Hopp til innhold

Kommune vil dele ut 3000 kroner til kvar innbyggar for å betale straum

For å bøte på høge rekningar skal Sirdal kommune dele ut over fem millionar kroner til innbyggarane sine.

Vindmøller i Sirdal.

Kraftkommunen Sirdal vil gje noko attende til innbyggjarane sine for å bøte på høge straumrekningar.

Foto: nina didriksen / nrk

Det fyrast på spreng, tøflar får ein renessanse og folk dusjar på treningssenteret. Bedrifter må kaste brukbare varer og heile OL-anlegg ber om krisehjelp.

Uansett kven du er er nok straumprisen tema på lunsjrommet eller rundt middagsbordet.

Medan stortingspolitikarar føreslår å dele ut nokre hundre kroner til alle i landet, tek kraftkommunen Sirdal i Agder grep.

Dei kjem til å dele ut 3000 kroner til alle som bur i kommunen for å bøte på høge straumrekningar.

For ein familie på fire vil det bety 12.000 kroner.

– Vi må jo handle

Om alle Sirdal sine 1.803 innbyggjarar takkar ja til ordninga, vil det bety ei utbetaling på over 5,4 millionar kroner.

Det skal finansierast ved at kommunen forskutterar den høge avkastinga som vil kome frå kraftselskapet Sirdal er medeigar i, Agder Energi.

For ein god del av pengane kommunen vil få frå kraftselskapet sitt vil jo kome frå dei høge straumprisane innbyggjarane no opplev.

– Det er ein heilt ekstrem situasjon. Saman med dei nasjonale tiltaka trur vi dette vil hjelpe, seier Liland.

No vil ikkje ordninga skilje mellom innbyggjarar som er meir eller mindre råka av dyre rekningar.

– Å finne ei ordning som passar alle er vanskeleg, men vi må jo handle, seier ordføraren.

Jonny Liland

Sirdalordføraren meiner det er rett at innbyggjarane allereie no skal få noko godt ut av dei høge inntektene kraftkommunen vil få.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ein kan takke nei

Ordninga vert ei eingongsutbetaling til alle som var fastbuande i kommunen 3. desember.

Om ein ikkje føler at ein treng hjelp, treng ein ikkje ta imot pengar – det er frivillig.

– Men alle kan, om dei har lyst, med godt samvit ta del i ordninga, seier Liland.

– So om ein er fem i familien og er folkeregistrert i Sirdal vankar det 15.000 kroner om alle seier ja?

– Det er korrekt, det er ordninga vi har vald å innføre

Gav 2300 til kvar husstand

Andre kommunar har allereie gjort liknande tiltak. 27. oktober vedtok kommunestyret i Valle, som første kommune i Noreg, å dele ut kraftoverskott til innbyggjarane sine.

Dei vedtok å gje 2300 kroner til kvar husstand som ynskja det.

Til no har kring 400 av 600 husstandar takka ja til dei ekstra pengane, bekreftar økonomisjef i kommunen, Siv Ragnhild Bjerga, til NRK.

Det var Senterparti-politikar Margit Dale som fremja forslaget.

Men ikkje alle var like nøgde med at vedtaket gjekk igjennom.

Ordførar Steinar Kyrvestad (Ap) reagerte sterkt på at kommunestyret med vedtaket løyva pengar til seg sjølv.

– Dette er prinsipielt. Ein løyver ikkje pengar til seg sjølv. Det handlar om integritet, sa han til NRK.

Skal raskt gjennom kommunestyret

At heile Arbeidarpartiet i kommunestyret i Sirdal går med på ordninga sikrar eit fleirtal. Andre politikarar, mellom anna varaordføraren frå Høyre, har varsla støtte til forslaget.

Administrasjonen i kommunen skal vere klar til å følgje opp eit vedtak som vil falle på kommunestyremøtet 16. desember.

Innbyggjarar i kommunen vil då få eit brev med beskjed om korleis dei skal gå fram for å takke ja eller nei til ordninga.

Om andre kommunar vil bli tilrådd til å følgje Sirdal sitt eksempel, let Liland vere opp til andre enn han sjølv.

– Ordføraren i Sirdal skal vere med å styre i Sirdal, so får andre ordførarar styre i andre kommunar, seier han og ler.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 07 0,63 kr
Dyrest kl. 22 1,5 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,4 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %