NRK Meny
Normal

Magnus Carlsen kan ende i Playboy

Magnus Carlsen har tatt seg heilt fri etter VM-triumfen, samstundes som manageren si innboks nærmar seg brestepunktet. Førespurnadene er mange, ærefulle og veldig spesielle.

Magnus Carlsen

Magnus Carlsen, her under ein fotoshoot i Miami, USA, fløymer over i førespurnader. No kan sjakkstjerna ende i Playboy, ifølgje manager Espen Agdestein.

Foto: Anton Cobijn/G-star

«Idag skriver jag för att efterhöra om du möjligen skulle vara intresserad at köpa min uppsätning schackpjäser som är snidade i teak.»

Schackpjäser

Espen Agdestein har fått to e-postar med kjøpstilbod om sjeldne samoanske «schackpjäser». Det er uklart kva manageren til Carlsen har replisert ...

Foto: Dag Robert Johansen / NRK

«Schackpjäser» er det svenske ordet for «sjakkbrikker», og ifølgje avsendar var nettopp desse brikkene sjeldne brikker frå Samoa.

– Det er ein som har nokre samoanske «schackpjäser» som han meiner er veldig flotte og som Magnus bør kome og sjå på. Der er det både éin og to mailar, seier Espen Agdestein.

Det er usikkert både om og eventuelt kva Magnus Carlsen sin manager har svart på kjøpstilbodet. Det som derimot er sikkert er at innboksen til Agdestein aldri får fred.

– «Hei, Espen. Det er sannsynlegvis lettare å få tak i statsministeren enn Magnus Carlsen for tida, men vi prøver», les Agdestein.

  • Sjå Sportsrevy-saka nedst i artikkelen.
Carlsen og Ramos

Ein eksklusiv invitasjon til å ta avspark på Santiago Bernabeu – på sin eigen bursdag – klarte ikkje Magnus Carlsen å seie nei til.

Foto: SUSANA VERA / Reuters

Bursdagsbesøk, gatekunst og bowling

For både NRK og andre kan sjå langt etter noko intervju eller møte med verdsmeisteren i sjakk akkurat no.

– Det er mange som gjerne vil spele sjakk med Magnus på nettet, fans. Eller så vil dei at Magnus skal kome i bursdagsselskap eller slike ting, fortel manageren.

Der er e-post frå ein gatekunstnar som vil overrekke unike kunstverk av Magnus, frå internasjonale medium og frå:

– Her er bowlingforbundet som ønskjer kontakt med Magnus, ja, slår Agdestein fast.

– Eg har prøvd å få litt system i galskapen. Eg hadde ikkje i mine villaste fantasiar sett føre meg kor mange førespurnader som ville kome, og kor mange rare og forskjellige som ville kome.

Saka held fram under bildet.

Magnus Carlsen

Magnus Carlsen, her på Gardermoen etter VM-triumfen i India, får absurd mange førespurnader, ifølgje Espen Agdestein (bak). Manageren slit med å halde hovudet over vatnet, for telefonane og e-posten er skremmande mange.

Foto: Øijord, Thomas Winje / NTB scanpix
Magnus Carlsen

Mannen med dette ansiktet skal kanskje intervjuast av Playboy, ikkje posere i Playboy – for å ha presisert.

Foto: ERIC THAYER / Reuters

– Det har vel blitt eit stuereint magasin?

Det er to veker sidan Magnus Carlsen banka Vishy Anand i kampen om verdsmeistertittelen.

I etterkant har han blitt invitert til mange talkshow i USA , fått ny «dame» i deltidsjobben som modell og blitt invitert til å ta avspark for Real Madrid .

– Når han blir invitert til Madrid og får ta avsparket i den kampen, det synest han er kjempegøy. Det kunne han ikkje seie nei til, seier Agdestein.

Nær sagt alle førespurnader har likevel fått blankt nei. Store, internasjonale medium har fått nokre små minutt. CNN International er blant dei som «måtte» ha eit Skype-intervju med Carlsen.

