Hopp til innhold

Ny regel vekker harme: – Sjokkerande og rart

Ida Andrea Breigan (19) siktar mot stjernene. Nå fryktar ho at ein ny regel kan øydelegge sporten ho elskar.

Ida Andrea Breigan

STORT TALENT: Ida Andrea Breigan har levert fleire fantastiske hopp den siste tida. 19-åringen sette nyleg norsk rekord innandørs i lengde.

Foto: PRIVAT

Ida Andrea Breigan flyg høgt – og ikkje minst langt – om dagen. 19-åringen har på kort tid etablert seg som eit av norsk friidretts store framtidshåp.

Tidlegare denne månaden sletta ho Berit Berthelsen sin 57 år gamle noregsrekord i lengde. To veker seinare forbetra Breigan sin eigen rekord til 6,58 meter.

Det er veldig gøy og stas når det er sånne ting skjer. Så det er berre å ta det med seg vidare, ha det som ei hyggeleg oppleving og bruke det vidare som motivasjon, fortel ho på videolink frå USA.

Sjå rekordhoppet her:

Breigan er frå Fredrikstad, men reiste til USA for å studere ved University of Texas at San Antonio etter vidaregåande. Stortalentet fortel om eit heilproft opplegg i regi av skolen, der alt blir lagt til rette for at ho kan følge idrettsdraumane sine.

Etter rekordhoppet blei ho påskjønt med utmerkinga «Freshman of the Year».

– Den er ganske tung, så eg var litt redd for å få overvekt på flyet heim. Det er utruleg gøy å ha denne motivasjonen ståande heime, og nå kan eg sjå på den kvar gong eg vaknar, smiler ho og viser fram trofeet.

Ida Andrea Breigan Freshman

STOLT: Breigan viser fram trofeet som bevis at ho er «Freshman of the Year».

Foto: NRK

– Øydelegg konkurransen

Akkurat i det Breigan er i ferd med å få det store gjennombrotet sitt, vurderer Det internasjonale friidrettsforbundet (World Athletics) å gjere store endringar i lengdesporten.

Sjefen i forbundet Joe Ridgeon avslørte nyleg at dei ønsker å fjerne planken i lengdehopp. Den skal bytast ut med ein «take-off zone» – eit område utøvarane må ta sats frå.

Hoppene vil da målast frå der du tar av frå til der du landar, men det vil ikkje vere same krav til å time tilløpet.

Eg synest det øydelegg konkurransen og øvinga. Det blir jo ei heilt ny øving, seier Breigan, som har jobba knallhardt for å perfeksjonere tilløpet og satsen den siste tida.

Ho får støtte av mangekjemper Sander Skotheim, som har lengde som ein del av konkurransen sin.

Eg er ikkje veldig stor fan av det. Det er ein del av sjarmen å treffe bak planken, så eg kjenner det tar bort noko, seier han til NRK.

Ida Andrea Breigan

MERK DEG NAMNET: Ida Andrea Breigan.

Foto: PRIVAT

World Athletics grunngir ønsket med at det er for mange underkjente hopp – altså at utøvarane trakkar over planken før dei satsar. Under friidrett-VM førre sommar blei éin tredel av hoppa annullert, ifølge forbundet.

– Det fungerer ikkje, det er bortkasta tid. Så vi vil teste ein «takeoff zone». Da vil kvart hopp vere gyldig, noko som aukar dramatikken i konkurransen, uttalte Ridgeon i podkasten Anything But Footy.

Sjokkerande og rart

Breigan er ikkje den einaste som stussar, for forslaget har møtt massiv motstand. Blant anna frå legendariske Carl Lewis, som lurte på om det var ein tidleg aprilsnarr.

– Lengde er ei av dei vanskelegaste øvingane i friidrett. Dette vil fjerne ei av dei vanskelegaste ferdigheitene som trengst i øvinga. Kanskje skal ein gjere basketkorga større fordi så mange bommar på straffekast? seier den tidlegare OL-meisteren sarkastisk.

Verdsmeisteren frå 2023 Ivana Spanovic stemmer i.

Ivana Spanovic

STJERNE: Ivana Spanovic er regjerande verdsmeister.

Foto: AP

– De endrar reglane utan å spørje dei som driv med sporten. De ignorerer synspunkta deira og respekterer ikkje deira meiningar, tornar serbaren.

Breigan fortel at den foreslåtte regelendringa har blitt ein stor snakkis i friidrettsmiljøet på skolen.

Satsen er noko av det viktigaste. Det at ein har øvd så mykje på det, og så skal det plutseleg ikkje telje lenger. Eg synest det var veldig sjokkerande og rart da eg først høyrde om det, fortel ho.

Den nye regelen skal gjennom ein prøveperiode denne sesongen. NRK har bede World Athletics om ein kommentar til kritikken, foreløpig utan svar.

Les også Rooth hasta til sjukehus – fekk «blackout» etter marerittskade

Andrea Rooth skade

Gode genar

Breigan vel å halde fokus på treninga. På universitetet blir ho trena av tidlegare VM-sølvvinnar Kareem Streete-Thompson.

– Det er utruleg givande å ha han som trenar. Han har så mykje å komme med og er veldig fokusert på detaljar. Eg er veldig fornøgd med at han er trenaren min, fortel 19-åringen, som blei noregsmeister både innandørs og utandørs i fjor.

Ida Andrea Breigan og Kareem Streete-Thompson

TRENAR OG ELEV: Breigan saman med trenar Streete-Thompson.

Foto: PRIVAT

Friidretten har ho fått inn frå barndommen av. Pappa Bo Breigan var i noregstoppen på 800-meter, mens mamma Mimi Storm-Hansen er tidlegare norsk meister i høgdehopp.

Gode gen, med andre ord.

– Eg kan takke dei litt for det, gliser ho.

«Skal eg orke å gå gjennom dette?

Stortalentet har vore gjennom nokre tøffe skadeperiodar dei siste åra. Eit trøyttleiksbrot og ein strekk i hamstringen plaga henne i lang tid.

– Det er noko av det tøffaste ein kan gå gjennom som utøvar, seier Breigan.

– Korleis jobba du deg tilbake frå det?

Eg var jo framleis ung da eg først blei skadd. Det var ein periode kor eg var veldig lei og tenkte «skal eg orke å gå gjennom dette?». Men det er jo augeblink som dette som gjer det verd det. Når ein får betalt for det ein har jobba for, seier den ferske rekordhaldaren.

Ida Andrea Breigan, Ibizo David-West, Kiah Dubarry-Gay, Vivienne Morgenstern

LAG: Breigan sprang også stafett med skolelaget. Her saman med Ibizo David-West, Kiah Dubarry-Gay og Vivienne Morgenstern.

Foto: PRIVAT

Breigan er 12 centimeter bak kravet til EM utandørs i juni. Men ho er framleis ung og dei store meisterskapane får komme når dei kjem, tenker ho.

Eg har det i bakhovudet, og det hadde vore utruleg gøy. Men først og fremst prøver eg å hoppe så langt eg kan og gjere det beste ut av konkurransane her i USA nå, avsluttar Noregs nye lengdestjerne.

Spilles av
Nusa med drømmescoring - bilder fra TV 2 Direkte
Neste

Siste nytt

  • Nypan benket i ny Middlesbrough-seier – Slo Egelis Ipswich

    Sverre Nypans Middlesbrough har fått en kjempestart på sesongen, og fredag tok de nok en kruttsterk seier i den engelske mesterskapsserien.

    Hjemme mot opprykksfavoritt Ipswich vant de 2-1. Nypan, som er på lån fra Manchester City ut sesongen, ble sittende på benken gjennom hele oppgjøret.

    Sindre Walle Egeli startet for Ipswich, men ble byttet ut etter 67 minutter. På det tidspunktet ledet Middlesbrough 2-0.

    Middlesbrough topper tabellen to poeng foran Coventry, som har spilt én kamp mindre enn serielederne.

    Ipswich har skuffet etter nedrykket fra Premier League og ligger på 9.-plass.

    et par fotballspillere på en bane med et publikum som så på
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Strasbourg fortsetter å overraske – tok poeng mot PSGs stjernegalleri

    Strasbourg har levert en strålende sesongåpning i fransk toppfotball og holdt mesterlaget Paris Saint-Germain til 3-3 på bortebane fredag.

    Strasbourg står med fem seirer, en uavgjort og to tap hittil denne sesongen. PSG topper tabellen med ett poeng mer etter åtte kamper.

    Strasbourg ble nummer sju i Ligue 1 sist sesong. Byen, som ligger helt på grensen til Tyskland, har sjelden fått feire titler. Den hittil eneste ligatriumfen kom i 1978/79-sesongen.

    I 2016 befant klubben seg på nivå tre i det franske seriesystemet, men har siden klatret og blitt et lag å regne med i toppdivisjonen. Sjetteplass (2021/22) er det beste resultatet siden 1980.

    PSG har på sin side vært et topplag gjennom mange år og vant sist sesong både ligaen, cupen og Mesterligaen. (NTB)

    En gruppe fotballspillere feirer
    Foto: Christophe Ena / AP / NTB
  • Ruud klar for semifinale i Stockholm – slo tilbake mot amerikansk stjerne

    Casper Ruud er klar for semifinalen i Stockholm Open etter å ha slått amerikanske Sebastian Korda 2-1 (6-7, 6-4, 6-4).

    Nordmannen fikk en tøff start på kampen. Han tapte åpningssettet etter et tiebreak, men i de to neste settene sikret han seg de nødvendige bruddene.

    26-åringen fra Snarøya servet hjem kampen etter to og en halv time.

    – Jeg tok vare på de små mulighetene jeg fikk, og heldigvis servet jeg bra, sa Ruud til arrangøren etter kampen.

    I semifinalen venter enten hjemmehåpet Elias Ymer eller Denis Shapovalov.

    Dersom Ruud tar seg hele veien til finalen i ATP 250-turneringen, kan det bli et møte med danske Holger Rune.

    Rune møter Ugo Humbert i den andre semifinalen.

    en mann som spiller tennis
    Foto: Jonas Ekströmer / TT / TT / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal