15-åringen er blant dei yngste deltakarane, men stjerneskotet dominerte i friløpet sitt i lagkonkurransen for ROC (Russlands olympiske komité). Valijeva vart tidenes første kvinne som meistra eit firedobbelt hopp i OL, og gjorde det attpåtil to gonger.
Ho innleia med ein firedobbel salchow og landa seinare ein firedobbel tvåloop i kombinasjon med ein trippel tvåloop. Ho prøvde òg eit tredje firedobbelt hopp, men då datt ho.
– Valijeva er verkeleg ein attraksjon i kunstløp. Ho er kyssa av Gud. Alt stemde. Ho har dei beste trenarane på jorda. Bravo! Det sa tidlegare OL-sølvvinnar Ilja Averbukh til Sport-ekspress.
Blir kalla tidenes beste
ROC hadde allereie sikra gullet før Valijeva sette krona på verket med ei historisk framsyning. USA tok sølvet framfor Japan på tredjeplass.
– Olympisk gull var barndomsdraumen min. Eg har snakka om dette med mamma sidan eg var liten. No er draumen gått i oppfylling, seier Valijeva til Sport-ekspress etter triumfen.
Hyllesta kom frå alle kantar etter prestasjonen i OL-debuten.
– Herregud. Viss ikkje denne prestasjonen inspirerte heile verda til å byrje med kunstløp, veit eg ikkje kva som ville ha gjort det, sa tidlegare kunstløpar Johnny Wier til amerikanske NBC.
Camilla Gjersem er fem gonger noregsmeister, og svarer slik på spørsmål om Valijeva er tidenes beste kunstløpar:
– Ja, det vil eg eigentleg seie. Det har vore ei enorm utvikling dei siste åra, spesielt med tanke på vanskegrada på hoppa. Det er overraskande korleis jentene har nærma seg gutane, og er nærast like gode no. Det ser ein ikkje i mange idrettar, seier Gjersem.
Tviler på lang karriere
Valijeva har allereie skaffa seg ei heftig merittliste trass den unge alderen. Heile ni gonger har ho sprengt poengskalaen i kortprogram og friløp, og sett verdsrekord på verdsrekord. No har ho verdsrekorden i begge øvingar.
Vinnarane i kunstløp blir stadig yngre, men samtidig blir karrierane kortare.
– Det tykkjer eg er synd. Dagens utøvarar har ikkje ein veldig lang idrettskarriere i verdstoppen. Eg stiller meg kritisk til korleis dette bidreg til rovdrift på unge utøvarar. Dei beste blir stadig yngre. Det hadde vore betre for sporten og interessa om utøvarane hadde klart å vere med lengre, seier Gjersem.
Valijeva har vunne alle konkurransar ho har delteke i denne sesongen. No er ho naturlegvis gullfavoritt før dei individuelle konkurransane byrjar. Sannsynligvis kjem ho då til å skrive eit nytt kapittel OL-historie.
Men karrieretoppen varer ikkje lenge. Milano-OL i 2026 går truleg utan ein då 19 år gammal Valijeva, spår Gjersem.
– Sjansane for at ho er der i neste OL er ikkje stor.