Statleg milliondryss til batteribåt i Oslofjorden

Enova gir 22,7 millionar kroner til bygginga av eit heilelektrisk fartøy som skal trafikkere på Oslofjorden. Båten vil spare 225.000 liter diesel i året og 700 tonn CO₂ årleg.

Future of the Fjords

SYSTERSKIP: Etter dåpen vart det klart at prisvinnande «Future of the Fjords» skal få eit systerskip.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Prisvinnande «Future of the Fjords» på Nærøyfjorden får systerskip. Det nye skipet får namnet «Legacy of the Fjords», og skal frå 1. juli gå i rute på Oslofjorden.

– Dette er ei satsing som vil overraske nokre i næringa, men vi ser dette som eit naturleg utviklingssteg i ein ambisiøs bransje, seier administrerande direktør i The Fjords, Rolf Sandvik.

Først i verda

Rolf Sandvik, Erna Solberg og Tor Øyvin Aa.

TRIO: Statsminister Erna Solberg hadde med seg 22,7 millionar kroner i støtte så Rolf Sandvik og The Fjords (t.v.) kan bestille nok ein elektris båt frå Tor Øyvind Aa og Brødrene Aa (t.h.) i Hyen.

Foto: Arne Veum

Laurdag vitja statsminister Erna Solberg (H) Gudvangen for å døype nemnde «Future of the Fjords». Med seg hadde ho også 22,7 millionar kroner i støtte frå Enova til både eit systerskip og ladestasjon.

Det er firmaet Brødren Aa i Hyen som bygger den nye båten. Dei har også bygd to andre grøne karbonbåtar som går i Noreg, og fleire som er seld til utlandet.

I 2016 bygde dei verdas første hybridskip i karbon, «Vision of the Fjords». Skipet vart kåra til «Årets skip» av Skipsrevyen og den internasjonal skipsfartsmessa i Hamburg.

Båten går no på Oslofjorden, men skal i april neste år tilbake til Nærøyfjorden. Nokre månader tek «Legacy of the Fjords» over trafikken på Oslofjorden.

– Turistbåten vil bidra til å bygge erfaring og kompetanse i norske bedrifter og teknologimiljø, og blir eit viktig steg i retning av å gjere utsleppsfrie fartøy konkurransedyktige, seier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova.

Standard for urbant miljø

Erna Solberg døyper Future of the Fjords

VART DØYPT: Erna Solberg døypte «Future of the Fjords» og ladestasjonen med kvar si flaske eplesaft frå Slinde i dag.

Foto: Arne Veum

Tidlegare i år vart «Future of the Fjords» den første heilelektriske turistbåten i landet. Båten fraktar no turistar mellom Flåm og Gudvangen i Sogn.

Med eit nytt stillegåande nullutsleppsskip, ynskjer The Fjords å setje standarden for eit urbant miljø i hovudstaden, slik dei allereie har gjort på Nærøyfjorden.

– Oslo er ein veldig annleis marknad enn Flåm, men vi meiner Oslo som destinasjon fortener den same operasjonelle og miljømessige kvaliteten - spesielt i lys av at dei er europeisk Miljøhovudstad 2019, seier Sandvik.

– Ei viktig utvikling

Future of the fjords

ILLUSTRASJON: Slik skal «Legacy of the Fjords» sjå ut når den byrjar å gå på Oslofjorden neste år.

Foto: The Fjords

Stortinget har sett som mål at all cruisetrafikk i norske fjordar skal vera utsleppsfri innan 2026. Sjølv om fleire ferjesamband og passasjerbåtar gått over til elektrisk kraft, kan målet vere vanskeleg å nå.

Nakstad meiner det difor er viktig å få opp delen av nullutsleppsfartøy i norske fjordar og langs kysten for å vise at teknologien er tilgjengeleg og fungerer.

– Elektrifisering av sjøfarten er ein av dei naudsynte endringane på vegen mot lavutsleppssamfunnet, difor er vi i Enova opptekne av at fleire må utvikle og ta i bruk batteriteknologi til sjøs, seier han.