Hopp til innhold

Bjørndalen åtvarar Christiansen: – Han er veldig hissig på grauten

Vetle Sjåstad Christiansen køyrer sitt eiget opplegg for å vere i form i VM. Til råds har han spurt Ole Einar Bjørndalen, som kjem med ei tydeleg åtvaring.

Ole Einar Bjørndalen og Vetle Sjåstad Christiansen

ÅTVARING: TV 2s ekspert åtvarar Vetle Sjåstad Christiansen før han reiser opp i høgda for å førebu seg til VM.

Foto: NTB/AFP

Mens resten av skiskyttarlandslaget reiste heim til Noreg frå vakre omgjevnader i Nord-Italia måndag, så la Vetle Sjåstad Christiansen seg inn på hotell åleine.

For han har lagt sin eigen plan om å vere igjen i Italia og trene fram til VM i Tsjekkiske Nove Mesto, som startar 7. februar.

– Eg reiser til høgda og ladar batteria, seier han til NRK.

Skiskyttarane er akkurat ferdig med siste verdscupkonkurranse før verdsmeisterskapet. Og i Anterselva raska Christiansen med seg ein siger på fellesstarten sundag.

Men sjølv om forma heilt tydeleg er bra, så vil Christiansen gjere enda meir. Slik at VM-forma blir enda betre. Difor skal han gjennomføre sin eigen treningsleir i Lavazé, om lag 1800 meter over havet.

Vetle Sjåstad Christiansen

ÅLEINE: Vetle Sjåstad Christiansen skal førebu seg åleine før VM.

Foto: BILDBYRÅN

Også før førre VM vart Christiansen igjen i høgda, men det fungerte ikkje så godt før meisterskapen i Oberhof der det vart stafettsølv og ein femte- og sjetteplass.

Då ban han om fleire råd frå mannen som er kjend for å lykkast godt med høgdetrening før meisterskap.

– Eg har blitt erfaren på ein måte med, kall det høgdetrening og opplading til renn i høgda. Men akkurat det å bruke høgdeopplading som formtopp til meisterskap – der manglar eg litt kunnskap.

– Så da er det godt å ha slike typar som Ole da, som set standarden og har gjort dette her tusen gonger, seier Christiansen til NRK.

Vetle Sjåstad Christiansen vant fellesstarten i Anterselva. Men gjorde han det på «ærlig» vis?

Vetle Sjåstad Christiansen vant fellesstarten i Anterselva. Men gjorde han det på «ærlig» vis?

Tydeleg åtvaring

NRK møter Ole Einar Bjørndalen på skytebana i Anterselva, rett etter herranes fellesstart sundag. Der står han som ekspertkommentator for TV 2. Han fortel velvillig om råda han har gjeve Christiansen.

– Han er nysgjerrig på høgdetrening og kva dagar det funkar best når ein kjem ned igjen frå høgda, seier Bjørndalen.

Ole Einar Bjørndalen på jobb for TV 2 på standplass i Oberhof

EKSPERT: Ole Einar Bjørndalen har sidan sesongen 2022/23 jobba for TV 2 som skiskytingekspert.

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

Bjørndalen fortel au om at han kom med eit tydeleg råd og ei åtvaring til Christiansen i ein av pratane dei har hatt.

– Han er veldig hissig på grauten. Han likar å køyre intensivt, så eg prøver å halde han att litt eg da.

Bjørndalen seier at løparane no bør kvile etter ei lengre periode med veldig mange skirenn. Christiansen gjekk ikkje renn i Oberhof rett etter nyttår, og ifølgje Bjørndalen meinte Christiansen at han difor burde trene litt hardare når han kom til høgda no:

– Han har ikkje gått like mange renn som dei andre, så han meinte at han måtte ha meir intensitet. Men eg trur ikkje at han treng så mykje meir intensitet no.

Og Christiansen ser ut til å ha slått seg til ro med å følgje råda frå han som i si tid tok 95 verdscupsigrar, 20 VM-gull og åtte OL-gull.

– No blir det veldig viktig å ta det med ro, seier Christiansen, før han fortset:

– Han er på ein måte fasit for det opplegget vi følgjer no.

Dorothea Wierer

Superstjerna har fått sesongen øydelagd av sjukdom: – Eg er bekymra

Lét Bjørndalen bestemme

31-åringen frå Geilo har i tillegg til å forhøyre seg med Bjørndalen om innhaldet i treninga på høgdesamlinga si, spurt han til råds om kva tid han skal reise ned att frå Lavazé for å få mest utbytte av høgdetreninga.

– Eg prata litt med Ole og lét han bestemme kva dag sprinten i VM skulle komme på. Så det blir dag ni etter høgdeopphaldet ser det ut som, seier Christiansen med eit stor glis.

– Det er i kvart fall «safe», seier Bjørndalen før han legg til:

– Når det er så kort høgdeopphald, så er den niande dagen veldig «safe». Så det trur eg at skal gå bra.

TV 2-eksperten er ikkje i tvil om at verdsmeisterskapen i Nove Mesto kan bli innertiar for 31 år gamle Christiansen.

– Viss alt stemmer så er han storfavoritt til alle renn, saman med Johannes Thingnes Bø. Han er ein fullkomen skiskyttar. Han kan handtere alle typar distansar. Så, han kan bli VM-konge, seier Ole Einar Bjørndalen.

VM i skiskyting startar 7. februar. Det ser du på NRK og TV2.

null
Spiller nå
Sjekk Ruuds sommerskille: – Noe av det raffeste jeg har sett 00:21
Neste

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal