Hopp til innhold

Russisk kunstløpar trua med å forlate intervju etter dopingspørsmål

Russiske Diana Davis såg vettskremt ut då ho lét partnaren sin svare på alle spørsmål omkring dopingsaka til Kamila Valjeva. Då trenar og mor Eteri Tutberidze blei temaet, kokte det over.

Beijing Olympics Figure Skating

KJENSLER: Russiske Diana Davis får ein klem av partnaren Gleb Smolkin etter gjennomført program på isen.

Foto: Natacha Pisarenko / AP

Det var ei trykka stemning i pressesona etter at russiske Diana Davis og Gleb Smolkin hadde gjennomført sitt isdans-program på Capital Indoor Stadium i Beijing.

Dei siste dagane har vore prega av mykje negativ merksemd i retning det russiske kunstløp-landslaget, etter at det vart kjent at gullvinnar Kamila Valjeva hadde testa positivt på ein dopingprøve 25. desember.

No er både Valijeva og hennar næraste støttespelarar etterforska for mogleg brot på antidoping-reglementet, og ein av dei er mor til Davis – den kjende kunstløp-trenaren Eteri Tutberidze.

Davis har hatt mykje kontakt med mor si dei siste dagane, men ifølge partnaren er det sportsleg prat som har vore i fokus.

– Ho er berre ei mor, ho er ikkje trenaren vår. Ho er her med oss, støttar oss og heiar på oss, seier Gleb Smolkin på vegner av partnaren.

Beijing Olympics Figure Skating

TIL STADE: Trenar og mor Eteri Tutberidze vitna programmet til dotter si, Diana Davis laurdag.

Foto: David J. Phillip / AP

Det tar ikkje lange tida før han blir kraftig irritert over spørsmåla som kjem i retning partnaren sin, og fyrer av ein kraftsalve til dei frammøtte:

– Du må endre spørsmåla dine, eller så er vi ferdige her.

Har medkjensle for Valijeva

Paret er naturlegvis prega av dopingsaka, men understrekar at det ikkje påverkar isdans-konkurransen.

– Vi tenker ikkje på situasjonen. Det er vanskeleg å seie noko om det, for vi veit like lite som dei fleste andre. Vi må berre vente på utfallet av saka, seier Smolkin til NRK.

Han viser mykje medkjensle for den unge utøvaren.

– Vi ynskjer Kamila alt det beste. Ho er ein fantastisk utøvar, og ein veldig god kunstløpar. Ho har ein lys framtid, definitivt, seier han.

– Kva tykkjer de om at ei så ung jente blir etterforska for doping?

– Det er naturlegvis ikkje bra, uavhengig om det skjer med Kamila eller nokon andre. Det er alltid dårleg når noko slikt som dette skjer. Vi er veldig lei oss på hennar vegne, seier han.

Figure Skating - Ice Dance - Rhythm Dance

TAKKAR AV: Diana Davis og Gleb Smolkin.

Foto: ALEKSANDRA SZMIGIEL / Reuters

Mykje merksemd

Japanske Misato Komatsubara og Tim Koleto konkurrerte òg i lagkonkurransen måndag. Dei tok bronse bak den russiske olympiske komité (ROC) og USA, og har difor fått søkelyset på seg som følge av den positive dopingprøven.

Figure Skating - Ice Dance - Rhythm Dance

STOLTE: Misato Komatsubara og Tim Koleto etter å ha levert eit godt program til trass for turbulent veke.

Foto: ALEKSANDRA SZMIGIEL / Reuters

– Vi har måtte handtere litt meir bråk enn det vi er vant til dei siste dagane. Det har gitt viktig lærdom om korleis vi skal kanalisere energien vår, seier Koleto til NRK.

– Har det vore utfordrande?

– Ja, heilt klart. Spesielt i desse tider med sosiale medium, er det veldig enkelt å få mykje støy mot seg, og det er både positiv og negativ støy. Det har komme alle slags spørsmål, som har utfordra konsentrasjonen vår, seier Koleto vidare.

Det er ikkje tvil om at utøvarane er redde for at kunstløp-idretten er sett i eit negativt lys.

– Rein sport er viktig i alle disiplinar og i alle land. Vi vil helst forsvare integriteten til sporten vår, og halde oss til reglane, seier Koleto.

Måtte ta til tårene

Både laurdag og søndag var Valjeva å sjå på trening i ishallen i Beijing.

Den internasjonale valdgiftsrett for sport (CAS) har late russaren halde fram med trening mens ein ventar på ein avgjerd om ho får delta i kvinnene sitt kortprogram tysdag.

Valijeva

LEI SEG: Kamila Valjeva i ishallen.