– Det er klart, vi ringer CNN, vi gjorde det. Og så gjorde vi noko med BBC og New York Times, alle dei største. Der er det så utruleg mykje verdi med litt innsats.

Eitt anna stort medium har derimot òg tatt kontakt.

– Playboy fekk vi førespurnad frå, dei ville jo lage ei svær sak på han! Eg veit ikkje kor ille det eigentleg er, for det har vel blitt eit stuereint magasin etter kvart?, spør ein flirande Agdestein.

– Så Magnus Carlsen i Playboy kan bli ein realitet?

– Du skal ikkje sjå bort ifrå det, repliserer verdsmeister-manageren.

Saka held fram under videoen.

Den ferske verdensmesteren i sjakk, og Real Madrid-supporter, Magnus Carlsen fikk lørdag æren av å ta avspark på mektige Santiago Bernabeu i Madrid. Carlsen var invitert av Real Madrid på sin egen bursdag. (Bilder med tillatelse fra MAX).

Nokre førespurnader er det umogleg å seie nei til for Carlsen og teamet. Her tek sjakkstjerna avspark på Santiago Bernabeu. (Video med tillatelse fra Max)

Kongeleg døropnar

Odd Harald Hauge

Odd Harald Hauge meiner Carlsen har ansiennitet som ein president eller konge.

Foto: Dag Robert Johansen / NRK

Dei fleste andre ligg derimot tynt an – sjølv om det ikkje alltid er størrelse eller lyst det står på.

– «God Morgen Norge» ligg tynt an, for Magnus står ikkje opp så tidleg om morgonen. Dei vil aldri få han, humrar Agdestein.

Det står igjen å sjå kvar Carlsen dukkar opp neste gong. No må tilboda verkeleg sorterast, ifølgje Agdestein. Populariteten er enorm, noko som frydar sponsorane.

– Han er ein unik døropnar. Du må vere president eller kongeleg for å få same innpasset som Magnus har, meiner Odd Harald Hauge.

Han er ein del av Nordic Semiconductor, éin av Carlsen-sponsorane, og er klar på at dei får valuta for pengane.

– Eg trur ikkje kor stor stjerne han eigentleg er!, rundar Hauge av med.

Etter sjakk-VM har Magnus Carlsen tatt seg helt fri. Imens fyller manager Espen Agdesteins mailboks seg opp til bristepunktet. Forespørslene om å få avtale med Carlsen er både spesielle og ærefulle. Men alle får nei. Nesten.

Sjå intervjuet med Espen Agdestein her.

Siste nytt

  • L'Abée-Lund er blitt matforgiftet

    Skiskytter Henrik L'Abée-Lund er blitt matforgiftet i Frankrike og går ikke fredagens sprint i Annecy-Le Grand-Bornand. Det bekrefter skiskytterforbundet overfor NRK. L'Abée-Lund ble nummer fem på sprinten i Hochfilzen forrige uke.

    Verdenscup skiskyting i Holmenkollen 2017.
    Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
  • Uendret på kvinnenes FIFA-ranking

    Norge avslutter året på 14.-plass på FIFA-rankingen i fotball for kvinner. Det er uendret fra september. Norge deler plasseringen med Sør-Korea. Verdensmester USA topper rankingen foran Tyskland og England.

    Sjögren
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Hvas med norsk rekord

    17 år gamle Tomoe Zenimoto Hvas svømte inn til tredje beste tid i forsøkene på 200 meter medley fredag. Han satte norsk rekord med tiden 1.54,08 - halvannet sekund bedre enn hans forrige rekord på 1.55.52.

     Tomoe Zenimoto Hvas
    Foto: SVT

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup skiskyting: Sprint menn
V-cup skiskyting: Sprint menn
EM svømming
VM håndball kvinner: Oppvarming til semifinale
VM håndball kvinner: Semifinale Nederland - Norge
VM håndball kvinner: Semifinale Nederland - Norge
OL-profiler: Johannes Høsflot Klæbo
EM svømming
VM håndball kvinner: Semifinale Nederland - Norge
VM håndball kvinner: Semifinale Nederland - Norge