- Les også:
– Det er litt trist å tenkje på at om resultatet mot Carlsen hadde bikka andre vegen, så hadde eg vunne turneringa, skriv amerikanaren på sin eigen Twitter-profil.
Like før melde «den lause kanoen i sjakk» dette:
– Forskjellen på ei fantastisk turnering og ei dårleg turnering er ein hårfin balanse.
Og 26-åringen er trist og lei med rette: Hadde Nakamura slått Magnus Carlsen – slik han verkeleg burde gjort – hadde han vunne Zürich Chess Challenge.
- Les også:
- Les også:
Slagen mann
Den norske sjakkvirtuosen vann til slutt turneringa med ti poeng, eitt føre Levon Aronian og Fabiano Caruana på ni. Nakamura følgde på fjerdeplass med sju og eit halvt poeng.
For siger i dei klassiske partia fekk spelarane to poeng. Dersom Nakamura vann partiet laurdag hadde han hatt ni og eit halvt poeng – så lenge resultata i etterkant blei som dei blei.
– Eg er ikkje fornøgd med sluttresultatet. Forskjellen var éin kamp, opnar Nakamura i eit intervju med NRK.
Han fortel at han tek med seg mykje positivt frå turneringa i Sveits. Med ein soleklar vinnande posisjon mot Carlsen er det likevel ein litt slagen Nakamura som blir intervjua.
– I dag er første dagen eg prøver å fordøye tapet. Som sjakkproff kjem du til å tape mange parti i karrieren, men det som er så vanskeleg no er kor viktig partiet mot Magnus faktisk blei, seier han.
– Ei lita tragedie for Hikaru
Før partiet mot Carlsen hadde Nakamura møtt verdseinaren 22 gonger. Sju tap og 15 remis var stoda – endeleg skulle det bli siger.
– Eg var desperat. Det handla berre om å ta eitt og eitt trekk for å forlengje kampen. Stillinga var dårleg, eg kunne bli matt når som helst, var noko av det Carlsen sa etter partiet.
Før det 37. trekket anslo enkelte av sjakkdatamaskinane at Nakamura sine vinnarsjansar var på heile 98 prosent. Så gjorde han éin kjempebrølar, før han følgde opp med nok ein brølar like etter.
Sjakkekspertane meinte Carlsen skapte presset som enda i tabbane, men trass i dette skulle Nakamura ha sikra sigeren.
– Det var veldig dramatisk, nesten vondt å sjå på. Dette var ein liten tragedie for Hikaru. Dette burde han vunne ni av ti gonger, sa redaktør Dirk Jan ten Geuzendam i sjakkbladet New In Chess.
Carlsen-komplekset til amerikanaren blei derimot forlenga, og eit kollektivt sjakkmiljø meinte at Nakamura ville vere prega av tapet. Der fekk dei heilt rett.
Saka held fram under bildet.
Fekk ikkje sove med Carlsen i hovudet
Like etter kampen klarte Nakamura å gløyme kampen. Han gjekk ut og åt middag med far sin og bror sin, men då han skulle legge seg kraup tapet tilbake i hovudet på 26-åringen.
– Eg fekk ikkje sove, noko som var veldig kjipt. Underbevisst kom det tilbake til meg og det gjorde det vanskeleg å spele, seier Nakamura til NRK.
– At du hadde verdseinaren i kne er vel noko å ta med seg?
– Ja, heilt klart. Det er godt dokumentert at eg har ein dårleg score mot Magnus, eg har tapt mange parti. I dei siste turneringane har eg derimot spelt betre mot han og fått gode posisjonar, så no må eg berre omsetje det til siger, svarer ein no audmjuk Nakamura.
Carlsen: – Meinte det ikkje
Før turneringa i Zürich var det ikkje amerikanaren si audmjuke side som fekk mest merksemd. I den siste utgåva av bladet New In Chess pryda dette sitatet framsida:
«Eg føler at eg i augneblinken er den største trusselen mot Carlsen».
– Han han starta med boksing, eller?, utbraut ein lattermild Carlsen då han fekk sjå utgåva i forkant av oppgjeret mot Nakamura.
På pressekonferansen etter turneringsslutt sa derimot verdsmeisteren dette:
– For å vere ærleg så utspelte han meg i det klassiske sjakkpartiet, så der kan vere noko i det, sa han smilande.
Då NRK nemnde Carlsen sine sitat og spurte Nakamura om han hadde levd opp til dei store orda, tok han det litt rolegare.
– Det er kanskje å ta det litt langt. Det er mange toppspelarar, men generelt spelar eg betre mot han og held eg fram som no vil eg får sjansen til slutt. Magnus er verdsmeister og er utruleg sterk, men fleire av oss vil få sjansen. Så blir det å gripe moglegheita.
Då NRK prata med Carlsen like etter var derimot tonen ein litt annan.
– Eg meinte det ikkje, fortel Carlsen med eit gigantisk glis.
Oppfølgingsspørsmålet var kva nordmannen eigentleg meinte. Då dytta 23-åringen kameraet og mikrofonen vekk spøkefullt. Så får det bli opp til kva enkelt å tenkje kva verdsmeisteren og turneringsvinnaren i Zürich meiner.