Foto: MANAN VATSYAYANA / AFP

Den avgjerda er vente å kome måndag, etter høyringa søndag ettermiddag. Det skriv CAS i ein pressemelding.

I treningshallen laurdag skulle ho gå gjennom kortprogrammet sitt, men feila i det ho skulle prøve seg på ein trippel aksel, eit hopp ho vanlegvis klarer heilt enkelt. I OL blei ho historisk då ho tok eit firedobbelt hopp to gonger.

45 minuttar brukte ho på isen, og undervegs måtte ho få ein trøystande klem av hovudtrenar Eteri Tutberidze.

FILE PHOTO: Figure Skating - Training

VANSKELEG: Valjeva i armane til Tutberidze.

Foto: ALEKSANDRA SZMIGIEL / Reuters

Starta etterforsking

Då det blei kjent at Valjeva gav ein positiv prøve på det forbodne stoffet trimetazidin frå romjula, la Russland sitt antidopingbyrå (Rusada) inn ein klage, og oppheva automatisk suspensjonen slik at ho kunne konkurrere vidare i Beijing medan saka var under behandling.

Den internasjonale olympiske komité (IOC) og verdas antidopingbyrå (WADA) sette seg imot den avgjerda, og anka det inn til CAS.

Sidan Valjeva er ein mindreårig, kan ho i beste fall ta imot ein irettesetjing frå idretten si valdgiftsrett, men reglane seier at følget hennar òg må bli etterforska. Det skriv Ap.

Rusada har difor sett i gong dette.

– Hovudmålet med etterforskinga er å avsløre alle detaljar om moglege brot på antidopingreglane i interessa til ein person i forsvar, har Rusada sagt i ein pressemelding.

Mest sannsynleg kjem Valjeva til å miste den nasjonale tittelen ho tok imot i fjor, som følge av den positive prøva frå desember.

Tysdag går kortprogrammet av stabelen, og torsdag er det friløp på Capital Indoor Stadium i Beijing.

Les også Journalister hetses og trues på livet etter kunstløp-avsløringer

Kamila Valieva

Siste nytt

  • Haavi og Sønstevold vant serien i Italia

    Roma er mester i kvinnenes Serie A for annet år på rad ettersom Juventus tapte hjemme mot Inter fredag kveld.

    Det betyr Emilie Haavi har to strake seriegull med Roma, mens også Anja Sønstevold, som signerte for hovedstadsklubben i januar, kan juble over ligatittelen.

    På Instagram har Haavi delt et bilde i anledning den ferske tittelen. Roma spiller ikke denne helgen, men kan likevel feire seriegull.

    – Italienske mestere! skriver den norske landslagsspilleren.

    Roma ledet Serie A med elleve poeng før helgens runde, og Juventus trengte seier over Inter for å ha teoretisk sjanse til å ta igjen Haavi og Sønstevolds lag.

    Med 0-2-nederlag er avstanden for stor til at Juventus kan tette luken på sine tre gjenstående kamper.

    (©NTB)

    vHO2bp7V33w
    Foto: NTB
  • OL-kravet glapp for Grøvdal i Tyskland

    Karoline Bjerkeli Grøvdal deltok lørdag under «Adizero: Road To Records» - et friidrettsstevne i regi av hennes sponsor Adidas.

    Det norske OL-håpet stilte til start på 10 kilometer gateløp, med håp om å kvalifisere seg til sommerens leker i Paris.

    Kravet for å kvalifisere seg direkte til Paris er 30 minutter og 40 sekunder. Grøvdal kom i mål på 30.52 i Tyskland.

    33-åringen kan kvalifisere seg på ranking, men kan ikke føle seg trygg på det slik situasjonen er nå.

    Agnes Jebet Ngetich vant løpet, bare to sekunder bak verdensrekorden på 10 kilometer. Hun kom i mål på 30,03.

    Friidretts-VM 2023: 5000 meter forsøk
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Breigan nær norgesrekord

    Ida Breigan har vært i fyr og flamme så langt denne sesongen. Innendørs satte hun norgesrekord i lengde i februar, og hun flyr langt utendørs også.

    Under Texas Invitational fredag hoppet hun 6,65 meter. Det er bare tre centimeter bak norgesrekorden utendørs, som tilhører Margrete Renstrøm.

    Vindresultatene fra konkurransen er ennå ikke kjent. Breigan har tidligere hoppet 6,74 meter, langt forbi norgesrekorden, med da med for mye medvind.

    Breigans personlige rekord utendørs fra tidligere er 6,58 meter. Om vindforholdene i Texas blir godkjent, er den nå altså forbedret.

    Ida Andrea Breigan
    Foto: PRIVAT

Sendeplan

Kl. Program Kanal