– Eg kan ikkje hugse at eg såg det same trafikkskiltet på den pakka eg fekk utlevert. Eg kan ikkje erindre at det stod utanpå eller på sjølve tuba, seier landslagslege Fredrik Bendiksen.
NRKs reporter i Siena, Italia, har teke bilete av ein pakke Trofodermin ho har kjøpt i dag. På den pakka var det tydeleg merking av at denne kremen innheldt stoff som stod på dopinglista til WADA.
Og på pakningsvedlegget til kremen er det ein tydeleg advarsel:
«Viss du er idrettsutøvar, og ikkje har terapeutisk nødvendigheit blir dette sett på som doping»
Dagbladet har vore snakka med aktuelle apoteket, og fått bekrefta at alle pakkar frå dei blir levert med dopingvarsel.
- Her kan du lese alt om stoffet Johaug er teke for: Dette er Clostebol.
– Italienske utøvarar blir fråråda bruk
– Denne kremen kan ein kjøpe under 100 kroner over disk på apotek i Italia. Ein treng ikkje resept for å kjøpe den, seier NRKs reporter Lisbeth Skei frå Siena.
Ho seier at apotekaren var veldig tydeleg i salget av kremen.
– På baksida er det eit veldig tydeleg merke. I følge apotekaren må du vere spesielt forsiktig med denne kremen viss du kan bli utsatt for ein dopingkontroll, seier Skei.
Det er altså berre på pakken, og ikkje på sjølve tuba at merkinga er. Apotekaren sa også at italienske utøvarar ikkje brukar denne kremen utan ein god grunn.
– Han seier at italienske utøvarar blir fråråda å bruke kremen, og at dei må han ein veldig god grunn for å bruke den. Då må dei også rapportere bruk, og få fritak for det, seier Schei.
Finske Aino-Kaisa Saarinen er sjølv i Livigno, og kjøpte kremen Johaug brukte.
Obligatorisk merking
– Apotekaren var ikkje sikker på kor lenge, men seier at denne merkinga har vore obligatorisk i Italia i fleire år, seier Schei.
TV 2 melder at doping-merkinga på pakka skal ha vore obligatorisk sidan 2003. Både pakka NRK og TV 2 har kjøpt, og den Bendiksen hevdar å ha kjøpt til Johaug, er 30-gramspakken av kremen Trofodermin.
Produsenten av kremen, SIT, har endå ikkje bekrefta til NRK kor lenge denne type merking har vore på pakka.
Per Wiik Johansen i Antidoping Norge seier at merkinga er eit viktig spørsmål om det stod eit slikt merke på pakken:
– Dette er veldig viktig for oss å undersøke, for det handlar om kva aktsomheit utøvar og lege har vore i. Men me kan ikkje svare på det no, for me kan ikkje gå mer detaljert inn i denne enkeltsaka.
Legen tek på seg fullt ansvar
Landslagslegen innrømma på pressekonferansen at det hadde skjedd ein glipp, og at han hadde vore for slepphendt.
– Eg leste ikkje pakningsvedlegget, berre det som stod på eska, seier Bendiksen.
Han tek også på seg det fulle ansvaret for at Johaug er teken i doping.
– Det er min feil. Eg har jobba i 36 år med medisin, og blir sett på som eit petimeter. I denne situasjonen har det skjedd ein glipp. Det er mitt ansvar, og det skal eg ta konsekvensen av, seier Bendiksen.