Hopp til innhold

Carlsen: – Eg var litt trøytt i dag eigentleg

ZÜRICH/OSLO (NRK.no): Magnus Carlsen var ikkje på siste turneringsdag i Sveits, men hanka likevel inn sigeren. – No vil eg berre ete og sove, seier ein sliten 23-åring til NRK.

Magnus Carlsen

Levon Aronian hadde moglegheita til å hente inn Magnus Carlsen, men verdstoaren hadde heller ingen optimal dag ved sjakkbrettet. Dermed tok Carlsen heim sigeren i si første turnering etter VM-kampen i november.

Foto: Skibstad, Kent / NTB scanpix

Magnus Carlsen

Det blei ingen glimrande avslutningsdag for Magnus Carlsen, men nordmannen vann likevel si første turnering etter VM-triumfen.

Foto: Steffen Schmidt / Ap

– Eg var ikkje så bra i dag, og eg blei utspelt av Levon og utspelt av Fabiano. Heldigvis hadde eg stor nok leiing til å vinne likevel, sa Carlsen på pressekonferansen etter turneringa.

Til NRK seier verdseinaren at han rett og slett spelte dårleg.

– Og eg likar ikkje å spele dårleg, så enkelt er det. Det gir ein litt dårleg følelse. Det er alltid fint å avslutte turneringar på ein god måte, det greidde eg ikkje denne gongen, slår Carlsen fast.

– Men for all del: resultatet er veldig bra. Den klassiske delen var spesielt bra, legg han til.

Carlsen leia med to poeng etter den klassiske delen – der han vann tre parti og spelte to remis. På siste speledag tysdag blei det to tap, to remis og berre éin siger.

Levon Aronian

Levon Aronian, her i partiet mot Caruana på avslutningsdagen, hadde ein OK dag ved sjakkbrettet. Det var ikkje nok til å hente inn Carlsen sitt forsprang.

Foto: Steffen Schmidt / Ap

Aronian fekk moglegheita

Turneringssigeren blei sikra etter ein kjapp remis mot Viswanathan Anand i siste hurtigsjakkparti tysdag ettermiddag.

Tidlegare på dagen hadde Magnus Carlsen slått Boris Gelfand, spelt remis mot Hikaru Nakamura og tapt mot Levon Aronian og Fabiano Caruana.

Aronian spelte eit glimrande parti mot verdseinaren, men den andrerangerte armenaren hadde heller ingen optimal dag i Sveits.

Beste på siste dag var italienske Caruana med fire poeng, Nakamura nest best med tre og eit halvt poeng, medan Aronian plukka tre poeng.

Carlsen tok berre to av fem moglege poeng. Gelfand plukka eitt og eit halvt poeng, medan Anand fekk med seg eitt poeng etter to remis.

Samanlagt vann Carlsen med 10 poeng, eitt meir enn Aronian og Caruana. Det er førebels uklårt kven som endar på andreplass.

  • Sjå oppsummering av turneringa og sluttresultat i faktaboksen til høgre!

– Godt å slå tilbake

Etter det siste partiet såg ikkje Carlsen spesielt fornøgd ut. På pressekonferansen om lag 30 minutt seinare var derimot smilet delvis tilbake.

– Det ville vore betre å ha fullført turneringa på ein positiv måte. Det blir ein liten bismak, men eg kan ikkje klage for mykje, sa han til det frammøtte pressekorpset.

Likevel er det ein liten maktdemonstrasjon å vinne si første turnering sidan VM-triumfen i november i fjor.

– Langsjakken var veldig bra, pluss at det blei ny ratingrekord. Om nokre dagar kjem eg nok til å sjå veldig blidt tilbake på denne turneringa, seier Carlsen til NRK.

– Men det blir inga feiring i kveld?

– Det tvilar eg på. Eg vil eigentleg berre ete og sove.

Verdsmeisteren fortel vidare til NRK at han er ekstra fornøgd med å vinne turneringa som er den sterkaste noko sinne. Han er i tillegg fornøgd med å ha befesta posisjonen sin som verdas beste sjakkspelar.

– Ja, det var godt å slå tilbake etter at Aronian vann såpass overbevisande i Wijk aan Zee. Det er fint å få denne sigeren, og i alle fall ganske overbevisande i langsjakkdelen, avslutta Magnus Carlsen.

Kva turnering som blir verdseinaren si neste er førebels uklart.

Vladimir Kramnik

Vladimir Kramnik er éin av favorittane i kandidatturneringa i mars.

Foto: HENNING KAISER / AFP

Tek pause fram til kandidatturneringa

For fleire av Carlsen sine motstandarar blir det derimot heilt pause fram til kandidatturneringa i Khanty-Mansijsk frå 13. til 31. mars.

– Det blir berre trening før det, sa Levon Aronian på pressekonferansen etter Zürich Chess Challenge.

Mange såg på Aronian som favoritt før turneringa i Sveits. Han er òg favoritt, saman med Vladimir Kramnik, til å få spele VM-kamp mot Carlsen i haust.

– Eg er fornøgd med store delar av turneringa, eg spelar nokre gode kampar. Kandidatturneringa blir gøy, så får vi sjå. Eg likar Khanty-Mansijsk, så eg ser fram til turneringa, fortalde Aronian.

Carlsen på si side ser òg på Aronian som favoritt.

– Han spelar veldig bra. Han har sine styrkar, eg har mine, men for å vere ærleg: Han spelte betre enn meg i klassisk sjakk denne gongen, så vi får sjå, runda Carlsen av med på pressekonferansen.

Switzerland Chess Challenge Magnus Carlsen

Magnus Carlsen spelte remis mot Viswanathan Anand i både den klassiske og hurtige delen av Zürich Chess Challenge.

Foto: Steffen Schmidt / Ap

Siste nytt

  • Sævik med ny scoring da Vålerenga beholdt tabelltoppen

    Både Karina Sævik og Iris Omarsdottir scoret sitt fjerde mål for sesongen da Vålerenga slo Stabæk 3-2 på hjemmebane i Toppserien tirsdag.

    Kampen skulle opprinnelig spilles i september, men ble framskyndet for å legge til rette for Vålerengas deltakelse i mesterligakvalifiseringen. Med tirsdagens seier ligger Vålerenga og Rosenborg på topp med tolv poeng, men VIF har bedre målforskjell. Deretter følger Røa med ni.

    Vålerengas hjemmeseier tirsdag kom etter scoringer av Olaug Tvedten, Ylinn Tennebø og Sævik, som scoret sitt fjerde mål for sesongen. For gjestene sto spisstalentet Omarsdottir for begge nettkjenningene – den siste fem minutter før slutt. 20-åringen har i likhet med Sævik scoret fire ganger denne sesongen.

    Stabæk står med seks poeng etter to seirer og tre tap hittil. Vålerenga har byderby mot Lyn til helgen, mens Stabæk får besøk av Brann. (NTB)

    Toppserien fotball 2023: Vålerenga - LSK Kvinner
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Milliardforlik i saken med overgrepsdømt turnlege

    Amerikanske myndigheter har inngått et forlik på nærmere 140 millioner dollar med ofrene for den overgrepsdømte turnlegen Larry Nassar.

    Justisdepartementet betaler i forliket et beløp tilsvarende rundt 1,5 milliarder norske kroner i forbindelse med krav fra 139 personer. Disse har beskyldt FBI for grov feilhåndtering av overgrepsbeskyldningene mot legen i 2015 og 2016. Justisdepartementet har vedgått svikt.

    Inkludert det siste forliket er det satt av rundt 1 milliard dollar av ulike instanser for å gi kompensasjon til flere hundre utøvere som Nassar
    skal ha foregrepet seg på under dekke av å behandle dem for idrettsskader.

    – Forliket vil ikke gjøre opp for den skaden som Nassar gjorde, men vi håper at det skal gi ofrene for ugjerningene hans noe av den viktige støtten de trenger for å fortsette legingen, sier fungerende visejustisminister Benjamin Mizer.

    I 2017 erkjente Nassar straffskyld for å ha misbrukt ti jenter. Den tidligere landslagslegen soner en fengselsstraff på inntil 175 år. (NTB)

    mn1xUzO0GqM
    Foto: Reuters
  • Roma-spiller friskmeldt etter kollaps

    Evan Ndicka har fått lov til å gjenoppta fotballaktiviteten etter at han tidligere i april kollapset i Romas kamp mot Udinese.

    Ndicka ble liggende på gresset etter 71 minutter i kampen 14. april og holdt seg til brystet. Senere på kvelden opplyste Roma at forsvarsspilleren følte seg bedre og at han skulle gjennom flere tester. De har nå blitt gjennomført, og han er igjen klarert for aktivitet, opplyser klubben på sine nettsider. (NTB)

    qYj-Mb-Adu4
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal