NRK Sport – Sportsnyheter, resultater og sendeplan

Siste nytt

  • Haslum-trenaren må gå

    Sten Stockfleth er ferdig som trenar for Haslums eliteserielag i handball, opplyser klubben i ei pressemelding torsdag.

    Stockfleth har leia laget dei siste fire sesongane og hadde opphavleg to år igjen av avtalen sin med Haslum. Den er no avslutta.

    – Styret har sett at klubben gradvis har bevega seg i ei retning som vi ønskjer å forandre, og den forandringa meiner vi må skje no, seier styreleiar Knut Guldbrandsen i ei melding.

    Stockfleth vart informert om avgjerda til klubben torsdag morgon.

    – Det kom litt som eit sjokk, seier han til Budstikka.

    Sten Stockfleth
    Foto: Vidar Ruud / NTB
  • - Positivt at fansen protesterer

    Manchester United-tilhengarar blokkerte begge inngangane til klubbens treningsfelt, slik at spelarane ikkje fekk trene, melder Manchester Evening News.

    Det var ein protest mot klubbeigarane Glazer-familien, som sa ja til at United skulle vere med i den europeiske superligaen.

    – At folk tar seg inn og stiller seg framfor døra til Solskjær og spelarane det utgjer ein skilnad. Eit lite steg rett retning, seier Dag Langerød i united.no til NRK.

    Bilete i sosiale media viser supporterar med store banner ved begge inngangane. Eitt har teksten «Glazer ut,» eit anna «Vi bestemmer når de spelar».

    – Det er protestar eg er veldig positiv til, seier Langerød.

    – Frå klubb til klubb må vi faktisk stole på at ein del i Manchester og omegn orkar å reise til treningsfeltet og seie frå. Laurdag er det varsat ein større protest. Så får vi sjå kor mange som møter opp, seier Langerød.

    – Kva er haldninga i Norge?

    – At Glazes må kjempast mot. Mange trua med å melde seg ut av supporterklubben. Men no er vi over på at vi treng endringar. Kan vi få supporterar inn i styrerommet? Kan ein skrive ting inn i lover og reglar for Premier League? Supporterane må stå på vidare.

    Laster Twitter-innhold

Videoer