NRK Meny
Normal

Vil heller ha med Møre og Romsdal

Folk i Sogn og Fjordane vil heller slåast saman med Møre og Romsdal enn med Rogaland. Det viser ei undersøking som er laga for NRK.

Sven Flo

REGIONREFORMA: Stryneordførar Sven Flo (H) krev at også Møre og Romsdal vert ein del av forhandlingane om den nye vestlandsregionen.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ordførar i Stryn, Sven Flo, meiner at Møre og Romsdal må erstatte Rogaland i vestlandsregionen.

– Dette har vi meint heile tida. Eg har vore klar på det, og for ein månad sidan skreiv formannskapet i Stryn eit brev til fylkesmannen, der vi ber om at forhandlingane med Rogaland vert avslutta. Der ber vi og om at ein held fram forhandlingane med Hordaland, og at ein der også tek med Møre og Romsdal, seier Flo.

Laster innhold, vennligst vent..

Lite interesse i nordfylket

Problemet for Flo og andre som ynskjer Møre og Romsdal med i Vestlandsregionen framfor Rogaland, er at Møre og Romsdal til no har vore svært klare på at dei ikkje har planer om å slå seg saman med nokon.

– Det er både provoserande og frustrerande at dei (Møre og Romsdal) blir sitjande passive utan at nokon tar tak i det. No må regjering og Storting gi Møre og Romsdal klar marsjordre om å setje seg til forhandlingsbordet, seier Flo.

Nord om fylkesgrensa meiner fylkesordføraren at utspelet frå Flo er underleg.

Jon Aasen

VIL STÅ ÅLEINE: – Frykt for å verte utkant er noko mykje av grunnen til å at Nordfjord ynskjer å ha med Møre og Romsdal i ein vestlandsregion, meiner fylkesordførar Jon Aasen (Ap) i Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Eg forstår det slik at det politiske miljøet i Sogn og Fjordane er byrja å angre på heile nabosamtalen, og at dei har lyst til å trekke seg. Men det har eg ikkje noko med, seier fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen.

Det han har noko med er kva Møre og Romsdal skal gjere, og han meiner det er umogleg for dei som samla fylket å skulle slå seg saman med andre, anten det skulle vere sørover eller nordover.

– Alle veit at då blir fylket delt. Vi kan ikkje tvinge nordmøringar til å bli vestlendingar like lite som sunnmøringar vil kjenne seg heime i Midt Norge, seier Aasen.

Han syner til at dei alt ha hatt nabopraten med Sogn og Fjordane, der dei gjorde det klart at samanslåing var urealistisk frå Møre og Romsdal si side.

– Vi har elles fått klare signal frå Oslo om at vi er eit velfungerande fylke, med eigen politimeister og eigne organisasjonar, slik vi kan gå inn i regionreforma som eige fylke, seier Aasen.

Flest i Nordfjord

Av dei spurde i spørjeundersøkinga som NRK har fått gjennomført, er det flest frå Nordfjord som ynskjer at også Møre og Romsdal skal vere ein del av ein vestlandsregion.

– Historisk, så har det gjerne vore slik at Sogn og Sunnfjord er meir knytt sørover, medan Nordfjord er knytt nordover, seier Flo.

Han peikar elles på at dei i Nordfjord er i mot oppdeling av fylka.

– Vi har vore klare på, og også meldt tilbake til fylkesordføraren at det er uaktuelt å til dømes skilje ut Nordfjord og legge til Møre og Romsdal, seier Flo.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.