Hopp til innhold

Tek VM-grep etter Bjørndalen-prat: – Vil kalle det ein kommando

Vetle Sjåstad Christiansen er frustrert av overlegne Johannes Thingnes Bø og har lagt sin heilt eigen plan før VM. Det etter ein samtale med skiskyttarkongen Ole Einar Bjørndalen.

Vetle Sjåstad Christiansen, Ole Einar Bjørndalen

VINTERLEG: Det er gode snøforhold i dei italienske alpane, men det er ikkje hovudgrunnen til at Vetle Sjåstad Christiansen blir igjen der til VM.

Foto: AFP/NRK

Etter verdscuprunden i Anterselva denne veka reiser det norske skiskyttarlaget tilbake til Noreg for å førebu seg til VM i Oberhof i februar. Med unntak av Vetle Sjåstad Christiansen – som har laga sitt eige opplegg.

Eg må prøve å gjere noko anna enn Johannes (Thingnes Bø). Skal det vere håp om å slå han eller ta medalje, så må eg optimalisere der det er mogleg å optimalisere, fortel han til NRK.

Les også Konkurrenter ut mot Thingnes Bøs hysjing: – Det er unødvendig

Thingnes Bø

Difor blir han igjen i høgda i Italia på eiga rekning. Ein plan som vart laga etter å ha teke ein prat med Ole Einar Bjørndalen.

– Kva slags råd fekk du?

– Eg vil ikkje kalle det råd. Eg vil nok heller kalle det ein kommando, svarar Christiansen og flirer.

Kan kneppe inn 20 til 30 sekund

Den tidlegare skiskyttarkongen, som også var kjend for å nytte seg mykje av høgdetrening, stadfestar at han kom med tips.

Ole Einar Bjørndalen

DELER TIPS: TV 2s skiskyttarekspert Ole Einar Bjørndalen.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Han var litt usikker på kva som var det beste, så han spurde litt om det. Eg sa eg «håpar du blir igjen», så kan du førebu deg godt til VM og kanskje kneppe inn 20 til 30 sekund i løypa. Det hadde vore flott, og då blir det spennande i VM også for Johannes Thingnes Bø, seier Bjørndalen til NRK.

30-åringen er nummer tre samanlagt i verdscupen, etter å ha klatra med to andreplassar i Ruhpolding. Då kom han rett frå fleire veker i høgda. Og sjølv om årets meisterskap ikkje går høgt over havet, meiner Christiansen dette kan gje han det vesle ekstra.

– Eg trur Ole Einar har rett. I Oberhof handlar det veldig mykje om å ha god motor, det er vel dokumentert. Eg merkar at eg får meir motor og eit høgare gir av å vere i høgda og dra ned i låglandet. Så eg satsar på å lytte til kroppen og stole på at det fungerer igjen, forklarar Christiansen, som får selskap av Johannes Dale i Anterselva.

Men Bjørndalen kjem også med ei lita åtvaring.

Germany Biathlon World Cup

RASK: Vetle Sjåstad Christiansen har verkeleg fått opp farta i løypa denne sesongen.

Foto: Matthias Schrader / AP

– Det spørst litt om han treff med dei rette øktene, og no er han i så god form. Men han har god koll på det han held på med no, etter god erfaring frå høgda.

Nest raskast

For Christiansen har lagt inn ekstra høgdetrening heilt sidan før koronapandemien, og denne sesongen er det berre nemnde Thingnes Bø som er raskare enn han i løypa.

Eg har teke store steg på dårlege forhold, i sørpe. Eg er jo ikkje ein type som skal dominere i lause forhold, og går alltid fort når det er hardt og det svarar frå underlaget, forhold mest likt asfalt. No er eg betre når det snør eller regnar, og når det berre er Johannes som har gått fortare, så har ein jo det svart på kvitt, meiner han.

Christiansen / Thingnes Bø

BAK: Vetle Sjåstad Christiansen tok to andreplassar i Ruhpolding. Begge dagar bak suverene Johannes Thingnes Bø.

Foto: CHRISTOF STACHE / AFP

Skiskyttaren frå Geilo vedgår at frustrasjonen over mangelen på siger har kome snikande.

– Det er forferdeleg. Eg forstår at Sturla (Holm Lægreid) var frustrert før jul. No ser det ut som eg er i gang med det same. Eg kjenner eg har vore nær ved fleire høve og hatt moglegheita, såg eg er irritert på eigne vegne over at eg ikkje har fått det til.

  • Sjå verdscup skiskyting frå Anterselva på NRK 1 søndag frå kl. 11:45 (kvinnestafett) og 14.30 (herrestafett).

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal