– Oi, det visste eg ikkje. Hæ?
Slik reagerte Sveriges Stina Blackstenius då ho fekk høyre kva som hadde gått føre seg på bana under gruppespelkampen mot Portugal.
Motstandarlagets Dolores Silva heldt seg for munnen, sokk ned på alle fire, og kasta opp på EM-graset – tilsynelatande utan at kommentatorar og motspelarar fekk med seg kva som skjedde.
Etterpå forklarte Silva kva det heile kom av.
– Det var berre nervøsitet, sa ho, ifølgje Expressen.
– Kjenner du meg, veit du at det skjer ofte.
Gigantisk VAR-blemme
Portugal tapte kampen mot Sverige, så det enda med å bli ein røff dag på jobben på fleire måtar for kaptein Silva, men ho er på ingen måte den einaste som har hatt det tungt undervegs i EM.
Ifølgje målvakta til svenskane Zećira Mušović, har nemleg også VAR tidvis svikta i meisterskapen.
– Ein stor vits, skreiv ho på Twitter, etter at det vart kjent at dommarane i VAR-rommet sette offsidelinja på feil stad, noko som førte til at Sverige fekk eit mål feilaktig annullert mot Sveits.
Ho fekk støtte av dommarekspert Jonas Eriksson i Expressen.
– Linja er sett på feil stad. Det er ein ubegripeleg feil, sa han.
Oppløyst i tårer
VAR-flausen gjorde det tydeleg at det berre er menneske på VAR-rommet òg, og menneske kan som kjent gjere feil.
Det kan nok Austerrike-målvakt Manuela Zinsberger skrive under på.
Arsenal-målvakta klarte ikkje å halde tårene tilbake etter ein giganttabbe i sluttminutta av kvartfinalen mot Tyskland. Då dommaren bles av like etterpå, gjekk ho fullstendig i oppløysing.
– Eg beklagar til laget, sa ho til NRK etter å ha fått samla seg litt.
Rekord
Enorme idrettsprestasjonar har det sjølvsagt også vore mange av.
Førre laurdag fekk nederlandske Daphne van Domselaar ekspertane til å ta fram dei heilt store orda. Englands leik med Noreg skapte også forundring, og Daily Telegraph brukte høvet til å børste støv av Bjørge Lilleliens klassiske radio-tirade frå 1981.
«Hell of a beating», lydde overskrifta til avisa etter EM-festen på heimebane.
Og dei store prestasjonane har gjort at publikum har strøymt til EM-arenaene. Allereie då det stod att 15 kampar, hadde meisterskapen samla fleire tilskodarar enn noko tidlegare EM.
I går blei europameisteren kåra på Wembley.
Då blei det nok ein publikumsrekord.