Hopp til innhold

Norske stjerner rysta etter denne mannens OL-flørt: – Høyrest ut som ein vits!

Sjefen for konkurransen som aksepterer all form for doping kjem med sjokkpåstand før OL i Paris.

Montasje NTB

KONTROVERSIELL: Aron D'Souza (midten) er mannen bak dei mykje omtala dopingleikane «Enhanced Games», som enno ikkje er arrangert. Her med kritikarane Henrik Christiansen (t.h) og Alexander Kristoff (t.v).

Foto: Montasje NTB

– Vi har veldig mange (utøvarar) som konkurrerer under OL i Paris, som er i ferd med å melde seg på, seier gründeren Aron D'Souza til australske medier, ifølgje AFP.

Sjefen for eit alternativt OL der doping er lov, hevdar det er aukande interesse for prosjektet hans i idretten.

D'Souza er grunnleggjaren av det kontroversielle «Enhanced Games», som etter planen skal gå av stabelen neste år.

No seier D'Souza at han håpar å få med seg mellom 50 og 100 utøvarar frå OL i Paris i august.

– Enkelte utøvarar kjem til å vere veldig opne om «Enhanced Games»-konseptet under Paris-OL, seier D'Souza.

– Vi har litt av ein plan for Paris-OL, legg han til.

OL-utøvarar: – Veldig synd

Svømmaren Henrik Christiansen er ein av fleire norske OL-utøvarar som reagerer.

– Det at dei skriv at vi kjem til å høyre mykje om «Enhanced Games»-aspektet under sjølve OL synst eg er veldig synd. Og eg likar ikkje at dei skriv «Vi har litt av ein plan for Paris». Dette høyrer absolutt ikkje heime på den arenaen, skriv Christiansen til NRK.

Norges Henrik Christiansen svømmer 1500 meter fri under VM i svømming i Abu Dhabi,

OPPGITT: Henrik Christiansen skal konkurrere under OL i Paris og likar dårleg at ein dopingkonkurranse skal søke merksemd under leikande.

Foto: Jonas Ekströmer/TT / NTB

Proffsyklist og OL-medaljør Alexander Kristoff forstår ikkje kvifor idrettsutøvarar i det heile tatt kan tenke seg å delta.

– Det høyrest jo ut som ein vits! At folk skal kunne dope seg fritt! Det vil nok ende katastrofalt for ein del utøvarar, skriv Kristoff til NRK.

– Unødvendig konkurranse, skriv OL-medaljør i roing, Kristoffer Brun.

Tidlegare proffsyklist Mads Kaggestad er uroa over den påståtte interessa.

– Det er skremmande at stadig fleire utøvarar vil delta på eit arrangement som undergraver idrettens reglar og verdiar, og ønsker å delta på noko som potensielt kan bli eit freakshow, seier TV 2-ekspert Kaggestad.

Alexander Kristoff

SJOKKERT: Proffsyklist Alexander Kristoff forstår ikkje kvifor utøvarar frivilleg vurderer å delta i dopingleikane.

Foto: Reuters

NRKs sportskommentator Jan Petter Saltvedt meiner D'Souzas påstandar potensielt fører til mistanke mot utøvarane som skal delta i Paris, der doping ikkje er lov.

– Han prøver å spreie usikkerheit. Det lykkast han kanskje til ei viss grad med, seier han.

NRK forklarer

Kva er eigentleg «The Enhanced Games»?

Kva er eigentleg «The Enhanced Games»?

Ingen dopingtestar

«The Enhanced Games» er eit planlagt internasjonalt idrettsarrangement der utøvarane ikkje vil bli gjenstand for dopingtesting. Det betyr at utøvarar fritt kan bruke alle prestasjonsframande middel.

Kva er eigentleg «The Enhanced Games»?

Når skal det skje?

Det planlagde arrangementet er meint å finne stad i 2025. Det er den australske forretningsmannen Aron D'Souza som står bak arrangementet.

Kva er eigentleg «The Enhanced Games»?

Kvifor er fleire negativ til dette?

Fleire trekker fram sikkerheita til utøvarane som det mest kritiske. Stor bruk av dopingmiddel kan blant anna føre til hjartestopp. Dei vil heller ikkje ha nokon reglar knytt til utstyrsbruk.

Kva er eigentleg «The Enhanced Games»?

Kva konkurransar skal det konkurrerast i?

D'Souza har tidlegare uttalt at dette vil bli eit årleg idrettsarrangement der det skal konkurrerast i friidrett, svømming, vektløfting, gymnastikk og kampsport.

Er det innanfor å arrangere eit meisterskap utan dopingregler?

Ja!
15%
Nei, på ingen måte.
78%
Eg har inga meining om dette.
6%

2 500 stemmer

– Klarer ikkje heilt å tru på det

Saltvedt tviler imidlertid sterkt på at sjefen for dopingleikane snakkar sant om samtalane med OL-utøvarar.

– Eg klarer ikkje heilt å tru på det. Inntil vidare har ikkje D'Souza konkretisert nokon ting anna enn at han vil ha leikane, seier Saltvedt.

Kaggestad er ikkje like avfeiande til D'Souzas påstandar.

– Vi lev i eit samfunn kor det å ta snarvegar er meir allment akseptert. Alt frå å fikse utsjånad med kirurgi til «quick fix» for å få raske, fysiske resultat. Det har eg inntrykk av at mange synst er greit.

Han fryktar konsekvensen dersom leikane faktisk blir ei greie - uavhengig av kven som deltar.

– Faren er at ein får sjå heilt ville prestasjonar og at folk gir blaffen i om det er gjort reint eller ikkje, seier Kaggestad.

Mads Kaggestad i TV2, utenfor idrettens voldgiftsrett (CAS) i Lausanne.

SKREMT: Mads Kaggestad, som har hatt ei sterk stemme i dopingdebatten, synst lite om Aron D'Souzas dopingleikar.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Fryktar dødsfall

Store millionsummar er allereie lova til utøvarar som deltar og slår rekordar.

Kritiske Henrik Christiansen spør retorisk:

– Kva for sponsorar ønskar å assosiere seg med det som sjåast på som juks i dagens samfunn? Og når det er direkte helseskadeleg?

Svømmaren konkurrerer i ein sport der dopingmistanken har vore sterk mot mange utøvarar.

Han trur ikkje topp-utøvarar er interessert i dopingkonkurransen, men trur det blir merksemd rundt dei som vil delta.

– Viss du som utøvar seier at du ønskar å delta i «Enhanced Games» og dope deg dagen etter at du er ferdig i OL, så trur eg mange vil heve augebryna sine, seier Christiansen.

Kaggestad trur det blir vanskeleg for ein utøvar som deltar i dopingleikane å returnere til den dopingkontrollerte idretten igjen.

Kristoff stiller spørsmål ved om fleire av utøvarane vil returnere frå «Enhanced Games» i det heile tatt.

– I verste fall kan ein jo døy. Det har ein jo sett har vore utfallet av ekstrem doping i fortida, seier Kristoff.

DSC07233

I TVIL: NRKs sportskommentator, Jan Petter Saltvedt, er svært usikker på om D'Souza snakkar sant.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal