Hopp til innhold

Hoppa 291 meter – blir nekta verdsrekord: – Bryr eg meg ikkje om

Japanske Ryoyu Kobayashi prøvde å hoppe 300 meter i ein nybygd monsterbakke på Island. Det kom som eit sjokk for resten av hoppverda.

Kobayashi rekordhopp 291 meter

MONSTERHOPP: Her hopper Kobayashi 291 meter.

– Det er heilt utruleg. Det var så mykje informasjon å ta inn, men samtidig var det så lite som kom ut i går. Det sende sjokkbølger i hoppmiljøet, seier Halvor Egner Granerud til NRK.

– Vi har nettopp vore vitne til ganske dryg historie. Det vil alltid vere før og etter verdsrekorden til Ryoyo, seier Johann André Forfang til NRK.

Det har vore lite informasjon å finne. I eitt år har Red Bull i all løyndom bygd ein monsterbakke i Hlíðarfjall på Island.

– Alle eg kjenner var utruleg opptatt av å finne ut meir rundt dette. Det har kokt ganske bra det siste døgnet, seier Granerud.

Islandske RUV kunne tysdag avsløre at det var den japanske hoppstjerna Ryoyu Kobayashi som gjorde fleire hopp i gigantbakken.

Onsdag ettermiddag melder Red Bull at det lengste hoppet vart på 291 meter, saman med ein video av det nemnde hoppet.

Ryoyo Kobayashi med skiltet som viser at han hoppet 291 meter

291 METER: Kobayashi etter monsterhoppet.

Foto: Mihai Stetcu / Red Bull Content Pool

Ein smilande Kobayashi er også avbilda med eit skilt der det står 291 meter og «ny verdsrekord», men monsterhoppet får ikkje den statusen.

– For meg er det verdsrekord

Det internasjonale ski- og snøbrettforbundet (FIS) melder nemleg i ei pressemelding at verdsrekorden for herrar framleis tilhøyrer austerrikske Stefan Kraft og dei 253,5 meterane hans sett i Vikersund i 2017.

Forbundet grunngir avgjerda med at hoppa til Kobayashi ikkje blei gjort med same premissar og reglar som i FIS-renn.

«Ein skiflygingskonkurranse må vere basert på eit FIS-sertifisert avstandsmålesystem og gå føre seg på ein skiflygingsbakke godkjent av FIS», står det vidare.

– Akkurat det bryr eg meg ikkje om, kjenner eg. For meg er det verdsrekorden, seier Forfang og held fram:

– Det trur eg alle som ser på og bryr seg om skihopping tenker. Du må på ein måte ta eit standpunkt. Skal du vere lojal til FIS, eller skal du vere lojal til sporten vår? For min del vil alltid sporten komme først.

Verdenscup RAW AIR i Holmenkollen HS 134

REKNAR DET SOM VERDSREKORD: Johann André Forfang etter sigeren i Holmenkollen i mars, der Ryoyu Kobayashi (til venstre) blei nummer to.

Foto: Geir Olsen / NTB

Norske Stian Skinnes er assistenttrenar for Kobayashi, og syr også dressane til japanaren. Han rekna ikkje med at FIS ville omtale det som ein offisiell verdsrekord, men dei kallar det i alle fall det sjølv.

– Det å få vere her på Island og sette ein uverkeleg verdsrekord er berre heilt utruleg. Det vil alltid bli nemnt som det lengste skihoppet i verda, seier Skinnes til NRK.

– Mista kontrollen over eigen kropp

Skinnes fortel at noko av det første Kobyashi sa etter hoppet på 291 meter var «nå som eg ikkje har hoppa 300 meter, må vi berre fortsette».

Kobayashi skal i alle fall ikkje gjennomføre fleire hopp i monsterbakken i denne omgangen, og om det blir fleire forsøk i framtida er uvisst.

Stian Skinnes

KOBAYASHI-ASSISTENT: Stian Skinnes.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Det er enormt ressurskrevjande, seier Skinnes.

Nordmannen beskriv rekordsvevet til Kobayashi som ein fantastisk augeblink for hovudpersonen sjølv.

– Han var heilt frå seg og det verka som han mista kontrollen over eigen kropp. Kjenslene tok overhand. Målet er på ein måte nådd, seier Skinnes.

– Det der er draumen

– Det hadde på ein måte vore kult viss han hadde komme seg over 300, men samtidig litt urettferdig viss han bryt den barrieren når ingen andre har fått høve til å prøve seg, seier Granerud.

WJ65CEbKcZg

VENNER: Halvor Egner Granerud og Ryoyu Kobayashi har begge herja i verdscupen dei siste åra.

Foto: AFP

Det lengste hoppet som tidlegare har blitt målt var russiske Dmitrij Vasiljev sitt hopp på 254 meter i Vikersund i 2015. Men russaren fall, og fekk dermed ikkje verdsrekord.

– Det er ikkje det hopptekniske som set restriksjonar for kor langt vi kan fly. Det er bakkestørrelsen. Dette viser at det er mogleg å bygge store hoppbakkar og forhåpentleg få gjennomført på ein forsvarleg måte, seier Granerud.

Då NRK snakka med Granerud skal det lengste hoppet til Kobayashi ha vore på 256 meter.

Ryoyu Kobayashi hopper 291 meter i en spesiallaget monsterbakke i Hlíðarfjall på Island.

FLEIRE FORSØK: Kobayashi hoppet fleire gonger i bakken. Hoppet i videoen er på 256 meter.

Den norske hoppstjerna trur likevel ikkje at slike bakkar blir å sjå i verdscupen med det første.

– Eg trur i utgangspunktet at det er fint at det er strengt regulert. Men at ein har høve til å gjere «showting» ein gong iblant synest eg er kult. Det hadde vore gøy viss dei hadde invitert fleire enn berre éin, forklarer han.

Forfang skulle absolutt ønske at han hadde fått moglegheita i monsterbakken.

– Det der er draumen. Sjølvsagt har eg lyst til å vere med på noko sånt. Viss dei gjentar bedrifta, så sit eg på første fly, seier han.

Les også Prata ut med Stöckl på fest – avslørar nye detaljar om hoppbråket

VM på ski 20223: Hopp, pressetreff

Kan bidra til vekst

Sjølv om Granerud skulle ønske at alle fekk høve til å hoppe i monsterbakken, så trur han at Red Bull-stuntet er positivt for sporten.

– Eg vil tru at dette er eit prosjekt for Red Bulls hovudkanalar på sosiale medium. Det her kjem til å nå veldig mange som ikkje får med seg skihopping til vanleg, så dette er berre bra for skihopping, forklarer han.

– Det her er med på å stake ut kursen vidare for sporten vår, seier Forfang.

– Med den farten FIS har på utvikling av skiflygingsbakkane, så blir det liksom ikkje i vår levetid. Det her kan vere med på å definere regelverket til FIS i åra som kjem. Eg er veldig spent på kor ting tar vegen framover, held han fram.

Spilles av
Nusa med drømmescoring - bilder fra TV 2 Direkte
Neste

Siste nytt

  • Juventus-spiller Harviken involvert i dramatisk avslutning

    Bayern München vant 2–1 over Juventus etter scoring på overtid i Mesterligaen torsdag kveld.

    Juventus-spiller Mathilde Harviken forsøkte å avverge skuddet fra Lea Schuller på strek, men det ble dømt scoring.

    Bayern München-spiss Pernille Harder sendte hjemmelaget opp i ledelsen etter elleve minutter.

    Knappe seks minutter senere utlignet Eva Schatzer for gjestene fra Italia.

    Emma Stølen Godø ble byttet inn for Juventus etter timen spilt, mens Harviken kom inn 13 minutter før slutt.

    To minutter på overtid kom Bayern München til en kjempemulighet.

    Tuva Hansen så hele kampen fra benken for Bayern München.

    Juventus-spiller Mathilde Harviken var nær å redde på strek, men det ble dømt scoring etter en VAR-sjekk i Mesterliga-kampen mot Bayern München torsdag.
    Video: Disney
  • Arsenal med seier i Portugal – avgjorde med frekk frisparkvariant

    Den engelske klubben fikk med seg tre poeng fra bortekampen mot Benfica etter en 2-0-seier.

    Det tok lang tid før gjestene fra England åpnet det portugisiske forsvaret, men like før timen var spilt satte Beth Mead inn åpningsmålet.

    Spenningen varte fram til det gjenstod to minutter av ordinær tid. Et innøvd frisparktrekk kom overraskende på hele Benfica-forsvaret, og Alessia Russo fikk en enkel oppgave med å sette inn Arsenals andre.

    Dette var Arsenals første poeng i årets mesterligasesong. De tapte åpningsoppgjøret hjemme mot Lyon 1-2.

    Alessia Russo fikk æren av å sette inn Arsenals andre scoring mot Benfica i Mesterligaen.
  • Maccabi Tel Aviv-supportere nektes inngang – israelsk minister reagerer

    Europaligakampen mellom Aston Villa og israelske Maccabi Tel Aviv kan gå uten bortefans. Det reagerer flere sterkt på.

    Politiet i Birmingham har klassifisert oppgjøret som høyrisiko, og en lokal rådgivningsgruppe har bedt Aston Villa om å utestenge bortesupportere i kampen.

    «Klubben er i kontinuerlig dialog med Maccabi Tel Aviv og de lokale myndighetene gjennom denne prosessen. Sikkerheten til supportere som skal komme på kamp, er prioriteten», skriver klubben på sine hjemmesider.

    Israels utenriksminister Gideon Sa'ar er blant dem som reagerer på avgjørelsen.

    «Det er en skammelig beslutning. Jeg ber myndighetene om å gjøre om denne feige avgjørelsen», skriver han på X.

    Storbritannias statsminister Keir Starmer mener også at Maccabi-supporterne burde få tilgang til stadion.

    «Dette er feil avgjørelse. Vi vil ikke tolerere antisemittisme i våre gater. Politiets rolle er å sørge for at alle fotballfans kan nyte kampen uten frykt for vold eller trusler», skriver Starmer på X.

    Lederen for det konservative partiet i Storbritannia, Kemi Badenoch, mener det er farlig å utestenge bortefans i kampen.

    – Det vil sende et forferdelig signal, sier hun.

    Kampen spilles 6. november. (NTB/NRK)

    Tekst
    Foto: Kirsty Wigglesworth / AP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal