Hopp til innhold

Lokalpolitikarar vil ha ro om akuttberedskapen i Kirkenes

Måndag gjekk ikkje ambulanseflya i nord på grunn av uvêr. Lokalpolitikarar i Sør-Varanger seier det viser kvifor akuttberedskap ved Kirkenes sykehus er svært viktig.

Ambulansehelikopteret i Kirkenes står på landingsplassen. Kirkenes sykehus i bakgrunnen.

Ambulansehelikopteret i Kirkenes utførte oppdrag måndag formiddag, medan ambulanseflya ikkje kunne ta av.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Medan ambulanseflya ikkje kom seg i lufta i Nord-Noreg, kunne ambulansehelikopteret i Kirkenes lande måndag formiddag etter å ha henta ein pasient i Vadsø.

Eit par timar tidlegare hadde kommunikasjonsrådgivar Elin Åsbakk Lind i Luftambulansetjenesten fortalt NRK at ingen av deira fly var på vingane.

– Vi har ikkje sett i verk nokre ambulanseflyoppdrag i nord på grunn av vêret. Det er ikkje så mange oppdrag som ligg på vent, men det har altså ikkje vore mogleg å sette i verk noko i dag, sa ho.

Det er langt frå Kirkenes og Aust-Finnmark til næraste sjukehus med permanent respiratorkapasitet. Hammerfest sykehus ligg 50 mil unna, men kan vere utilgjengeleg når veret er dårleg. Universitetssykehuset i Nord-Norge ligg 80 mil unna og kan også vere vanskeleg å nå i dårleg ver. Sjukehuset i Rovaniemi (Finland) ligg like langt unna som Hammerfest, men er lite aktuelt å bruke.

Det er langt frå Kirkenes og Aust-Finnmark til næraste sjukehus med permanent respiratorkapasitet. Hammerfest sykehus ligg 50 mil unna, men kan vere utilgjengeleg når vêret er dårleg. Universitetssykehuset i Nord-Norge ligg 80 mil unna og kan også vere vanskeleg å nå i dårleg ver. Sjukehuset i Rovaniemi (Finland) ligg like langt unna som Hammerfest, men er lite aktuelt å bruke.

Bekreftar behovet for akuttberedskap

Utan akuttberedskap i Kirkenes ville Universitetssykehuset i Tromsø og Hammerfest sykehus vore dei næraste alternativa for alvorleg sjuke pasientar.

Begge stader var flyplassane stengde.

Det er nesten 80 mil frå Kirkenes til Tromsø, og mellom 10 og 11 timars køyretid på ein godversdag.

Hammerfest ligg 50 mil unna Kirkenes. Det er same distanse som Oslo–Trondheim. Det tar bortimot sju timar å køyre strekninga på sommarføre. Den kortaste vegen stengd på seks stader.

Les også Jørn vekker sykehusaksjon i Kirkenes til live – skal slåss for intensivberedskapen

GJENOPPLIVES: Jørn Haga lover at det skal blåses nytt liv i aksjonsgruppa som kjemper for sykehuset i Kirkenes. - Folk i Øst-Finnmark har krav på samme helsetilbud som resten av landet, sier han.

Då ordførar Magnus Mæland (H) i Sør-Varanger såg ut av kontorvindauget måndag føremiddag, var det lite som minte om uvêr med tilhøyrande problem.

I Vest-Finnmark brukte fleire av kollegaene hans mykje tid på beredskapsarbeid for å sikre innbyggarane.

– Dette bekreftar behovet for akuttberedskap i Kirkenes, slo han fast.

– Det som skjer no er årsaka til at vi må ha akuttfunksjonar i Aust-Finnmark, og vi må ha akuttfunksjonar for helse i Vest-Finnmark. Vi veit kor vi bur, og vi veit at vegar blir stengt, du kan ikkje fly, det kan vere utfordrande. Da må vi ha det trygt, trygt for folk og tryggleik for å bu.

Det har vore fleire rundar kor Helse Nord og Finnmarkssykehuset har behandla framlegg om å svekke akuttberedskapen ved Kirkenes sykehus. No er den freda for ei tid framover, mellom anna fordi Stortinget har løyva pengar til formålet.

Magnus Mæland (H) på ordførerkontoret i Kirkenes.

Ordførar Magnus Mæland (H) i Sør-Varanger meiner uvêret dei siste dagane bekreftar at det er naudsynt med akuttberedskap ved Kirkenes sykehus.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Sårbart med lange avstandar

Høgre-ordførar Magnus Mæland får full støtte frå Guro Brandshaug, gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Sør-Varanger kommunestyre.

– Dette er ein situasjon som verkeleg viser oss betydninga av at vi har akuttberedskap spreidd i hele Nord-Noreg. Det viser også kor sårbare vi er når uveret slår inn, at det er store avstandar. Difor trenger vi å ha akuttberedskap rundt om i Nord-Noreg som dekker opp for dei store avstandane.

Les også Til trass for stortingsvedtak: Sjukehusstyret skal avgjere intensivberedskapen i Kirkenes

LIVREDDANDE: Raskt tilgang til respirator kan skille mellom liv og død for svært sjuke eller hardt skadde pasientar.

– Vêret i Aust-Finnmark og Varanger ofte er annleis enn i resten av Finnmark. Kor mykje betyr det for lokalsamfunn utanfor Kirkenes?

– Det betyr mykje. No ser vi at orkan og storm herjar i vestlege dalar av Nord-Noreg. Her i Aust-Finnmark er det mindre vind, og vi kan ta imot pasientar på eit opent akuttsjukehus. Det viser jo betydninga av at vi faktisk har akuttsjukehus både i Aust-Finnmark og Vest-Finnmark, og at vi nå klarer å halde opent for dei som har behov for å komme hit.

Guro Brandshaug

Gruppeleiar for Sør-Varanger Arbeidarparti, Guro Brandshaug, vil ha ro omkring akuttberedskapen ved Kirkenes sykehus. – Det burde ha vore for lenge sidan, seier ho.

Foto: Gyda Katrine Hesla

Ber om ro

Brandshaug har også ei fortid som styremedlem i Finnmarkssykehuset. Der kjempa ho for at helseføretaket skulle oppretthalde akuttberedskapen i Kirkenes. Nå ber ho om ro i denne her saka.

– Det burde det ha vore for lenge sidan. Akuttberedskap handlar jo om å vere budd på situasjonar som kan oppstå, som gjerne er uønskt, men som man ikkje har kontroll på. Denne typen uvêr har vi ikkje sett i Nord-Noreg på veldig lenge. Når det inntreffer, er vi avhengige av at beredskapen faktisk er der, konkluderer ho.

Les også Seks avdelingsledere ved Kirkenes sykehus vil ikke lenger at sykehuset skal tilhøre Helse Nord

Seks avdelingsledere ber om at Kirkenes sykehus ikke lenger skal tilhøre Helse Nord. Fem av de er avbildet her.

Heva beredskap

Finnmarkssykehuset heva beredskapen, blant anna fordi det var vanskeleg for sjukebilar og ambulansefly å ta seg fram.

– Derfor er det ein fordel å ha akuttberedskap i Kirkenes, seier kommunikasjonssjef Eirik Palm ved Finnmarkssykehuset.

Han slår fast at det er ein grunn til at det er to sjukehus i Finnmark, eit fylke med berre 75.000 innbyggarar.

– Det er jo nettopp på grunn av dei store avstandane. Då er det klart at vi bruker alle midla vi kan for å vareta pasientane, som jo er det oppdraget vi er sett til å utføre. Då er Kirkenes sykehus ein viktig del av beredskapen, avsluttar han.