– Eg var desperat. Det handla berre om å ta eitt og eitt trekk for å forlengje kampen. Halde ut eitt trekk til, ikkje gi han nokon moglegheiter til å avgjere direkte, sa Carlsen etter partiet.
Den norske sjakkstjerna sleit nemleg stort med å halde hovudet over vatnet i sitt tredje parti i Zürich Chess Challenge.
Dårlege trekk i opninga gjorde at Carlsen tidleg kom bakpå. Trekk nummer åtte, 14, 15 og 17 var ikkje optimale.
– Han var litt unøyaktige fleire gonger. Nakamura gjekk sakte, men sikkert mot siger etter dette, seier NRK sin sjakkekspert, Askild Bryn.
Eit plutseleg gisp
Trekk etter trekk, få lyspunkt for nordmannen. Etter kampen prata NRK med ei rekkje tilskodarar, journalistar og sjakkspelarar, og ingen trudde sine eigne auge då Carlsen plutseleg fekk overtak.
Då det såg som mørkast ut stod nemleg journalistane på rekkje og rad ved utgangen av spelelokalet, klare til å grille Carlsen.
Dei fleste diskuterte korleis dei skulle formulere spørsmåla til ein misfornøgd verdseinar med sitt første tap sidan 15. juni i sekken.
Plutseleg gjekk det derimot eit gisp gjennom delen av forsamlinga som sat ved PC-ar og følgde partiet gjennom sjakkcomputerar.
Far til Magnus, Henrik Carlsen, trenar Peter Heine Nilsen og stefar til Nakamura, Sunil Weeramantry, var blant dei som stilte seg bak éi av maskinane. Den dramatiske snuoperasjonen sjokkerte alle, og sakte, men sikkert forstod fedrane og trenarane at partiet hadde snudd.
Saka held fram under bildet.
98 prosent sjanse for tap
– Han må vere oppgitt over at han ikkje tok vare på denne utrulege moglegheita han fekk, seier NRK sin sjakkekspert Askild Bryn.
– Dette er nok eit tap som svir ekstra for Nakamura, legg han til.
To djupt skjebnesvangre trekk, det 37. og det 40. trekket, var det som avgjorde partiet i favør Carlsen.
Før trekk nummer 37 anslo enkelte av sjakkdatamaskinane sjansane til Carlsen slik:
98 prosent sjanse for tap, 1 prosent sjanse for uavgjort og 1 prosent sjanse for siger.
– Han hadde mange moglegheiter
Til NRK seier Carlsen at han ikkje var spesielt optimistisk.
– Han hadde mange moglegheiter til å vinne. Eg trur han blei ganske sett ut då han gjorde feilen. Dette skjer uhyre sjeldan.
Han er klar på at det er godt å vinne partiet.
– Det utgjer jo heile forskjellen. Eg er ikkje veldig fornøgd med spelet, men det er herleg å halde på leiinga i turneringa og halde på den scoren eg har mot Nakamura.
Frå verre til verst
Nakamura på si side vil nok ha vondt for å legge frå seg oppgjeret. Trekk 37: Nakamura flyttar bonde frå D5 til D6.
– Han burde flytta dronninga si frå H3 til F1, meiner NRK-ekspert Bryn.
Nakamura hadde dårleg tid på tidspunktet. Begge hadde nesten brukt to timar, men etter trekk 39 såg det ut til å bli remis.
Men så kom trekk 40: Nakamura flyttar dronninga si frå H3 til H5.
– Han burde flytta springaren sin frå C4 til E3, seier Bryn.
Og plutseleg: Frå å vere i perfekt posisjon til å slå verdseinaren, hadde Nakamura rota vekk alt i løpet av få minutt. Frå eufori til djup depresjon. Carlsen på si side såg heller overraska ut etter å ha blitt servert sigeren.
To timar seinare var nemleg partiet over. Verdsmeisteren har framleis ikkje tapt mot tidvis rappkjefta Nakamura.
– Eg hadde inga spesiell felle. Eg prøvde berre å halde ut. Det einaste som var i hovudet på meg var å ikkje gi han nokon enkel vinst. Men stillinga var dårleg, eg kunne bli matt når som helst, seier Carlsen til NRK.
Etter nesten seks timar var det over, kampen hadde snudd på hovudet og Carlsen hadde vunne.
I føringa etter tre av ti
Carlsen og Nakamura hadde møttest 22 gonger før møtet i Zürich Chess Challenge. I sju av partia hadde Carlsen gått triumferande ut. Dei resterande 15 hadde enda i remis.
Det gjekk mot siger for Nakamura i parti nummer 23, men og også denne gongen ebba det altså i favør Noreg si superstjerne.
Etter tre av ti parti i Zürich er Carlsen no i leiinga åleine. Han har fem poeng etter to sigrar og éin remis.
Levon Aronian er på andreplass med fire poeng, følgt av Nakamura og Fabiano Caruana på tre. Boris Gelfand har to poeng, medan Vishy Anand berre har eitt poeng.
NB! Sist Magnus Carlsen tapte var 15. juni i fjor, då italienske Caruana slo den norske verdseinaren med svarte brikker. Carlsen og Caruana møtest i morgon søndag i Zürich.