låg vasstand eller låg temperatur.

– I Vesterelva er det aller mest holaks som går opp. Det er typisk at holaksen går opp først, og det kan hende vi får ei ny bølgje seinare med hannlaks. Men eg har ikkje fått kjønnsfordeling stadfesta i andre elvar, så eg kan derfor ikkje seie at det gjeld heile fylket, seier Malin Solheim Høstmark, rådgivar i Miljøavdelingen hos Statsforvaltaren i Troms og Finnmark.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark