Hopp til innhold

Studentar søv i kulde og dusjar på treningssenter for å spare straum

Høge straumprisar bekymrar studentar og no tar fleire drastiske grep for å klare å betale rekninga.

Martine Stensrud

SNAKKIS: Student Martine Stensrud fortel at høge straumprisar har blitt ein snakkis i studentmiljøet.

Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK

Alle snakkar om at dei ikkje har på varme på soverommet. Dei søv i kulda og blir sjuke fordi de vil spare straum. Det er ikkje bra, seier Martine Stensrud.

Ho studerer ved Universitetet i Agder, kor høge straumprisar har blitt ein snakkis i det siste.

Fleire har begynt å ta grep for å hindre at rekninga blir for høg.

– Eg tenkjer meir gjennom kor mykje straum eg brukar heime, seier Kristin Salvesen.

Måndag blir rekorden slått på straumpris i Sør-Noreg nok ein gong. Då handlar det om å vere kreativ.

– Kan få ganske fatale følgjer

Fleire studentar NRK har snakka med, fortel at dei så å seie har slutta å dusje heime.

– Eg prøver å dusje på treningssenter, seier Kristin Salvesen.

Helge Eidsnes bruker same trikset.

– Eg dusjar for det meste på treningssenter. Det går, men det er ikkje optimalt, seier han.

NRK har vore i kontakt med fleire treningssenter, som seier dei ikkje har nokon utfordringar med at fleire dusjar hos dei.

Studenter

Kristin Salvesen og Helge Eidsnes fortel at dei dusjar på treningssenter no.

Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK

– Dei som ikkje har jobb slit

Velferdstinget i Agder er i kontakt med fleire studentar som er bekymra for kulda og høge straumprisar.

– Dei som ikkje har jobb ved sida av studiane slit jo. Får dei ei rekning på 1000 kroner i straum, må dei anten ringje heim eller la vere å betale rekninga. Det kan få ganske fatale følgjer, seier leiar Michelle Brynildsen.

Ho fortel at dei saman med tre andre velferdsting i Noreg har skrive eit lesarinnlegg om nettopp straumprisane.

Det er eit nasjonalt problem for studentane at de er kalde, seier ho.

Michelle Brynildsen

Michelle Brynildsen i Velferdstinget i Agder, meiner det er eit nasjonalt problem for studentar at dei er kalde.

Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK

– Mange er litt bekymra

Hos straumselskapet Los merkar dei pågangen frå folk som fryktar høge straumrekningar i vinter.

Det er nok mange som er litt bekymra for korleis dette skal gå, seier leiar for sal og kundeoppleving Rolf Bjarne Eriksen.

Han fortel at dei har hatt betydeleg fleire førespurnader enn dei pleier i haust, og at dei har ekstra folk i sving for å svare dei som tek kontakt.

Eriksen seier det viktigaste er å følge med på eige straumforbruk.

Det er varmtvatn og oppvarming som tar mest straum. Det er det viktigaste man kan gjere noko med som kunde.

Han påpeiker at det er mogleg å be om å få utsetje betalinga om det er vanskeleg å betale rekninga.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 07 0,63 kr
Dyrest kl. 22 1,5 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %