– Viss han ikkje innser at han har nokre store svakheiter, så vil han ikkje vinne gull på 1500 meter neste år.
Det seier Josh Kerr om Jakob Ingebrigtsen i ein episode av podkasten The Sunday Plodcast.
Briten spurta ned Ingebrigtsen på oppløpet i VM-finalen i Budapest i sommar, mellom anna som følgje av betre sprintteknikk, ifølgje Kerr.
I podkasten fortel Kerr om ein forbanna Ingebrigtsen etter finalen. Ein finale der Ingebrigtsen i fråværet av harar gjorde mesteparten av drajobben og tok fronten allereie etter 500 meter.
Tidlegare i sesongen hadde Ingebrigtsen etter europarekorden på 1500 meter i Chorzów omtalt seg sjølv som den tredje fartshaldaren, noko Kerr hadde lagt merke til.
– Eg tenkte: «Åh, du har inga aning. Du har vunne så mange løp og sprunge fantastisk heile sesongen. Du må vere omgitt av så mange ja-personar at du ikkje innser at du har svakheiter». Eg trur det var ein del av undergangen hans, seier briten.
NRK har vore i kontakt med rådgivaren til Ingebrigtsen-brørne, Espen Skoland. Han opplyser at Jakob Ingebrigtsen ikkje ønskjer å kommentere Kerrs utspel.
Manglar VM-gullet på 1500 meter
Ingebrigtsen har OL-gull på 1500 meter, fire EM-gull (to innandørs og to utandørs) på same distanse, men i VM-samanheng står han med totalt tre sølv – to utandørs og eitt innandørs – på 1500 meter.
Det sjølv om Ingebrigtsen har vist seg som løparen med klart best tider på distansen dei siste to sesongane.
No meiner VM-vinnar Kerr at folk vil byrje å innsjå at Ingebrigtsen er enklare å slå i løp utan fartshaldarar.
– Men eg trur ikkje han vil gjere det, for egoet hans er ganske stort. (Timothy) Cheruiyot var fartshaldaren hans i OL i 2021, så viss du ser på det, så vinner han ikkje mange løp utan fartshaldarar, seier Kerr.
Den olympiske meisteren, Jakob Ingebrigtsen, og kjærasten Elisabeth Asserson har kjøpt seg draumeleilegheita. Men det er éin ting som manglar før uteområdet er komplett.
– Ute etter merksemd
I eit tidlegare intervju med The Telegraph har Kerr sagt at han hadde haugevis med notat liggjande på hotellrommet i Budapest, der han analyserte motstandarane og korleis dei sprong.
Der fortalde han også at feiringa til Ingebrigtsen i siste sving i semifinalen gjorde at han mistenkte at nordmannen var letta over noko, og derfor prøvde å få opp eigen sjølvtillit.
Ingebrigtsen vann semifinalen før nemnde Kerr, etter at det lenge såg ut som Ingebrigtsen var stengd inne og i fare for å ryke ut. Men med 250 meter igjen opna det seg for nordmannen, som avslutta svært sterkt.
I podkasten utdjupar Kerr:
– Eg sprang ein fantastisk semifinale, medan han sprang ein forferdeleg semifinale. Eg trur berre han er veldig merksemdsøkjande. Han måtte gjere noko for å få merksemda tilbake på han. Han påstår at han var sjuk før semifinalen, men på det tidspunktet kjende eg at han berre var ute etter merksemd, seier Kerr.
Han reagerer også på at nordmannen gjorde det same i forsøket på 5000 meter i VM i 2022 – like etter at han hadde vorte slått av Jake Wightman på 1500 meter – og meiner det viser at Ingebrigtsen gjer det for å bli snakka om.
Nye meisterskapsmoglegheiter i 2024
Etter finalen på 1500-meteren fortalde Ingebrigtsen at han hadde vorte tørr i halsen same dag som semifinalen, og at det heile «eskalerte» inn mot finalen.
Seinare i meisterskapen tok han eit hårfint gull på 5000 meter seinare i meisterskapet. Også då kjende Ingebrigtsen seg uvel.
I etterkant vart det fleire medieoppslag knytt til at Ingebrigtsen etter finalen på 1500 meter omtalte Kerr som «the next guy». Respektlaust, meinte Kerr. Litt stakkarsleg, svarte storebror Henrik Ingebrigtsen tilbake.
I podkasten gjentek Kerr at han opplever at Jakob Ingebrigtsen ikkje viser han den same respekten som han gjer utetter, og at han meiner Ingebrigtsen ikkje har fått tak på det å «tape grasiøst» på same måte som andre.
Neste år kan det bli fleire nye duellar mellom Ingebrigtsen og Kerr, med både EM i Roma i starten av juni og OL i Paris i august.