Denne veka fekk den mekaniske bedrifta Marwin vite at dei førebels får fortsetje drifta. Bedrifta kunne føya seg inn i rekkja av nedbemanningar i oljesektoren den siste tida. Når statsbudsjettet leggjast fram i dag vil kommunalminister Jan Tore Sanner ha eit ess i ermet som kan hjelpe dei råka oljefylka: Ein vekstpakke på 20 millionar kroner ekstra.
- Les også:
Verdifull arbeidskraft
Pengane skal brukast på omstillingstiltak for leverandørindustrien, som opplever ein fallande marknad.
– Halveringa av oljeprisen slår hardt inn i vestlandsfylka. Mange menneske har mista jobben, og mange er urolege for at dei mister arbeidet. Dei sit på verdifull arbeidskraft og kompetanse som vi må ta vare på, seier Sanner til NTB.
- Les også:
Tiltak i fleire fylke
Initiativet til satsinga kjem frå Hordaland fylkeskommune, som vil få ansvaret for å leggje til rette for tiltak i Agder-fylka, Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal. Ordninga blir eit samarbeid mellom bedrifter, Innovasjon Noreg, tilsette og Nav.
– Det kan dreie seg om tiltak for å få bedriftene over på nye marknader som har vekst, etterutdanning eller kompetansebygging hos tilsette eller å auke kompetansen i næringa for å utvikle nye produkt, seier Sanner.
- Les også:
Summen kan bli større
Statsbudsjettet leggjast fram klokka ti i dag, onsdag. Sanner fortel at totalsummen kan bli større enn dei 20 millionane som regjeringa foreslår i budsjettet.
- Les også: