Hopp til innhold

Har spelt 266 seriekampar på rad – no tar rekka slutt

Rosenborg-kapteinen rauk korsbandet mot Lillestrøm. No ryk også Mali Næss si rekke på ti år utan fråvær.

Rosenborgspelar Mali Næss etter skade

SKADA: Ho har unngått skadar, sjukdom og suspensjonar i ti år. No må Mali Næss sjå resten av sesongen frå sidelinja.

Foto: Morten Børre Karlsen / NRK

Sidan 2014 har Mali Næss spelt kvar einaste seriekamp.

No tar det som truleg er Noregs lengste rekke utan fråvær slutt.

På måndag hinka Rosenborg-kaptein Mali Næss av banen etter berre ti minutt i seriekampen mot Lillestrøm.

Onsdag blei det klart: Roke korsband, operasjon og opptil tolv månader på sidelinja.

Mali Næss skada

Sjølv med roke korsband er Næss med laget på tur langs Ladestien i Trondheim.

Foto: Henning Levold / NRK

Truleg noregsrekord

– Det er veldig uvant at det er noko, seier Næss sjølv.

Sidan ho kapra fast plass på laget, som den gang heit Trondheims-Ørn, har ho ikkje stått over ein einaste kamp i Toppserien.

Verken skadar eller suspensjonar har sette høgrebacken på sidelinja.

– Det jo kjedeleg og kjipt. Eg vi jo helst vere saman med jentene og bidra på banen.

At ho har vore skadefri har gitt ei imponerande rekke på 266 kampar utan fråvær sidan 2014.

rosenborgspelar Mali Næss skada

– Vi har eit fantastisk trenerteam og ei gruppe som står på og gjer jobben kvar einaste dag, så eg har trua på at dette er sesongen vi tar det, seier kapteinen.

Foto: Morten Børre Karlsen / NRK

Ei slik rekke kan truleg ingen i Noreg, og svært få i verda, matche.

– Eg tenker ikkje så mykje på akkurat det med rekka, seier 29-åringen sjølv.

– At eg har slite så lite med kroppen og skader så langt er eg veldig takksam for. Det er kjipt at det er noko såpass alvorleg når det først er noko.

Les også Mali har spilt hver eneste seriekamp siden 2014

Mali Næss

No må ho sjå resten av sesongen frå sidelinja. Det kan ta så mykje som eitt heilt år før ho igjen er kampklar.

– Eg må berre jobbe på og gjere det beste utav det. Eg vil tilbake så fort som mogleg, det er å spele fotball eg elskar.

Mali Næss og Robin Shroot

Robin Shroot må klare seg utan kapteinen resten av sesongen.

Foto: Henning Levold / NRK

– Ein fantastisk spelar og menneske

– Det er hjarteskjerande. Det er trist både for henne og for laget, seier Rosenborg-trener Robin Shroot.

Han må no klare seg utan kapteinen resten av sesongen. For eit Rosenborglag som jakter gull er det eit stort tap.

– Ho er ein fantastisk fotballspelar og eit eksepsjonelt menneske.

Trenaren meiner det er inspirerande både for laget og andre at ho har heldt seg skadefri.

– Den lange rekka hennar er eit tydeleg teikn på kor dedikert ho har vore, kor hardt ho har arbeida og kor høgt ho elskar fotball.

Mali Næss Rosenborg kvinner

Kapteinen er viktig for Rosenborg også utanfor banen.

Foto: Morten Børre Karlsen / NRK

Viktig også utanfor banen

Også medspelarane hennar lar seg både imponere og inspirere av Næss' rekord.

– Det er vel veldig få uansett liga og kjønn som har klart dette, seier Cesilie Andreassen.

Sjølv om det er lenge til kapteinen igjen blir å sjå på banen, er ho likevel ein viktig del av gruppa, seier lagvenninna.

– Å ha Malin gir ein ro og tryggleik i laget.

– Ho er veldig viktig også utanfor banen. Der kan ho heldigvis framleis bidra, seier Andreassen.

Les også 18-åringen følger i farfars fotspor: – Selvfølgelig er jeg stolt

Jesper Reitan-Sunde på RBK-trening.

– Eit slag i ansiktet for Rosenborg

Rosenborg har starta sesongen godt og ligg på andreplass etter ni kampar. Berre målforskjell skil trønderane frå serieleiar Vålerenga.

NRK sin fotballekspert Carl-Erik Torp er ikkje i tvil om at Rosenborg vil bli svekka i Næss sitt fråvær.

– Å miste kapteinen sin og ein leiartype som Næss er ikkje enkelt, seier Torp.

– Det er klart det er eit slag i ansiktet for Rosenborg.

Kor stor påverknad dette vil ha er Torp derimot ikkje sikker på.

– Det er nesten vanskeleg å sjå for seg Rosenborg utan Næss. Eg har følgt Toppserien tett i fem-seks år no, men har jo aldri sett ein Rosenborg-kamp utan henne.

rosenborg og dkade

-Det var kjedeleg at det skulle vere noko så stort når eg først blei skada, seier Næss.

Foto: Morten Børre Karlsen / NRK

Les også Hetsa kvinnefotball i beste sendetid: – Det er ingen som er interessert

DSC07197