Hopp til innhold

Vil endre utskjelt sluttspel i Toppserien – får kritikk av supporterleiar

Innføringa av eit sluttspel i Toppserien har vorte møtt med kraftig motstand både frå supporterar og spelarar. Likevel er det truleg at sluttspelet består – men ikkje i heilt lik drakt som før.

Branns Lisa Naalsund i duell med Vålerengas Thea Bjelde.

NYTT FORMAT: Denne sesongen er den første der det omstridde sluttspelet blir gjennomført.

Foto: Annika Byrde / NTB

Det nye sluttspelsystemet er ikkje eingong eitt år gammalt, men har allereie vorte sterkt kritiserte og ønskt skrotet av både spelarar og supporterar.

Sterkast er motstanden i supportermiljøa, noko som tydeleg kom til syne då supporterklubben «Bataljonen» krona Brann til seriemeistrar då grunnspelet var ferdig – før sluttspelet skulle setje i gang.

Likevel ser sluttspelsystemet ut til å ha komme for å bli – men det skjer ikkje heilt utan endringar. Det bekreftar Nils Fisketjønn, leiar av konkurranseavdelinga hos Noregs Fotballforbund (NFF), overfor NRK.

Les også Supporteropprør vekker sterke reaksjoner: – Det er jævlig trist

Toppserien 2022: Vålerenga - Brann (1-1)

Dette er forslaget

Fisketjønn har leidd utvalet som har sett på sluttspelsformatet i Toppserien. Dei har kome med følgjande forslag til styret i NFF:

  • Sluttspelet fortset som i dag med at dei fire beste klubbane etter 18 kampar i ein grunnserie speler om seriemeisterskapen. Dei seks andre speler i eit sluttspel der ein risikerer nedrykk til 1. divisjon.
  • Endringane blir at ein tek med seg dei poenga ein har teke i grunnspelet og at 1. divisjonslaga ikkje blir tekne opp for å spele mot toppserielaga.

Viss styret i NFF er samd med utvalet vil det bli nedsett ein seriekomité som skal setje opp eit nytt forslag til seriestruktur. Denne komiteen vil då kome med forslag som det skal stemmast over på fotballtinget neste år.

«Bataljonen» meiner det burde ha vore teke langt større grep.

Dei endringane som dei kjem med er openberre, men det er uansett ikkje godt nok. Det er supportarar og klubbane veldig samde i, at sluttspelet må vekk i sin heilskap. Vi kjem ikkje til å anerkjenne sluttspelet så lenge det eksisterer i norsk fotball, seier leder i supporterklubben, Erlend Vågane.

NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp meiner det er positivt dersom sluttspelet held fram, og seier det er vegen å gå for å auke toppnivået i ligaen. Likevel påpeikar han at det ikkje har fungert slik det har vore denne sesongen.

Toppserien 2022

POSITIV: NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Alle er samde om at det formatet som var no, det er heilt skandale. Så det må bli ein mykje meir jamn og rettferdig konkurranseform på det, seier Torp.

Defensiv haldning

Dagleg leiar i Toppfotball Kvinner Hege Jørgensen representerer klubbane og har komme med innspel til utvalet som har sett på sluttspelsformatet.

Vi har jo adressert særleg det som det har komme mest kritikk mot, og det er at det er ein del kampar som blir ubetydelege fordi ein ikkje tek med seg poenga inn i sluttspelet, seier Jørgensen til NRK.

Så forventninga mi til forbundsstyret er at ein lyttar til det klubbane har sagt. Og så får vi jobbe vidare for å heile tida optimalisere ligasystemet til det beste for norsk fotball.

Toppserien 2022

DIALOG: Jørgensen har hatt dialog med klubbane om korleis dei kan gjere justeringar på sluttspelsystemet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Det same meiner «Bataljonen». Dei kjøper heller ikkje at eit sluttspel vil auke nivået.

På ingen måte. Eg synest det er ein utruleg defensiv haldning frå forbundet. Man må jobbe med at nivået blir høgare også for dei svakaste, så det er ein tafatt haldning til kvinnefotball, synest eg, slår Vågane fast.

Klaveness svarar «Bataljonen»

Fotballpresident Lise Klaveness seier at det ikkje er vedteke om det blir sluttspel i Toppserien neste år. Ho trur likevel at det vil komme justeringar, men understrekar at det må bestemmast på fotballtinget mars 2023.

– Det er utruleg kjekt at supporterar engasjerer seg i Toppserien, det gjorde dei ikkje då det vart vedteke. Dette er noko som vart vedteke av medlemmane, det er ikkje noko NFF vedtok den gongen. Det er eit spørsmål som vart teke opp på tinget. Det er eit utval som har teke opp spørsmålet om sluttspelet for å eventuelt gjere det betre. Då må vi vurdere om vi skal ta heile sluttspelet til vurdering, eller om vi skal justere det. Det må tinget vedta, seier Klaveness til NRK.

Fotball, trening med Norges herrelandslag

SVARAR: Fotballpresident Lise Klaveness.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Ho seier at Bataljonen framleis skal bli høyrde, og at dei held dørene opne.

– Førre gong var det ei avstemming og det var eit stort fleirtal (for sluttspel). No kan vi leggje til rette for at tinget kan avskaffe sluttspel eller forbetre det. I neste styremøte vil vi mest sannsynleg setje ned eit utval som legg eit avgjerdsutval for tinget, fortel fotballpresidenten.

Sjølv om Torp er positiv til eit sluttspel, trur han likevel ikkje det har noko som har komme for å bli for alltid.

Eg trur det er rett akkurat no. Og så skjer det veldig mykje positivt i norsk kvinnefotball, med mange store, etablerte klubbar på herresida som byrjar å satse på kvinnesida, seier han.

Gir vi det fem, ti år til så vil kanskje fleire av dei klubbane vere oppe og då kan vi kanskje ha ti, femten gode toppserielag som drivast profesjonelt på det nivået vi ser Rosenborg, Brann, Vålerenga drive no. Då vil det bli ein heilt annan total som kan gi oss ei betre matching.

Les også Slakter dagens Toppserie-system – vil danne skandinavisk «superliga»

Football, Toppserien, Stabæk - Lyn

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal