Hopp til innhold

NOV nedbemannar ytterlegare

Mellom 60 og 70 tilsette må gå når NOV APL i Arendal må redusere talet på stillingar.

NOV Arendal

Mellom 60 og 70 av dei 275 tilsette ved NOV sitt kontor i Arendal må gå etter nedbemanningar.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Same dag som det blei kjent at kommunalminister Jan Tore Sanner gir 20 millionar kroner til omstillingsarbeid til fylka som er ramma av oljenedturen, går NOV ut med endå fleire nedbemanningar.

Opptil 70 tilsette må gå når avdelinga i Arendal må kutte stillingar.

– Trur ikkje det var overraskande

Administrerande direktør Bjørn Reang fortel at han ikkje trur det kom overraskande på dei tilsette.

– Bakgrunnen for nedbemanninga som vi har varsla no er marknadssituasjonen i bransjen, og med reduserte investeringar og vesentleg mindre nysal for våre produkt og løysingar.

APL Norway AS er eit selskap i NOV konsernet som leverer system, løysingar og produkt til offshore produksjon. Selskapet har vore ein del av NOV-konsernet sidan 2010. APL sine verksemder har i dag 275 tilsette ved kontoret i Arendal og 375 tilsette til saman for alle selskapets lokasjonar.

Les også:

Fokusere på lokal utvikling

Reang fortel at dei framover vil fokusere på lokal utvikling.

– Vi vil framover fortsetje å fokusere på vår solide posisjon i dei marknadene vi opererer i. Vi vil ha fokus på teknologi og forretningsutvikling, og vi jobbar òg med å sjå korleis vi kan utvikle teknologi med større fokus lokalt.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %