Hopp til innhold

Ingebrigtsens rekordløp skaper debatt: – Eg hatar det

Jakob Ingebrigtsen har vore utilnærmeleg det siste året. Men dei stadig raskare løpa til nordmannen blir ikkje berre møtt med beundring.

Jakob Ingebrigtsen senket europarekorden

USLÅELEG: Jakob Ingebrigtsen har sprunge sitt siste løp før VM. No dreg han til Budapest som soleklar favoritt.

Foto: AFP

3.27,95 på Bislett, 3.28,72 i Lausanne og 3.27,14 i Chorzów (Schlesien). Det har gått unna med Jakob Ingebrigtsen på favorittøvinga 1500 meter i sommar.

I alle dei tre løpa har det vore eit skred med personlege rekordar for ei rekkje av dei andre løparane, og for Ingebrigtsen har løpa på Bislett og i Chorzów ført til at han har senka den europeiske rekorden sin med over eitt sekund sidan sesongstart.

Men:

– Eg kan ikkje vente med å komme til VM, der det ikkje er nokon harar. Så mykje som eg elskar dette (Ingebrigtsens raske løp), så hatar eg at det er harar i Diamond League. Det burde berre vere ein konkurranse, seier den tidlegare amerikanske mellomdistanseløparen Mac Fleet.

Jakob Ingebrigtsen europarekord

EUROPAREKORD: Søndag sette Jakob Ingebrigtsen årsbeste i verda og europarekord.

Foto: AFP

Han jobbar no for Citius Mag, eit mediehus som følgjer friidrett tett. Det er i ei oppsummering etter stemnet i Chorzów han kjem med uttalen. Fleet er klar på at han «elskar» å sjå Jakob konkurrere, men etterlyser likevel endring.

– Løp er så mykje meir interessante når det ikkje er harar. Få bort lysharen. La Monaco og eit anna stemne vere stemne for rekordtider. Alt anna burde berre vere konkurransar. Eg veit at eg høyrest ut som ein gammal mann som snakkar for døve øyre. Eg er spent på å sjå dette feltet igjen i Budapest utan harar, der dei må løyse det sjølv, seier han vidare, med tilvising til VM i Budapest neste månad.

Ingebrigtsen: – Liker å springe fort

Tek vi bort innleiande rundar, har Ingebrigtsen vunne dei siste 14 løpa han har sprunge. Det førre «nederlaget» kom då han vart nummer to på 1500-meteren i VM i fjor, hårfint slått av briten Jake Wightman.

Det var nettopp eit løp utan harar, ettersom det ikkje er harar med i meisterskap. Ingebrigtsen har likevel teke fem meisterskapsgull etter sølvet på 1500 meter, i EM-gull utandørs på 1500 og 5000 meter, EM-gull i terrengløp og EM-gull innandørs på 1500 og 3000 meter.

Etter rekordløpet søndag vart han likevel spurd av Letsrun.com om han har bedd Diamond League-arrangørane om å ikkje ha ein hare, slik at Ingebrigtsen fekk øve på det før VM.

Då svarte Ingebrigtsen raskt tilbake:

– Kven har stilt det spørsmålet? Eg held farten (oppe) i kvart einaste løp. Når harane gir seg, så er det eg som er hare. Så kvart løp er trening. Eg liker å springe raskt og eg liker å vinne, så sjølvsagt må eg plassere meg sjølv i front. Men eg held alltid farten. Berre sjå på løpa, eg er den tredje fartshaldaren. I dag (søndag) var eg den fjerde fartshaldaren, men dessverre var det ingen som var bak meg. Eg liker å springe fort, men også å vinne. Det er ikkje noko forskjell mellom å gjere dette i Diamond League og i eit VM.

– Resultatmessig ein bagatell

NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal poengterer at det har vore harar i friidretten sidan dei eldste tider. Lyshare er relativt nytt, men at det gir friidretten eit underhaldningselement, og er eit framsteg i ein elles konservativ idrett, meiner han.

Når det gjeld lysharen, viss det er ein fordel, så er det ein mykje større fordel med karbonskoa som har komme dei siste åra. Det er nok ein større fordel enn sjølve lysharen. Sånn sett er det resultatmessig ein bagatell, seier han.

Vebjørn Rodal

– EIT UNDERHALDNINGSELEMENT: NRKs friidrettsekspert meiner lysharen har tilført friidretten eit underhaldningselement.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Før sesongen hadde Jakob Ingebrigtsen sin personlege rekord og noregsrekord frå OL-finalen i Tokyo. Der var det verken harar eller lysharar, poengterer Rodal.

Då klarte han jo det utmerkt, i eit løp der Timothy Cheruiyot rett nok drog ganske tøft frå start, men der han tok over og gjorde heile løpet på slutten. Du får litt hjelp til å halde farten av ein hare. Du får litt hjelp dei dagane det er vind på dei delane av banen der det er vind. Men elles så må du jo springe sjølv. Det handlar definitivt ikkje om noko mekanisk eller elektronisk hjelp.

Jakob er god fordi han er best trent og best førebudd. Han er ikkje noko unikt talent. Han er berre betre trent enn dei han konkurrerer mot, held fram Rodal.

Jakob Ingebrigtsen rekord igjen

I EINSAM MAJESTET: Jakob Ingebrigtsen har vore uslåeleg denne sesongen.

Foto: AFP

– Mac Fleet seier han hatar at det er harar i Diamond League?

Viss han hatar det så må ha la vere å sjå på. Då må han sjå på dei globale meisterskapa. For amerikanarane sin del så er dette VM og OL. Då får han sjå på friidrett dei gongene det er VM og OL. Også får han ut å jogge seg ein tur dei kveldane det er Diamond League.

Tidlegare rival trur på snarleg verdsrekord

Løpet søndag var Ingebrigtsens siste før VM, der han kjem som den klare favoritten på 1500 meter og regjerande verdsmeister på 5000 meter.

Ingebrigtsen har tidlegare i år også notert seg for bestenotering i verda på den noko utradisjonelle øvinga to engelske miler (3219 meter). Det gjer at Ingebrigtsens tidlegare rival, polske Marcin Lewandowski, trur på store ting frå 22-åringen frå Sandnes.

– Eg kryssar stadig fingrane for denne guten. Men eg ventar stadig på meir. Eg ventar på verdsrekorden, og eg er sikker på at han kjem snart, seier han til NRK.

Med 3.27,14 er Ingebrigtsen stadig godt over sekundet bak den legendariske verdsrekorden på 3.26,00 til Hicham El Guerrouj på 1500 meter, ein rekord som har stått i 25 år.

– Trur du han er kapabel til å slå El Guerroujs rekord?

– Eg antek det. Då (søndag) var det ikkje strålande forhold. Det er veldig varmt og luftfukta er «crazy». Eg trur han er klar for det i perfekte forhold. Det som er viktigare er hovudet hans. Han er klar for det, som er det viktigaste. Eg ventar på rett augneblink og eg er sikker på at det vil vere snart, seier han, og avsluttar:

– Han har allereie innandørsverdsrekorden på 1500 meter og rekorden på to miler. Det er berre eit spørsmål om tid før han slår rekorden på 1500 meter, meiner Lewandowski.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal