Hopp til innhold

Til trass for stortingsvedtak: Sjukehusstyret skal avgjere intensivberedskapen i Kirkenes

I mars skal styret i Finnmarkssykehuset avgjere kva for behandling alvorleg sjuke og hardt skadde pasientar skal få ved Kirkenes sykehus. Det til trass for at Stortinget i 2020 vedtok at sjukehuset skal ha høgste intensivberedskap.

LIVREDDANDE: Raskt tilgang til respirator kan skille mellom liv og død for svært sjuke eller hardt skadde pasientar.

LIVREDDANDE: Raskt tilgang til respirator kan skilje mellom liv og død for svært sjuke eller hardt skadde pasientar.

Foto: Kristina Kalinina / NRK

I praksis dreier det seg om å ha respiratorbemanning døgnet rundt og heile veka. Næraste (norske) sjukehus med tilsvarande intensivberedskap ligg nesten 50 mil unna - i Hammerfest. Til Universitetssykehuset i Tromsø (UNN) er det nesten 80 mil. Vinterstid er vêret ofte så dårleg at det ikkje er mogleg å sende pasientar med ambulansefly.

Difor er dei lange avstandane eit problem for sikkerheita til pasientane. Så alvorleg at stortingsfleirtalet i mai 2020 bad regjeringa "definere sykehuset i Kirkenes som intensivvirksomhet nivå 2."

I dag ser stortingsvedtaket mest av alt ut som eit fromt ønske for svært mange. Fem legar ved Kirkenes sykehus er leie av uvissa og varslar at dei sluttar om intensivberedskapen blir svekka.

Det er ikkje første kamp om helsetilbodet ved sjukehuset som startar no. Ikkje første omkamp heller.

NRK har vore i kontakt med både Helse- og omsorgsdepartementet og Helse Nord. Dei peiker på at det er opp til styret i Finnmarkssykehuset å sette av pengane som skal til for å vidareføre dagens beredskapsnivå i Kirkenes. Det kostar omtrent 15 millionar kroner i året.

Beklagar varsel frå legar

Styret i Finnmarkssykehuset har bede om ei utgreiing som skal sjå på konsekvensane ved «nedtak av intensivnivå ved Kirkenes sykehus». Ho skal vere klar til styremøtet i mars.

Styreleiar Lena Nymo Helli seier arbeidet er i gang, men ho kjenner ikkje til detaljane i utgreiingsarbeidet.

Samstundes beklagar ho at fem anestesi- og intensivlegar har varsla at dei sluttar om den døgnbemanna respiratorplassen blir fjerna. (Helli sine svar ligg i eigen faktaboks.)

Har vunne, men må ut i nye omkampar

Det har vore fleire basketak om framtida til Kirkenes sykehus. Dei fleste har vore krona med hell for dei som har kjempa for sjukehuset. Det har skapt glede og optimisme.

Seinare kom motløysa når lovnadane ikkje blei følgt opp.

– Omkampane har vore bortimot årvisse, og eg har brukt mykje tid på å argumentere for å halde oppe intensivberedskapen ved Kirkenes sykehus. Rundt årtusenskiftet var det snakk om å legge ned sjukehuset. Då gjekk vi i fakkeltog for å berge det, fortel Geir Braathu. Til dagleg leiar han akuttavdelinga ved Kirkenes sykehus.

OMKAMP: Nok ein gong er framtida usikker for intensivberedskapen ved Kirkenes sykehus.

OMKAMP: Nok ein gong er framtida usikker for intensivberedskapen ved Kirkenes sykehus.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Stortingsvedtak gav håp

Våren 2020 behandla Stortinget den nasjonale sjukehusplanen for perioden 2020 til 2023. Fleirtalet bad regjeringa «definere sykehuset i Kirkenes som intensivvirksomhet nivå 2».

Det var Arbeidarpartiet (Ap), Senterpartiet (Sp), Sosialistisk Venstreparti (SV) og Framstegspartiet (Frp) som danna fleirtalet.

Vedtaket blei som nemnt grunngjeve med at avstand og klimatiske forhold gjer at sjukehuset i Kirkenes også må «kunne utføre respiratorbehandling over flere døgn i påvente av transport, eller frem til det tidspunktet hvor pasienten ikke har behov for respiratorstøttende behandling.»

Det er permanent tilgang til respirator som utgjer skilnaden mellom nivå 1 og nivå 2 for intensivberedskapen (sjå faktaboks).

Vedtaket gjorde at håpet blei tent ved Kirkenes sykehus.

Statsbudsjettet fjerna optimismen

Då regjeringa la fram statsbudsjettet for 2023, blei det ikkje øyremerka pengar til høgste intensivnivå ved sjukehuset i Kirkenes. Det kom heller ikkje pengar då budsjettforliket mellom regjeringspartia og SV låg føre.

Blant dei som stemte for vedtaket i 2020, var det berre Framstegspartiet som røysta for at Stortinget skulle løyve midlar til intensivberedskapen i Kirkenes på statsbudsjettet for 2023. (Sjå faktaboks med tidsline for behandlinga av statsbudsjettet.)

Dermed forsvann optimismen i Kirkenes. No er det altså opp til helseføretaket å avgjere lagnaden til intensivberedskapen ved sjukehuset lengst aust i Finnmark.

Ei veke etter innstillinga frå helse- og omsorgskomiteen vedtok styret i Finnmarkssykehuset at det vil ha «en konsekvensutredning av nedtak av intensivnivå ved Kirkenes sykehus til styremøte mars 2023.»

Alarmen går i Kirkenes

Parallelt med handsaminga av statsbudsjettet i Stortinget, var det ein prosess på gang i Helse Nord for å stake ut strategien for intensivmedisin i heile Nord-Noreg. Planen stod på styret sin dagsorden den 23. november i fjor.

I forkant av styremøtet gjekk alarmen ved sjukehuset i Kirkenes. Fem anestesi- og intensivlegar skreiv brev til Helse Nord saman med fem avdelingsleiarar. Meldinga var klar; folk i Aust-Finnmark har krav på same helsetilbod som resten av landet. Det får dei ikkje dersom det manglar permanent respiratortilbod til dei sjukaste pasientane, på grunn av lange avstandar og dårleg ver:

– Pasienter som må flyttes fra alle andre sykehus i Norge, kan gå med bilambulanse hvis det ikke er flyvær. Dette er ikke mulig fra Kirkenes Sykehus. Vi minner styret om at det er 80 mil fra Kirkenes til UNN og 50 mil til Hammerfest. Sistnevnte er ofte ikke et alternativ for overflytting på grunn av værmessige forhold, heiter det mellom anna i brevet til Helse Nord-styret.

Legane og avdelingsleiarane gjer greie for dei mange omkampane som har vore om intensivberedskapen i Kirkenes sidan 2008. Forfattarane av brevet meiner at stortingsvedtaket i mai 2020 markerte eit tidsskilje.

Difor er dei forundra over at administrasjonen i Helse Nord fremma følgande innstilling til styremøtet: «Vurdering av nødvendig intensivkapasitet ved Kirkenes sykehus tilligger styret i Finnmarkssykehuset å prioritere innenfor helseforetakets rammer.»

Finnmarkssykehuset har forskottert kostnadene ved å ha ein permanent respiratorplass i beredskap sidan stortingsvedtaket i 2020.

Helseføretaket gjekk ut av 2022 med eit samla underskot på 230 millionar kroner. Det er også hovudgrunnen til at dei må vurdere intensvbereskapen i Kirkenes på nytt.

Alvorlege konsekvensar

Brevforfattarane har ikkje tru på at intensivberedskapen i Kirkenes får halde fram utan at det kjem friske pengar. Dei meiner konsekvensane kan bli omfattande, og ramser opp fleire funksjonar som står i fare dersom respiratorkapasiteten blir svekka.

• Kapasiteten til å behandle hardt skadde personar i samband med ulykker (traumefunksjon) blir sterkt svekka eller forsvinn. Dermed må alle pasientar med alvorlege skadar sendast med fly, «og det vil medføre betydelig forsinkelse i behandlingen og samtidig belastning av både luftambulansetjenesten og mottakende sykehus.»

• Den kirurgiske verksemda blir truga fordi akutte og planlagde operasjonar manglar tilgang til god intensivkapasitet.

• Fødeberedskapen blir svekka.

• Det blir vanskelegare å utdanne spesialistar.

• Rekrutteringa står i fare. Det manglar helsepersonell over heile landet, spesielt i distrikta.

Det er kort tekst under sak 167-2022 i referatet frå styremøtet i Helse Nord den 23. november: "Saken ble trukket fra sakslisten."

Den stod heller ikkje på dagsordenen til Helse Nord-styret den 14. desember.

UROA: Anestesioverlege Hilde Wara seier lange avstander og dårleg ver gjer det naudsynt med god intensivberedskap ved Kirkenes sykehus.

UROA: Anestesioverlege Hilde Wara seier lange avstandar og dårleg ver gjer det naudsynt med god intensivberedskap ved Kirkenes sykehus.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Kan finne andre jobbar

Det medisinske personalet ved ei intensivavdeling har lang spesialutdanning, både legar og sjukepleiarar.

I brevet til Helse Nord går det fram at Kirkenes sykehus har klart å bygge opp ein stamme med «fem unge, dyktige og engasjerte leger med lokal tilknytning som satser på en fremtid ved intensiv/anestesi på Kirkenes sykehus. Vi kan bekrefte at samtlige fem vil velge bort Kirkenes sykehus hvis grunnlaget for forsvarlig drift av en intensivavdeling forsvinner.»

Det kan bety større bruk av eksterne vikarar – som ikkje har same interesse for å utvikle og forbetre det faglege tilbodet ved sjukehuset.

INTENSIVBEHANDLING: Intensivsykepleier Alice Sivertsen forklarer kva som skjer med pasientar som blir lagde i respirator.

Hilde Wara er ein av dei fem legane:

– For min del er det ikkje mogleg som anestesilege å stå på dette sjukehuset – som ung spesialist – i eit sjukehus utan intensiv og utan respiratorplass – og eg kan heller ikkje forsvare det overfor befolkninga, seier ho.

Kristina Eriksson Nytun er føretakstillitsvald for sjukepleiarane i Finnmarkssykehuset. Ho seier det ikkje har mangla på åtvaringar om at sjukepleiarane ved intensivavdelinga kan komme til å slutte.

– Det finst mange jobbar for sjukepleiarar, både her og rundt omkring, seier ho.

Ho har heller ikkje sans for dei stadige omkampane om respiratorkapasiteten i Kirkenes.

– At det kjem opp no igjen, det trudde vi aldri skulle skje. Spesielt ikkje etter stortingsvedtaket i 2020.

LEI OMKAMPAR: Foretakstillitsvald Kristina Eriksson Nytun seier ho trudde intensivberedskapen ved Kirkenes sykehus var sikra etter stortingsvedtaket i 2020.

LEI OMKAMPAR: Føretakstillitsvald Kristina Eriksson Nytun seier ho trudde intensivberedskapen ved Kirkenes sykehus var sikra etter stortingsvedtaket i 2020.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Beklagar omkamp

Framstegspartiet sin stortingsrepresentant frå Finnmark, Bengt Rune Strifeldt, seier seg lei for at det har blitt nok ein omkamp om intensivberedskapen i Aust-Finnmark.

– Her bør helseministeren komme på banen og sikre at vi har intensivnivå 2 ved Kirkenes sykehus. Det er eit helsetilbod som innbyggarane i Aust-Finnmark skal vere trygge på at dei har – på lik line med resten av landet.

Arbeidarpartiet sin ordførar i Sør-Varanger er også oppgitt over omkampane. Ho meiner også at Putins ordre om å angripe Ukraina forsterkar behovet for gode helsetenester i området som grenser mot Russland.

– Nesten alle ministrane i regjeringa har vore her etter 24. februar i fjor. Alle har vore klare på at man skal satse på tryggingspolitikken, på at det skal bu folk her Aust-Finnmark – og at det skal bu fleire enn det gjer i dag. Då må vi også vite at helsa vår blir tatt vare på om de skjer noko.

SKIFTA SIDE: Då Stortinget i 2020 ba regjeinga «definere sykehuset i Kirkenes som intensivvirksomhet nivå 2» , var helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol ein del av opposisjonen. Som minister vil ho ikkje øyremerke pengar til permanent respiratortberedskap i Kirkenes.

SKIFTA SIDE: Då Stortinget i 2020 bad regjeringa «definere sykehuset i Kirkenes som intensivvirksomhet nivå 2» , var helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol ein del av opposisjonen. Som minister vil ho ikkje øyremerke pengar til permanent respiratortberedskap i Kirkenes.

Foto: Alf Simensen / NTB

Frå opposisjon til posisjon

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) var ein del av fleirtalet då stortingsvedtaket om intensivnivå 2 i Kirkenes (no «sengekategori 3») blei fatta i mai 2020.

I juni 2021 stilte ho spørsmål til dåverande helse- og omsorgsminister Bent Høie om saka og lurte på når sjukehuset kan «forvente en avklaring?»

NRK stilte nyleg spørsmål til Kjerkol om saka via pressetenesta til Helse- og omsorgsdepartementet. Svaret kom frå statssekretær Karl Kristian Bekeng og er gjeve att i eiga ramme.